Hopp til innhold

Etter valet i 2009: Iran - kva for ei framtid?

Dei dramatiske hendingane knytte til presidentvalet i Iran 12. juni i år, har på ein gjennomgripande måte endra den politiske situasjonen i landet. Aldri før i den 30-årige republikkens historie har det vore så store demonstrasjonar mot regimet. Hendingane etter valet har skapt ei djup kløft i eit land der frontane står steilt mot kvarandre.

Personer

Daniel Heradstveit
Tidligere ansatt
  • Kven sto mot kvarandre ved valet i Iran i juni 2009?
  • Kva går maktkampen i Iran ut på?
  • På kva måte kan utviklinga i Iran påverke det internasjonale samfunnet?

Opprøret etter valet var eit opprør ikkje berre mot påstått valfusk, men òg mot den islamske republikken som styreform. Det blei da også slått ned med hard hand. Likevel tyder mykje på at det på ein eller annan måte vil føre til endringar i Iran. Det gjeld dei politiske institusjonane i republikken så vel som den iranske politiske kulturen.

I kva for ei retning?

I dag er det uråd å seie om desse endringane vil gå i demokratisk eller diktatorisk retning. Skulle Mousavi-fronten som marsjerte i gatene og klaga på valfusk, vinne terreng, vil sivile og politiske rettar for folket i Iran bli markert styrka. (Hossein Mousavi, er leiar for opposisjonen og var statsminister i Iran på 1980-talet). Skulle derimot president Mahmoud Ahmadinejad og tilhengarane hans få overtaket slik det no ser ut, er det grunn til å tru at alt som i dag har islett av demokrati i den iranske republikken, vil bli svekka. Den islamske republikken vil bevege seg i retning av eit diktatur der Pasdaran (tryggingspoliti) og Basij-militsen (halvmilitære) vil vere hovudpilarane.

Gjennom fleire veker var vi vitne til massearrestasjonar og bruk av vald mot dei som ikkje tilpassar seg Ali Khameneis og Ahmadinejads linje. (Ali Khamenei er øvste leiar for det iranske Voktarrådet. Undertrykkinga av folks menneskerettar og andre sivile rettar som gjekk føre seg under heile Ahmadinejads førre styringsperiode, er i kjølvatnet av valopprøret blitt forsterka. Så lenge den øvste leiaren Khamenei og president Ahmadinejad sit ved makta, vil liberalisering ikkje komme på tale. Tvert om er det grunn til å frykte innstramming.

Makthavarane er redde. Dei er redde fordi gateopprøret etter valet viste at dei kreftene i Iran som ønskjer eit friare Iran, står sterkt og representerer eit reelt trugsmål mot styret. Historia viser at autoritære krefter som regel ikkje gir konsesjonar til folkeviljen, men snarare det motsette: Krav om større fridom blir møtt med innstrammingar.

Eit land i indre strid

Iran er i dag ein nasjon i strid med seg sjølv. Den islamske revolusjonen i 1979, som var tufta på ein ideologi med sterke teokratiske innslag – men òg demokratiske – er blitt sett alvorleg på prøve. Spliden innan elitane i republikken – det vere seg presteskap eller militære – er blitt synleg. I den innanrikspolitiske striden har den øvste leiaren Khamenei fått alvorlege riper i lakken ved å gi si støtte til fraksjonen som er leia av Ahmadinejad. Dette bryt med prinsippet om leiarens frie stilling og sjølvstendige status når det gjeld forholdet til dei stridande gruppene (fraksjonane). Styrken hans ligg i å tolke Koranens styringsprinsipp.

Av den grunn er det venta at leiaren vil halde ein viss distanse til den typen fraksjonskamp vi er vitne til. Khamenei har ikkje distansert seg – tvert om – han har knytt seg sterkt til den eine parten i striden, Ahmadinejad. Dermed har Khamenei svekka eit av den islamske republikkens hovuddogme. Regimet er i dag prega av ein legitimitetskrise og har falle tilbake på bruk av rå makt.

Frå å vere scenen for ei politisk mobilisering utan sidestykke mot regimet, endra gatene i Iran seg under valet av president til å bli ein stad for konfrontasjonar. På den eine sida står dei som ønsker eit friare Iran, på den andre dei som ønsker politi og halvmilitære styrkar som børstar støv av gamalt tankegods frå revolusjonens dagar i 1979. Ved å fylle gatene med tryggingsstyrkar, utvise utanlandske journalistar og avrette og fengsle opposisjonens faneberarar sette regimet ein delvis stoppar for gata som arena for mobilisering.

