Hopp til innhold
NUPI skole

Podkast: USA heime og ute i verda

Kva skal USA representere? Møt USA-kjennar Hilde Restad i NUPI-podden.
Foto: NTB Scanpix
Foto: NTB Scanpix

I november er det presidentval i USA. Fram til starten av 2020 såg det ut til at Donald Trump igjen kunne ha sjansen til å vinne valet og dermed starte si andre presidentperiode med slagordet «Keep America Great».

Men så har det skjedd mykje sidan januar 2020. Koronapandemien har slått hardt ut i USA og dei siste par vekene har det vore store demonstrasjonar mot politivald i heile landet, og også i resten av verda.

Kva blir konsekvensane av det som har skjedd dei siste månadene for Donald Trump og eit eventuelt gjenval? Kva vil USAs rolle vere i tida som kjem? Kva har den amerikanske folkesjela vore fram til i dag, og korleis vil den bli etter valet?

I ein ny episode av NUPI-podden snakkar Marie Furhovden med Hilde Restad om dette temaet.

Episoden byggjer på Restads innlegg i Morgenbladet om USA som ein upåliteleg partner.

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Nord-Amerika