Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Noreg og den internasjonale fordelinga av vaksinar

Vaksine er eit internasjonalt spørsmål og eit felles problem – det hjelper berre eit stykke på veg at vi sjølv blir friske. Bli med på seminar for å lære meir om det internasjonale spelet om vaksinar.
04 mai 2021
10:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Humanitære spørsmål
  • Sårbare stater
  • Pandemier
  • Styring
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Sjå heile seminaret her:

I alle land rasar debatten om vaksinar mot Covid-19: kven har fått, kven skal få og har strategien vore god nok? Men debatten er oftast nasjonal, og tar ikkje nok omsyn til at pandemien er global: Vaksine er eit internasjonalt spørsmål og eit felles problem – det hjelper berre eit stykke på veg at vi sjølv blir friske.  På seminaret vil vi klargjere det internasjonale spelet om vaksinar frå ulike synsvinklar:

Seniorrådgivar i Helse- og omsorgsdepartementet Eirik Rødseth Bakka vil innleie om EUs rolle i utvikling, produksjon og fordeling av vaksinar mot Covid-19 og Noregs samarbeid med EU på dette området. Som kjent får Noreg tilgang til vaksinar via EU, med ei kreativ praktisk løysing der Sverige vidaresel til Noreg. På seminaret vil Bakka innleie om erfaringar og problemstillingar i det europeiske samarbeidet om vaksinar mot Covid-19.

Tekniske utfordringar fører til at ikkje alle vil få ein stadfestingse-post etter påmelding. Du er likevel registrert i systema våre, og kan delta på arrangementet.

Seniorforskar på NUPI Arne Melchior vil, i forlenginga av studien sin for koronakommisjonen nyleg, innleie om handelspolitiske og økonomiske aspekt ved den globale fordelinga av vaksinar mot Covid-19.  Eit viktig spørsmål er bruken av eksportrestriksjonar: Vil produsentlanda halde vaksinane for seg sjølv eller eksportere til andre land som treng det? I Verdshandelsorganisasjonen (WTO) rasar også debatten om patentvern – bør denne blir oppheva slik at alle land kan starte produksjon?

Vil du få invitasjonar til seminar, analysar og ny forsking rett i e-postboksen? Meld deg på NUPIs nyheitsbrev her!

Etter innleiingane vil det vere ein dialog der John-Arne Røttingen (ambassadør for global helse i Utanriksdepartementet, tidlegare direktør i Noregs forskingsråd) også deltar. I dialogen vil Røttingen gjere greie for Noregs arbeid med global fordeling av vaksine. Noreg har gitt store bidrag til den globale vaksinealliansen GAVI og COVAX, og fordelinga av vaksinar til fattige land starta i februar 2021. Men det er langt igjen til planane er oppfylte, og Røttingen vil klargjere utfordringane og erfaringane. I tillegg vil det i dialogen også blir opna for spørsmål frå seminarpublikum.

Program:

Varigheit frå 10:00 - ca. 11.15

Opning, Ulf Sverdrup

Innleiing Eirik Rødseth Bakka, HOD

Innleiing Arne Melchior, NUPI

Dialog med John-Arne Røttingen, Ambassadør for global helse i Utanriksdepartementet

Q&A

Hovedtalere

Arne Melchior
Seniorforsker
Eirik Rødseth Bakka
Seniorrådgiver, Helse- og omsorgsdepartementet
John-Arne Røttingen
Ambassadør for global helse i Utenriksdepartementet

Ordstyrer

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør

Relaterte publikasjoner

Publikasjoner
Publikasjoner
Rapport

Handelen med medisinske varer og Covid-19

Koronaepidemien har synliggjort sårbarhet for medisiner og medisinsk utstyr. Skaper globalisering større eller mindre sårbarhet? - Flertallet av verdens land importerer sin medisin, og bare 18 land er netto eksportører. - Eksporten er dominert av Vest-Europa, med Kina og India et stykke ned på listen. - Globalisering har ført til spredning av risiko for medisinske varer med flere leverandørland og mindre konsentrasjon av eksporten. En hovedgrunn er økt eksport fra små land i Europa. - På mer detaljert varenivå er bildet mer blandet, med økt konsentrasjon i en del tilfeller. - Eksportrestriksjoner bidrar til markedskollaps og økte priser, som særlig rammer fattige land som importerer alt de trenger. - For Norge er europeisk samarbeid viktig for medisinsk beredskap.

  • Internasjonal økonomi
  • Globalisering
  • Regional integrasjon
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Humanitære spørsmål
  • Pandemier
  • Internasjonal økonomi
  • Globalisering
  • Regional integrasjon
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Humanitære spørsmål
  • Pandemier
Publikasjoner
Publikasjoner
Rapport

Global handel og medisinsk beredskap i lys av Covid-19

Studien analyserer verdenshandelen og verdikjedene for medisinske varer før og under Covid-19, og diskuterer på grunnlag av dette lærdommer for medisinsk beredskap i Norge. Siden Norge importerer mye av det vi trenger, er beredskap et internasjonalt spørsmål, mens det stort sett har blitt behandlet som et nasjonalt anliggende. Rapport til Korona-kommisjonen 2.2.2021.

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Pandemier
  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Pandemier
04 mai 2021
10:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Humanitære spørsmål
  • Sårbare stater
  • Pandemier
  • Styring
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt