Hopp til innhold
NUPI skole
100522-europa-russisk-energi.png

Arrangement

Lunsjseminar: Kan Europa kutte avhengnaden av russisk energi?

På dette seminaret ser vi nærare på utfordringane, moglegheitene og konsekvensane ein boikott av russisk energiforsyning har for Europa. I panelet finn du blant anna sjefsøkonom i Equinor, Eirik Wærness.
10 mai 2022
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI/Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Energi
  • EU
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Det russiske angrepet på Ukraina har igjen vist at energi- og tryggingspolitikk heng tett saman. Avhengnaden av russisk olje og gass er no eit tryggingspolitisk problem og pressa for å frikoble europeiske land frå russisk energiforsyning aukar.

EU-kommisjonen la allereie i mars fram ein plan for å redusere etterspurnaden etter russisk gass med 2/3 innan utgangen av året. Frå eit energipolitiskperspektiv er dette svært ambisiøst, samtidig som det tryggingspolitisk er utilstrekkeleg.

Dagleg betaler Europa rundt 1 milliard dollar for russisk olje og gass, inntekter som bidrar til å finansiere Russlands krigføring i Ukraina. Fleire sanksjonspakkar er no sett i verk for å ramme russisk økonomi, men det eine grepet som verkeleg vil svi sviktar.

Kvifor er ein boikott av russisk energiforsyning så vanskeleg å få på plass? Er det ønskjeleg? Bør det gjerast i form av ein boikott eller i form av ein justerbar skatt på russisk gass? Korleis skal byrda fordelast mellom europeiske land? På dette seminaret ser vi nærare på dei utfordringane, moglegheitene og konsekvensane ein boikott av russisk energiforsyning har for Europa.

Program

Kor raskt kan Europa frigjere seg frå Russisk gass?

Innlegg av Eirik Wærness, sjefsøkonom i Equinor

Eirik Wærness vil gi ein analyse av moglegheitene og avgrensingane for ein europeisk boikott frå eit energimarknadsperspektiv. Han skal snakke om korleis marknadsaktørar no jobbar for å frigjere seg frå eksisterande forpliktingar og finne erstatningar for russisk gass, kva avgrensingar som finst i den eksisterande infrastrukturen, og korleis energimarknaden blir påverka av ei dreiing bort frå russisk olje og gass.

Er ein boikott av russisk energiforsyning mogleg og ønskjeleg?

Panelsamtale med Eirik Wærness, Jakub M. Godzimirski, Marie Byskov Lindberg og Kjetil Wiedswang. Diskusjonen blir moderert av NUPI-direktør Ulf Sverdrup.

Ein boikott av russisk energiforsyning vil både ha økonomiske og politiske konsekvensar i Europa og Russland. Korleis ser moglegheitsrommet for ein boikott ut når vi analyserer energimarknaden i samspel med det realøkonomiske og politiske? Enkelte land i Europa er meir avhengig av russisk energiforsyning enn andre, korleis påverkar dette EUs handlekraft? Kva slags konsekvensar vil ein boikott ha i Russland?

Seminaret finn stad på NUPI, og vi serverer lett lunsj frå klokka 11.30. Sjølve seminaret varer frå 12.00 til 13.30. Om du ikkje har høve til å delta i lokala våre, kan du også følgje heile arrangementet direkte på YouTube-kanalen vår. Du treng ikkje å registrere deg om du følgjer oss digitalt.

Panel

Eirik Wærness
Sjefsøkonom, Equinor
Kjetil Wiedswang
Kommentator, Dagens Næringsliv
Marie Byskov Lindberg
Multiconsult, tidligere seniorforsker
Jakub M. Godzimirski
Forsker I

Møteleder

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
10 mai 2022
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI/Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Energi
  • EU
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt