Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Multilateralisme i eit nytt lys: Mot eit FN og eit multilateralt system som er meir demokratisk, regelbasert og inkluderande

NUPI og UN75 inviterer til webinar med deltakarar frå ulike delar av samfunnet. Saman skal dei diskutere korleis ein felles innsats kan hjelpe oss med å nå berekraftsmåla.
22 september 2020
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Fredsoperasjoner
  • Humanitære spørsmål
  • Sårbare stater
  • Migrasjon
  • Pandemier
  • Klima
  • Internasjonale organisasjoner
  • FN
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

SJÅ OPPTAKET AV ARRANGEMENTET HER!

Mens verda kjempar mot Covid-19-pandemien, ser ein ein aukande trend med meir uvisse og bekymring. Internasjonalt samarbeid er under sterkt press på grunn av auka geopolitiske spenningar og rivalisering. Den regelbaserte ordenen som den FN-pakta blei skapt under, blir no utfordra. FN som vi kjenner det, og det breiare multilaterale systemet, må no finne praktiske løysingar for bekymringane som finst i befolkninga.

For å løyse dei globale utfordringane i vår tid – frå Covid-19 til klimaendringar, valdelege konfliktar og ukontrollerte teknologiske framsteg – treng vi eit meir inkluderande internasjonalt samarbeid framfor eit tilbakefall til trongsynt nasjonalisme.

Berekraftsmåla er det felles kartet vårt til framtida vi ønskjer oss. For å kunne gjennomføre dei 17 berekraftsmåla treng vi sterke partnarskap og djupare innvolvering frå sivilsamfunnet, privat sektor, handelsunionar, lokale styresmakter og andre relevante partar.

Under dette arrangementet skal menneske frå ulike delar av samfunnet møtast, både frå privat sektor, akademia, FN, ungdom og sivilsamfunnet. Saman skal dei utforske idear og tankar rundt korleis desse gruppene kan delta i, og vere med på å forme om, det multilaterale systemet for å kunne levere betre på berekraftsmåla.

Arrangementet er ein del av World Economic Forum Sustainable Development Impact Summit. Dette webinaret blir arrangert av NUPI og UN75 og varer frå 14 til 15 CET (8-9 EST).

Ordstyrar:

Cedric de Coning, forskar 1, NUPI

Deltakarar:

Fabrizio Hochschild, spesialrådgivar til FNs generalsekretær for UN75

Lysa John, generalsekretær, CIVICUS

Alexandra van der Ploeg, Head of Corporate Social Responsibility, SAP

UNHCR (tbc)

Adriana Abdenuer, medgrunnleggjar og direktør, Plataforma CIPÓ

22 september 2020
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Fredsoperasjoner
  • Humanitære spørsmål
  • Sårbare stater
  • Migrasjon
  • Pandemier
  • Klima
  • Internasjonale organisasjoner
  • FN
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt