Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

WEBINAR: Zelenskyjs første år: mirakel eller katastrofe?

Vi ser nærare på kva status er etter at Volodymyr Zelenskyj har vore president i Ukraina i eitt år.
16 juni 2020
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Norsk
  • Seminar
  • Digital

I fjor blei Volodymyr Zelenskyj, inntil då best kjent av for å ha spelt rolla som president i den populære humorserien "Folkets tener", valt til president i Ukraina. Kort tid etter vann dei nystarta partia hans, også det prega av politiske nykommarar, reint fleirtal i parlamentsvalet. Nokon såg valet som ein ny start for Ukraina. Andre frykta at manglande politisk erfaring kunne få katastrofale følgjer, til dømes for forhandlingane med Russland om ei løysing av konflikten i Donbas.

Gjekk du glipp av dette webinaret? Sjå det på YouTube:


Det første året har vore prega av utfordringar: vanskelege samtalar med Donald Trump, ein framleis konflikt med Russland, nedskytinga av eit ukrainsk passasjerfly i Iran, og på toppen av dette kom koronarkisen. Men kva har Zelenskyj oppnådd? Og kva kan vi forvente utvikling kommande året?

NUPI og Det norsk-ukrainske handelskammeret (NUCC) inviterer til ein webinar-samtale med tre Ukriana-kjennarar: ambassadør Ole Terje Horpestad, Anatolii Kyryliuk frå NUCC og Ane Tusvik Bonde frå Human Rights House Foundation. Samtalen blir leidd av NUPIs Helge Blakkisrud.

Vi kjem til å nytte plattforma Zoom for dette webinaret. Hugs derfor å registrere deg i toppen av sidan for å få tilsendt lenkje.

Deltakere

Ole Terje Horpestad
Ambassadør
Ane Tusvik Bonde
Seniorrådgiver, Human Rights House Foundation
Anatolii Kyryliuk
Project Manager on Energy, NUCC
16 juni 2020
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Norsk
  • Seminar
  • Digital