Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kva veg vel Europa?

23. til 26. mai er det val til Europaparlamentet, og EU-skeptiske parti ser ut til å få stor oppslutning. Kva kan utfallet av valet bety for unionen?
22 mai 2019
10:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • EU
  • Norsk

Det er knytt stor spenning til Europaparlamentsvalget 23. til 26. mai. Ifølgje dei siste meiningsmålingane vil dei konservative og sosialdemokratane framleis vere dei to største partigruppene i parlamentet. Samtidig er det sannsynleg at dei vil miste fleirtalet sitt for første gong. Euroskeptiske og anti-migrasjonsparti ser nemleg ut til å få størst framgang og dermed også auka innverknad i Europaparlamentet. Valet i år synest også å ha fått meir merksemd enn tidlegare val. Fleire seier dei vil stemme – både blant dei som er skeptiske og dei som er positive til EU. Mange meiner at ein ved dette valet stemmer over EUs framtid eller EUs sjel.

Valet i år synest også å ha fått meir merksemd enn tidlegare val. Fleire seier dei vil stemme – både av dei som er skeptiske og dei som er positive til EU. Mange meiner at ein ved dette valet stemmer over EUs framtid eller EUs sjel. Store felles utfordringar som migrasjon, klima, Brexit og tryggingspolitikk er blant sakene som tilsynelatande sørgjer for auka mobilisering både blant tilhengjarane av og dei som er skeptiske til EU.

Valet kan få ulike konsekvensar. På dette seminaret møtest Pernille Rieker (NUPI), Guri Rosén (Oslomet) og Bjørn Høyland (UIO/ISTV) for å diskutere kva kan utfallet av valet kan bety for unionen og EUs framtid – ei framtid som er heilt avgjerande også for Noreg sjølv om vi følgjer dette valet frå sidelinja.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Guri Rosén
Førsteamanuensis, Fakultet for samfunnsvitenskap, Handelshøyskolen, OsloMet
Bjørn Høyland
Professor, Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo
22 mai 2019
10:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • EU
  • Norsk