Hopp til innhold
NUPI skole

Eit evig statusjag

Å henge med riktig gjeng er like viktig for staten Noreg som det var for deg på ungdomskulen.
Bildet viser President Donald Trump og statsminister Erna Solberg

HAR STATUS: Status gir tilgang, som då Erna Solberg fekk kome til Det kvite hus.

Foto: The White House

HAR STATUS: Status gir tilgang, som då Erna Solberg fekk kome til Det kvite hus.

Foto: The White House

Nokosinne opplevt ein fjortis som helst vil sitje ved barnebordet i juleselskap?

- Ikkje at han har noko å yte på vaksenbordet. Men av og til er det betre å vere ein liten fisk i ein stor dam, enn omvendt, seier seniorforskar Halvard Leira.

Litt sånn er det med små og mellomstore statar som Noreg også, ifølge NUPI-forskarane Leira og Benjamin de Carvalho, som står bak ein ny artikkel i Review of International Studies.

- Status er veldig viktig. Men litteraturen om det har stort sett handla om stormakter, og tradisjonelt vore retta mot materielle ting og krig. Vi legg vekt på at status er viktig for alle statar, og er tydelegare på at status er eit sosialt gode som kan studerast på ei heil rekkje andre måtar. Det kan også knytast til moralsk autoritet, forklarer de Carvalho.

Noreg handlar riktig

I artikkelen Moral authority and status in International Relations, som spring ut frå det Norges Forskningsråd-finansierte prosjektet Undemining Hegemony viser forskarane saman med Iver B. Neumann og William C. Wolforth korleis statar er sosiale, og ikkje berre einingar som støyter borti kvarandre på mekanisk vis. Dei undersøkjer korleis nett denne sosiale dimensjonen påverkar kva statar prøver å oppnå.

- Posisjon i det internasjonale samfunnet er mykje meir knytt til status enn makt. Eit land som Noreg kan ha mykje å vinne på å utnytte dette, fordi Noreg handlar på riktig måte, seier Halvard Leira.

Ønskjer seg moralsk autoritet

Eksempla er mange. Vi gir 1 prosent av eit svimlande høgt brutto nasjonalprodukt til bistand, FN sin resolusjon om kvinner, fred og tryggleik - også kjend som 1325 - har utspringet her sitt heime, og Noreg er kjend som ein fredsmeklarnasjon.

- Alt dette har gitt Noreg ei plattform som gjer at dei kan uttale seg med autoritet. Noreg har vore ganske flinke til å brande seg, påpeikar Leira, og legg til:

- Det betyr at ein har vore flinke til å framheve den gode og tonen ned det dårlege - for eksempel våpensalet.

- Vil verke moralsk

Statar passar nemleg ikkje inn i ein bestemt kategori på god-dårleg-skalaen.

- Noreg er veldig flinke til å bruke masse pengar på å bli omtykt som moralsk og truverdig. Og det er ikkje skrekkeleg dyrt for landet, dette her. Noreg har ønskt å verke moralsk på ein måte som ikkje andre har, seier de Carvalho.

Ved å sjå på status slik forskarane gjer i artikkelen sin, kan vi få eit mykje rikare bilete av kvifor Noreg gjer som vi gjer, forklarer dei.

Status som døropnar

Så kan ein spørje seg: Kvifor har status vore så viktig for det vesle landet vårt?

- Blant småstatane er Noreg størst fordi vi har veldig masse pengar. Blir Noreg akseptert som ein mellomstor stat, får vi autoritet over dei små. Status er eit gode i seg sjølv, seier Leira.

Men det er dermed ikkje utan verdi at status kan omsetjast til andre ting, påpeikar de Carvalho:

- Børge Brende fekk oss for eksempel med i Syria-fredsforhandlingane i Genève. Vi hadde ingenting å seie, men Brende fekk vere med, og det var viktig. Det viser at ein har ein viss suksess. Status gir tilgang, som då Erna fekk kome til Det kvite hus. Snakkar du om fred på Sri Lanka, kan du kanskje smette inn nokre setningar om laks. Status er til ein viss grad konvertibelt til ting du vil oppnå.

Temaer

  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Styring
  • Historisk IR