Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

WEBINAR: Ytre høgre som globalt fenomen: Lærdommar frå India

Kvar transnasjonalt er ytre høgre-fenomenet?
28 april 2020
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Asia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

I Vesten ser vi ei gryande forståing av at ytre høgre har blitt eit internasjonalt fenomen. Terrorangrep på fleire ulike kontinent ser ut til å vere utført av likesinna gjerningsmenn, og stadig meir og synlegare internasjonalt samarbeid mellom parti og leiarar stadfestar utviklinga. Det som er mindre kjent, er i kor stor grad dette også gjeld land utanfor Vesten.

På dette webinaret tar Eviane Leidig for seg fleire interessante aspekt ved ytre høgres framvekst som globalt fenomen. Ho presenterer funn frå si nyleg tatte doktorgradsavhandling, som blant anna tar for seg korleis ytre høgre i India har vakse fram ved hjelp av transnasjonale koplingar til aktørar på ytre høgre i Vesten. Leidigs forsking viser at diskursar og narrativ frå sosiale medium har vore sentralt i å knyte ytre høgre-rørsla saman på tvers av landegrenser og skiljelinjer gjennom ein felles anti-muslimsk dagsorden.

Kunnskapen frå studiet av Indias ytre høgre understrekar kor viktig det er å forstå korleis slike rørsler opererer, og ikkje minst korleis dei lykkast i land utanfor Vesten.

Eviane Leidig er postdoktor ved Menighetsfakultetets INTERSECT-prosjekt (Intersecting Flows of Islamophobia), finansiert av Forksningsrådet og i samarbeid med Senter for ekstremismeforsking (C-REX) ved Universitetet i Oslo. Ho forsvarte nyleg doktorgradsavhandlinga si, som kartla dei transnasjonale koplingane mellom ytre høgre i India og Vesten ved å sjå på rolla til Indiske diaspora-nettverk. Leidig er leiar for publisering ved the Centre for Analysis of the Radical Right (CARR), og er i tillegg tilknytta the Global Network on Extremism & Technology (GNET) ved International Centre for the Study of Radicalisation (meir info finn du på evianeleidig.com).

Dette seminaret blir halde online. Her finn du ein kort video til korleis du bruker plattforma Microsoft Teams.

Seminaret blir leidd av NUPI's Ole Martin Stormoen, og blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.

Deltaker

Eviane Leidig
Postdoktor, MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
28 april 2020
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Asia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital