Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Konstruert anarki: styring, konflikt og usikre eigedomsrettar i Bukavu, DR Kongo

Korleis kontrollerer kongolesiske styresmakter eigedomsretten i landet? Og kva er samanhengen mellom konflikt, eigedomsrett og landskontroll i enkelte område i DR Kongo?
11 juni 2019
13:15 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Økonomisk vekst
  • Afrika
  • Menneskerettigheter
  • Styring
  • Engelsk

I ein  nyleg publisert Congo Research Brief analyserer Kasper Hoffmann, Mariéve Pouliot og Godefroid Muzalia samanhengen mellom konflikt, eigedomsrett og landskontroll i Panzi-området i Bukavu, hovudkvarteret i Sør-Kivu i DR Kongo. Forfattarane skriv at eigedomsretten er notorisk usikker i Aust-Kongo. Fleire faktorar bidrar til denne situasjonen. Dei omfattar uvisse i kongolesisk landslovgiving, aukande demografisk press, utbreidd landsspekulasjon, mangel på samanhengande byplanlegging og konkurranse mellom dei ulike landsstyringsstyresmaktene i landet i regionen. Dette har ført til at kongolesiske borgarar refererer til den urbane styringa over land som "anarkistisk urbanisering", "eigedomsanarki" eller "anarkistiske konstruksjonar".

Men det som for tida går føre seg i Bukavu, i andre byar i DR Kongo, og andre stader i Afrika, er ikkje eit resultat av ein spontan og kaotisk urbaniseringsprosess. Snarare er det ein vanleg praksis, der loven paradoksalt sett brukast på ein måte som sikrar at dei fleste personars tomter og bygningar ikkje overheld loven. Følgjeleg er eigedomsretten til dei fleste Panzi-bebuarane mellombels og flyktig.

Likevel er fråværet av folks rett til land i dette tilfellet ikkje ei stor samansverjing av Bukavu's landsstyresmakter. Snarare er praksisen halde oppe av eit mylder av mektige krefter, og han er vedtatt av ei rekkje landsstyresmakter som konkurrerer og samarbeider med kvarandre i uføreseielege mønster.

På dette seminaret som blir leidd av Morten Bøås (NUPI), presenterer Kasper Hoffmann studien bak denne undersøkinga, dens hovudfunn og konsekvensane av funna for studiet av landsstyring i urbane omgivnader i Afrika. Aloys Tegera frå Pole Institute i Goma, DR Congo vil kommentere Hoffmans presentasjon.

Talere

Kasper Hoffmann
Postdoktor, Københavns Universitet
Aloys Tegera
11 juni 2019
13:15 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Økonomisk vekst
  • Afrika
  • Menneskerettigheter
  • Styring
  • Engelsk