Hopp til innhold
NUPI skole

Slik kan Sentral-Asia hjelpe det grøne skiftet

Kritiske materialar - som krom, kobbar, germanium og litium - er svært viktige byggjesteinar for fornybar energi-teknologi slik som solcellepanel, vindturbinar og batteri. Ifølgje ein ny artikkel har Sentral-Asia blitt oversett i analysar av slike materialar, og er derfor ei «missing link» i det grøne skiftet.
Nur Sultan foto NTB Scanpix_cropped.jpg

TOPP 20: Landa i Sentral-Asia er allereie blant dei 20 mestproduserande av kritiske materialar i verda. Ser vi på enkeltland, har Kasakhstan, her representert ved hovudstaden Nur-Sultan, for eksempel dei største reservane i verda av krom, som blir brukt til vindturbinar, og er den andre største produsenten av dette.

Foto: NTB

Kritiske materialar er mineral og metall som det vil bli veldig stor etterspørsel etter i tida som kjem.

- Mineral- og metallandskapet i verda vil endre seg med at vi går frå å bruke fossile energikjelder til fornybar energi. Solcellepanel, vindturbinar og batteri er alle avhengig av litium, kobbar, jarn, sølv og andre kritiske materialar, forklarer seniorforskar Roman Vakulchuk (NUPI), som er med i NUPI si nye forskningsgruppe for klima og energi.

Saman med NUPI-forskar Indra Øverland har han skrive artikkelen “Central Asia is a missing link in analyses of critical materials for the global clean energy transition”, som blei publisert i tidsskriftet One Earth i desember i fjor. Artikkelen er ope tilgjengeleg på nett.

1000 % auke i total etterspørsel etter kritiske materialar

For at vi skal nå togradersmålet i Parisavtalen, vil teknologi som lagar rein energi trengje fire gonger så mykje mineralar innan 2040, målt mot dagens behov, ifølgje Det internasjonale energibyrået (IEA).

- Dette betyr at den totale etterspørselen etter kritiske materialar vil auke med 1000 prosent. Og etterspørselen etter germanium vil gå i taket, med heile 8600 prosent. Storleiken på dei komande endringane er altså av ein type vi ikkje har sett tidlegare, seier Vakulchuk.

Kan setje det grøne skiftet i fare

Men allereie i 2021 var det mangel på tilgang til mange mineral.

- Forstyrringar i marknaden og meir statleg eigarskap og kontroll er eksempel på faktorar som kan true den globale tilgangen på kritiske materialar over heile verda. Eit eksempel er då prisen på litium, på grunn av dei nemnde faktorane, steig med meir enn 400 prosent i 2021. Klarer ein ikkje å sikre nok forsyningar av kritiske materialar, kan dette setje det grøne skiftet i fare og gje omfattande geopolitiske gnissingar, seier Vakulchuk.

På spørsmål om korleis verda kan unngå dette scenarioet, svarer NUPI-forskaren:

- Det enkle svaret er at vi må finne opp ny teknologi for rein energi som krev færre eller ingen kritiske materialar. Det er ikkje så enkelt å oppnå det, men det er mogeleg. Vi kan for eksempel få ein ny generasjon vindturbinar som ikkje treng kritiske materialar.

Vakulchuk og kollegaene ser nærmare på desse scenarioa i ein annan studiesom handlar om korleis fornybar energi og geopolitikk heng saman.

- Men før dette skjer, er altså stabile og ubrotne forsyningar av kritiske materialar heilt essensielle for det grøne skiftet, seier seniorforskaren.

Kvifor Sentral-Asia er så viktig

Store delar av verda sine førekomstar av ei rekkje kritiske materialar ligg i Sentral-Asia. For eksempel har regionen har heile 38,6 prosent av verda sitt mangan, litt over 30 prosent av krom, 20 prosent av bly, 12,6 prosent av sink, 8,7 prosent av titan, samt rikelege førekomstar av andre kritiske materialar.

- Men sjølv om Sentral-Asia var blant Sovjetunionens viktigaste kjelder til metall og industrielle mineral, har regionen blitt gløymt i dagens analysar av kritiske materialar, seier Vakulchuk.

Det synest han er overraskande.

- Det er absolutt overraskande, gitt at Kasakhstan aleine er like stort som Vest-Europa og har ei av verda sine rikaste og mest varierte mineralressursbasar.

Det er særleg to grunnar til at regionen er så viktig, forklarer seniorforskaren. Den fyrste er å finne i storleiken på mange av reservane.

- Landa i Sentral-Asia er allereie blant dei 20 mestproduserande av kritiske materialar i verda. Ser vi på enkeltland, har Kasakhstan for eksempel dei største reservane i verda av krom, som blir brukt til vindturbinar, og er den andre største produsenten av dette.

Den andre grunnen ligg i alle dei forskjellige minerala Sentral-Asia har.

