Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Frukostseminar: Angrepet på den frie pressa – og kvifor vi må slå tilbake

Journalisten Peter Greste blei i 2014 arrestert i Egypt og skulda for terrorisme. Det heile enda med 400 dagar i fengsel. Greste meiner dette er eit ekstremt døme på at pressefridommen er under eit større globalt angrep, og kjem til NUPI for å snakke om kvifor det er viktig at ein kjempar tilbake mot dette angrepet.
03 juni 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Menneskerettigheter
  • Engelsk

Vi serverer frukost frå 08.30!

President Obama sa ein gong at fridommen i verda utviklar seg i éi retning, mot større fridom. Men kvifor har då dei siste fem pressefridomsindeksane bevega seg i motsett retning?

I 2014 blei journalisten Peter Greste og to av kollegaene hans arrestert i Egypt og sikta for terrorisme. Saka vekte stor internasjonal interesse og skapte ein av dei største kampanjane i verda på sosiale medium. Greste sat 400 dagar i fengsel før han til slutt blei sleppt fri.

Greste meiner dette er eit ekstremt døme på eit større globalt angrep på media, og med mindre vi kjempar mot dette, risikerer vi at dette fører til uopprettelege skadar for pressefridommen. 4. juni besøkjer Greste NUPI der han skal snakke om det han omtaler som ”den globale krigen mot journalistikken” og kvifor han meiner vi må kjempe tilbake.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal.

Australias ambassadør til Danmark, Island og Noreg, MaryEllen Miller, vil innleie seminaret og ordstyrar er seniorforskar på NUPI, Julie Wilhelmsen.



Peter Greste er ein australsk journalist, professor, forfattar, pressefridomsaktivist og akademikar. Han var med på å grunnleggje The Alliance for Journalists Freedom, og er UNESCO Chair for journalistikk og kommunikasjon ved University of Queensland. Han er også ein fast bidragsytar til Australian Broadcasting Corporation , The Australian, The Sydney Morning Herald, The Conversation, og The Guardian.

Før dette jobba han som utanrikskorrespondent i 25 år, og dekte alt frå borgarkrigen i Jugoslavia og vala i Sør-Afrika som frilansjournalist, til korrespondent for BBC i Afghanistan. Seinare dekte han også Latin-Amerika, Midtausten og Afrika for BBC. I 2011 vann han ein Peabody Award for ein BBC-dokumentar om Somalia, før han starta å jobbe for Al Jazeera som korrespondent for Aust-Afrika.

Talere

Peter Greste
Journalist
MaryEllen Miller
Australias ambassadør
03 juni 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Menneskerettigheter
  • Engelsk