Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Er USA i ferd med å snu ryggen til Europa?

Det nære forholdet mellom USA og Europa møtte alvorlege utfordringar under Trumpadministrasjonen. Vi ser nærare på kva konsekvensane av dette kan bety for det transatlantiske forholdet.
11 november 2021
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambrosplass 2 D / Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Nord-Amerika
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

I seinare tids hendingar, som den dårleg førebudde evakueringa av Afghanistan og dei hemmelege forhandlingane over australske ubåtar på bekostning av Frankrike, har vist eit USA som, i alle fall innimellom, framleis set «America first».

Dette står i kontrast til entusiasmen som var til stades i dei fleste europeiske hovudstadene etter at Joe Biden slo Trump i presidentvalet i fjor. Den gongen tenkte ein at ein kunne komme tilbake til ein slags «normal». Det blei til og med argumentert for at dette var eit høve til å styrkje dei transatlantiske banda.

Har desse draumane vist seg å vere ein illusjon?

Går USAs fokus på Asia på bekostning av Europa?

Til å diskutere desse spørsmåla har vi invitert ekspertar som er blant dei beste på internasjonal tryggleik: Rachel Ellehuus frå CSIS, François Heisbourg frå IISS og Rolf Tamnes frå NUPI.

Ordstyrar er seniorforskar på NUPI Karsten Friis.

Hovedtalere

François Heisbourg
Seniorrådgiver, IISS
Rachel Ellehuus
Visedirektør, CSIS
11 november 2021
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambrosplass 2 D / Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Nord-Amerika
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt