Hopp til innhold
NUPI skole

Krisene som truar EU no

Koronakrise, legitimitetskrise og klimakrise. Det er berre nokre av hindera EU må forsere. Kor bra går det, og kvar er EU i 2025? EU si krisehandtering er tema for ei ny bok signert blant andre NUPI- og HINN-forskar Marianne Riddervold. 
Bildet viser EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen

UTFORDRINGAR: EU-kommisjonens president Ursula van der Leyen har hatt sitt å stri med det siste året. Her frå pressekonferanse i mars 2020 om koronaviruset.

Foto: NTB Scanpix

UTFORDRINGAR: EU-kommisjonens president Ursula van der Leyen har hatt sitt å stri med det siste året. Her frå pressekonferanse i mars 2020 om koronaviruset.

Foto: NTB Scanpix

- Den største krisa EU står overfor no er nok korona-krisen, i tillegg til meir langsiktige utfordringar knytt til legitimitet. Korona-krisa er ei av dei største krisene verda har stått over sidan andre verdskrig, og ei av dei vanskelegaste EU har forsøk å handtere så langt, seier Marianne Riddervold, forskar 1 ved NUPI og Høgskolen i Innlandet (HINN).

Saman med professor Jarle Trondal (Universitetet i Agder) og Dr. Akasemi Newsome (Universitetet i Berkeley) har ho vore redaktør for boka The Palgrave Handbook EU Crises (Palgrave Macmillan), som kom ut tidlegare i år.

Boka studerer EU sin respons på tvers av alle dei største krisene unionen har stått overfor dei siste åra, og analyserer tre scenario for EU i 2025, frå kollaps til tettare integrasjon.

  • Vil du få invitasjonar til NUPI-arrangement, analysar og ny forskning rett i mailboksen? Meld deg på NUPI nyhetsbrev her!

Koronakrisa er vanskeleg av mange grunnar, forklarer Riddervold:

- Ikkje berre fordi den har så mange direkte og indirekte konsekvensar for europeiske land og borgarar - for eksempel helsemessig og økonomisk - men også fordi den utfordrar evna til å vere solidariske med kvarandre og til å oppretthalde kjernen i EU-samarbeidet, ein felles marknad med felles yttergrenser. Når land stengjer grensene, blir idéen om fri rørsle og fri handel utfordra. I starten var ikkje EU sin respons akkurat imponerande heller, med land etter land som stengde ned grensene sine.

Demokrati- og legitimitetskrise

EU må også handtere ei rekkje andre kriser. Riddarvold trekkjer fram klimakrisa, migrasjonskrisa, legitimitetskrisa og demokratikrisa.

- Mens boka vår viser at EU løyser praktiske, felles utfordringar gjennom tettare og meir bindande samarbeid på ulike felt, går det som ofte blir omtalt som legitimitetskrisa til kjernen av EU sine verdiar, i tydinga av demokrati og menneskerettar. Også migrasjonskrisa har utfordra EU si evne til å leve opp til dei verdiane unionen er tufta på.

  • Høyr Marianne Riddervold i NUPI-produksjonen Et nytt Europa - blir Norge stående utenfor? for P2: 

Demokratikrisa er særleg knytt til medlemsland som Ungarn og Polen.

- Demokratiutfordringane har også ei meir praktisk side. EU er jo, sjølv om det er det mest bindande og omfattande samarbeidet i verda, eit frivillig, tillitsbasert samarbeid. Og dersom det er opp til landa sjølv å velje kva lover dei ønskjer å følgje - som i Ungarn og Polen på ein del område - risikerer ein å undergrave heile prosjektet.

Heldt mest igjen på forsvar, helse og migrasjon

Så kva kriser har EU handtert best - og dårlegast?

- Det kjem litt an på kva ein meiner med best og dårlegast, og alt i alt har EU kome sterkare ut av kriser så langt. EU har sidan starten handtert kriser ved å samarbeide tettare på stadig fleire felt, og er naturleg nok betre på å handtere utfordringar der ein allereie har midlar å bruke, forklarer Riddervold.

Samtidig har medlemslanda heldt igjen på dei områda som er sterkast knytt til suvereniteten deira, nemlege forsvaret deira, helse og migrasjon.

- Dermed er det på desse områda EU har færrast midlar og verktøy. For eksempel har EU slite med å få på plass ein felles migrasjonspolitikk, og hadde ikkje mange verktøy å spele på då pandemien trefte våren 2020. Om løysinga på desse utfordringane er meir eller mindre integrasjon er eit politisk spørsmål.

2025: Kollaps, små endringar eller meir integrasjon?

I boka har forskarane sett på tre scenario for EU i 2025, basert på dei vanlegaste teoriane om europeisk integrasjon.

- Dei tre scenarioa er at EU kollapsar, at EU gradvis jobbar seg gjennom utfordringane ein står overfor ved å bruke instrument og institusjonar ein allereie har, og gjennom små endringar, og til slutt at ein tek store skritt framover mot meir integrasjon. Dei ulike scenarioa kan finne stad på eitt eller fleire område. Vi finn mest støtte for dei to fyrste i boka, med unnatak av legitimitetskrisa, seier Riddervold, og utdjupar:

- Det at EU har medlemer som ikkje lenger kan reknast som fullverdige demokrati, kan ikkje kallast anna enn kollaps. Men også her skjer det gradvise endringar, så biletet kan sjå annleis ut om nokre år. Basert på all den forskinga som er gjord i boka, er EU truleg enda meir samanvoven i 2025, gitt at ein klarer å ta opp i seg befolkninga sine ønske og forventingar. Spørjeundersøkingar tyder også på at vi går den vegen.

Det nye med boka er omfanget og den komparative analysen i den, forklarer Riddervold.

- Her studerer vi alle dei største krisene EU har stått overfor dei siste 15 åra, vi systematiserer rolla til dei ulike institusjonen, og relevansen til dei ulike teoriane våre. Så vi kan seie mykje meir no om EU si evne til å handtere kriser og korleis dei gjer det, enn vi kunne tidlegare.

Også viktig for Noreg

Noreg er ikkje med i EU, men likevel har krisehandteringa i EU stor tyding for oss.

- Noreg er veldig tett integrert i EU ikkje minst gjennom EØS som gir oss tilgang til det indre marknaden mot at vi implementerer EU-regelverket på dette feltet. Vi er del av Schengen, så migrasjonskrisa er krisa også vår, sjølv om vi er langt borte frå dei store straumane, og vi lukka grensene då det stod på som verst i 2015 og 2016. Korona-krisa påverkar oss også, og vi samarbeider med EU om vaksinar og anna. Finanskriser er også veldig viktige for Noreg med den opne økonomien vår, men sidan vi har ein annan økonomi enn mange andre land blei vi ikkje like hardt ramma for eksempel i 2007 og 2008, og tida vil vise om vi kjem ut betre også denne gongen, seier forskaren.

Også utanriks- og tryggingspolitikk er viktig for Noreg, som er medlem i NATO men ikkje i EU, men samtidig knyter seg til det meste av det EU gjer i utanrikspolitikken.

Les også: 

- Ukraina-krisa, med Russlands invasjon av Krim-halvøya og dermed brot på kjerneprinsipp i internasjonal rett blir nok ikkje så ulikt opplevt i Noreg og resten av Europa. Det same kan seiast om uvissa knytt til Trump og dei meir langsiktige konsekvensane av ei dreiing i amerikansk opinion og utanrikspolitikk. Og sjølv om vi ikkje står direkte i konfliktane mellom Ungarn og Polen på den eine sida og det meste av EU på den andre om dei 'illiberale demokratia' deira, var Noreg veldig tidleg ute med å trekkje EØS-støtte til Ungarn. Så sjølv om vi ikkje er med i EU, er det vanskeleg å sjå Noreg som heilt utanfor, summerer Riddervold.

Vil du vite mer om vår forskning på Europa? Besøk NUPI Senter for Europastudier og temasiden vår om EU.

Temaer

  • Regional integrasjon
  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Styring
  • EU