- Regionen, og særleg Kasakhstan, kan sjåast på som eit potensielt kjøpesenter for dei fleste kritiske materialar som trengst til produksjon av rein energi. Det at Sentral-Asia ligg relativt nærme marknadene i Øst-Asia, Europa, Sør-Asia og Midtøsten, kan også vere ein fordel.

Han oppsummererar:

- Alt dette gjer regionen viktig for mineraløkonomi, forsyningstryggleik og geopolitiske perspektiv. Resultatet er at det er stor moglegheit for at Sentral-Asia kan bli ein ny «hotspot» for mineralutvinning, og ein stor global forsyner av kritiske materialar for rein energi-teknologi.

Kina som ein nøkkelspelar

Eitt land har absolutt ikkje ignorert Sentral-Asias verdi på dette området. Det landet er Kina, som framleis er den dominerande spelaren i den globale marknaden for kritiske materialar. USA ser Kinas dominans på dette området som ein risiko for amerikansk tryggleik, forklarar Vakulchuk.

- Kina deler ein 3300 kilometer lang grense med Sentral-Asia, og investerer stort i regionen. Kinesiske selskap speler allereie ei framståande rolle i utvinning av kritiske materialar i Kirgisistan og Tadsjikistan, kor dei eig størstedelen av lisensane. Kina er landet som Kasakhstan eksporterer størstedelen av dei kritiske materiala sine til. Kinas import frå landet av molybden, som blir brukt i vindturbinar, har for eksempel auka med 444 prosent frå 2017 til 2020. Mens EU og USA ikkje er blant hovudimportørane av kritiske materialar frå regionen, speler Russland også ei viktig rolle her.

Vakulchuk trur det faktum at Kina allereie er ein så sentral importør av Sentral-Asias kritiske materialar, styrkjer landet sin posisjon i forsyningslinjene for desse materialane.

- Gitt den raskt veksande etterspørselen etter slike materialar i Kina, mangelen på konkurranse frå andre investorar og kjøparar i Sentral-Asia og regionen sin praktiske og sikre plassering for eksport til Kina, vil regionen sin eksport dit berre fortsetje å vekse. Dette kan styrkje Kinas dominerande posisjon, ja på fleire måtar monopolposisjon, i verdsmarknaden for kritiske materialar. 

Både fordelar og ulemper

Ifølgje seniorforskaren kan vidare utvikling av Sentral-Asias mineralressursbase gje regionen meir geopolitisk tyngd og tyding i internasjonale forhold:

- Vi meiner eit skifte frå eksport av hydrokarbon til kritiske materialar kan gi omdømmefordelar. Det kan potensielt også leggje til rette for det interne skiftet til landa i regionen og forbetre deira internasjonale status.

Vakulchuk åtvarar likevel om at dette kjem med ein risiko.

- I studien vår diskuterer vi mogelege risikofaktorar, som regionen sin aldrande gruveinfrastruktur og  utvinningsaktivitet som utanlandske firma står bak – særleg kinesiske – som ei kjelde til konflikt, ressursforbanning, avgrensa styring og korrupsjon, utbreidd avhengigheit av Kina, og fleire. Dersom desse ikkje blir handtert, kan dei innebere omfattande risiko for regionen sine høve til å dra nytte av dei kritiske materialane i denne samanhengen.

Noreg bør vurdere

Mange norske aktørar planlegg no storskala prosjekt innan fornybar energi, i form av batterifabrikkar og havvind. Sjølv om Noreg har fleire kritiske materialar sjølv, forventar Vakulchuk at nye batterifabrikkar vil krevje rikelege forsyningar av kritiske materialar frå utlandet.

Hans kollega Indra Øverland, har uttalt:

- Der Kina, EU og USA har tenkt på dette og posisjonert seg aktivt for å få tilgang til eller kontrollere forsyningslinjene, har det vore lite strategisk tenkinga og refleksjonen rundt dette i Noreg.

- Gitt Sentral-Asias monalege reservar, burde Noreg vurdere regionen som ei mogleg kjelde til desse sårt nødvendige kritiske minerala, konkluderer Vakulchuk.

Temaer

  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Russland og Eurasia
  • Klima
  • Energi

Fakta

Land i Sentral-Asia:

  • Kasakhstan
  • Kirgisistan
  • Tadsjikistan
  • Turkmenistan
  • Usbekistan

Kritiske materialar i Sentral-Asia:

  • Dei sentralasiatiske landa er allereie blant dei 20 største produsentane av kritiske materialar i verda. Sentral-Asia sin del av global førekomst:
    • 38,6 % av mangan
    • 30,07 % av krom
    • 20 % av bly
    • 13,6 % av sink
    • 8,7 % av titan
    • 5,8 % av aluminium
    • 5,3 % av kobbar
    • 5,3 % av kobolt
    • 5,2 % av molybden