Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Staten som bedriftseigar – problem eller berre syndebukk i handelskrigen?

Kva rolle speler statseigde føretak i den nye proteksjonismen?
21 november 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Engelsk

Statseigde føretak (SOE – State-Owned Enterprises) speler ei viktig rolle i mange land, inkludert Noreg, og har i det siste fått auka merksemd som følgje av den aukande handelskonflikten. Spesielt speler SOEer ei sentral rolle i Kina, og ifølgje kritikarane opererer SOEer i Kina under ikkje-marknadsmessige forhold, slik at det ikkje lenger er like vilkår i marknaden.

I viktige sektorar som stål og aluminium har SOEer bidratt til global overkapasitet, noko som har vore med på å forsterke handelsfriksjonane og auka talet på tiltak for handelsvern, som antidumpingstoll og den amerikanske stål- og aluminiumstollen. SOEer er derfor eit viktig tema i dagens internasjonale politiske diskursar.

I OECD tar analysar og politiske prosessar for seg spørsmål knytt til global overkapasitet i stål og aluminium. I WTO har reformforslag blitt presentert, t.d. av EU nyleg, der reglar for SOEer er også på bordet. Nokre frihandelsavtalar har også reglar for SOEer, og enkelte land – spesielt USA – pressar på for reglar som strammar inn handlingsrommet til SOEene.

På seminaret skal Przemyslaw Kowalski sjå nærare på rolla SOEer speler i verdsøkonomien, med spesielt fokus på internasjonale reglar og den siste utviklinga. Kowalski er president i styret til CASE -Centar for Social and Economic Research i Warazawa, som er ein av NUPIs samarbeidspartnarar.

Før CASE arbeidde Kowalski for OECD mellom 2002 og 2018. Han er ein erfaren ekspert på internasjonal økonomi med viktige bidrag på fleire forskings- og politikkområde inkludert internasjonal handel, utvikling og makroøkonomi. Dei seinaste åra har han publisert fleire artiklar om SOEer i forhold til internasjonal handel og investering.

Etter Kowalskis presentasjon vil Harald Andreassen snakke om korleis spørsmål om SOEer er knytt til reglane i WTO og om aktuelle prosessar som kan føre til nye disiplinar på området. Andreassen er seniorrådgivar i Utanriksdepartementets avdeling for handelspolitikk, der han jobbar med spørsmål om handelsbeskyttelseog han har vore sjefsforhandlar for Noreg i TiA (Trade in Services Agreement) frå 2012 til 2016.

Seniorforskar på NUPI Arne Melchior vil leie seminaret.

Arrangementet er ein del av seminarserien «Global trade policy at the crossroads», arrangert av NUPIs Senter for internasjonal økonomi og handel. Serien er finansiert med tilskot frå Utanriksdepartementet.

Les meir:State-owned einterprises: Trade effects and policy implications (OECD Trade Policy Paper no. 147).

Seminaret blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Talere

Przemyslaw Kowalski
CASE – Center for Social and Economic Research
Harald Andreassen
Utenriksdepartementet
21 november 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Engelsk