Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Reformer i Usbekistan og ny dynamikk i Sentral-Asia

Kva er den potensielle effekten av president Mirziyoyevs reformer for dynamikken i Sentral-Asia og vidare utover i regionen?
19 juni 2019
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Engelsk

På grunn av uventa hendingar har det blitt ei endring i programmet for dette arrangementet. Viseminister for investering og utanlands handel Badriddin Abidov vil erstatte Sodiq Safoyev. Abidov er også den representanten til usbekiske regjeringa i UN Human Security Trust Fund for the Aral Sea.

Då Shavkat Mirziyoyev blei valt til president i Usbekistan i desember 2016, lanserte han omfattande reformer som blant anna skulle leggje til rette for auka økonomisk samarbeid og utanlandske investeringar. Mirziyoyevs forgjengar, Islam Karimov, sat ved makta frå 1991 til 2016, og under styret hans var Usbekistan lukka og innadrettet. Mirziyoyevs nye politikk har skapt ein ny dynamikk i regionen. Usbekistan er det mest industrialiserte og folkerike landet i regionen, og reformene opnar opp for utvida samarbeid i Sentral-Asia.

På dette seminaret skal første viseformann i senatet i det Usbekiske parlamentet, Sodiq Safoyev, dele sitt syn på reformene til presidenten og påverknaden deira på dynamikken i regionen. Safoyev var tidlegare Usbekistans utanriksminister frå 2003 til 2005.

Seminaret blir leidd av seniorforskar på NUPI, Roman Vakulchuk.

Taler

Sodiq Safoyev
First Deputy Chair of the Senate in Uzbekistan
19 juni 2019
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Engelsk