Teikning

Om demokratiets stilling i det prestestyrte Iran

Bruk av fiendebilde

Eit anna mottrekk regimet har nytta, har vore å mane fram fiendebilde av Vesten: Øydeleggande vestlege krefter ønsker å splitte den iranske nasjonen. Det er dei som har stått bak demonstrasjonane, heiter det frå regimet. Tilhengarar av regimet godtar truleg til ein viss grad desse talemåtane (retorikken), ikkje minst fordi konspiratorisk tenking (tru på hemmeleg samansverging) er utbreidd i Iran. Det negative i samfunnet skuldast ikkje iranarane sjølve, men utanforståande, gjerne sataniske krefter – underforstått Vesten. Det er likevel slik at slagorda frå revolusjonens dagar er i ferd med å miste si kraft samstundes som motretorikken er i ferd med å slå rot. «Død over USA» blir av demonstrantane møtt med «Død over Russland».

Ustabil situasjon

Situasjonen er ustabil i dagens Iran. Samhaldet mellom regimets mektige menn har slått sprekker, og revolusjonsmyten frå 1979 er i ferd med å bli svekka. Framleis kan vi snakke om Iran som ein ideologisk stat, men demonstrasjonane i junidagane viste at dei blir stadig fleire – dei som oppfattar den islamistiske ideologien i si noverande form som utgått på dato.

I tillegg har det usminka og negative bildet av Iran som i fleire dagar i juni rulla over tv-skjermen, skapt eit særdeles negativt bilde av Iran i det breie lag av folket i vestlege land. Dette gir grunn til å frykte at det no blir langt lettare å få gehør for vestlege straffeaksjonar – eventuelt krig – mot landet. Ved at internasjonale medium alt var på plass i hovudstaden for å dekke valet – utan å ane den dramatikken som var i vente – blei det iranske regimet tatt på senga og viste seg frå ei side det slett ikkje var interessert i skulle komme fram for utanverda. Styresmaktene blei «kuppa» av vestlege medium. At ei heil verd kunne sjå maktas grimme ansikt på tv-skjermen i form av vald mot uskuldige sivile som ga uttrykk for sine meiningar, har gitt Irans omdømme i verdssamfunnet ein alvorleg knekk.

Den brutale framferda til Basij-militsenavslørte den islamske republikkens vilje og evne til å terrorisere eigen befolkning. Hendingane som festa seg på netthinna til sjåarar over heile verda, vil framover prege omverdas bilde av Iran og «det islamske politiske eksperiment» som den iranske republikken står som eksponent for.

Hendingane illustrerer at dagens Iran er eit motsetnadsfylt samfunn. Grunnen til dette misforholdet er å finne i grunnlova som var sjølve utgangspunktet for det «islamistiske» eksperimentet. Grunnlova byggjer på demokratiske og teokratiske (sjå under) prinsipp som ikkje kan sameinast, ein arv etter Khomeini (revolusjonsleiar frå 1979) som meir enn noen andre bestemte innhaldet i grunnlova. Denne var alt under revolusjonens første dagar grunnlag for strid og tautrekking, ein strid som no er meir tilspissa enn noen gong tidlegare.

Topografisk kart over Iran

Einerett på å tolke Koranen?

 Eit tydeleg varsel om kva som var i emning, fekk vi da Khatami blei vald til president i 1997. Utan tvil var det den gongen stemning for å tolke grunnlova på ein måte som ga større rom for dei demokratiske prinsippa som òg var nedfelte i grunnlova. Khatamis justering av den revolusjonære ideologien var i tråd med den moderniseringsprosessen som Iran på den tida gjekk gjennom.

Den medførde at sekulær (verdsleg), og dermed òg demokratisk, tenking fekk større rom på bekostning av den teokratiske (styresett der dei styrande representerer Gud på jorda og er eit presteskap som styrer etter religiøse lover. Etter gresk: theos = Gud, kratein = herske). Innan kort tid kom den konservative motreaksjonen mot nytenkinga. Som i dag nytta dei konservative valdelege middel og makta til å sette til side den lovleg valde presidenten og nasjonalforsamlinga. Dei lykkast fordi konservative krefter har kontrollen mellom prestar og militære.

Dei steile frontane etter presidentvalet i 1997 dukkar nå opp igjen, men i ei meir dramatisk form. Vi kan seie at striden står om kva plass islam versus folkestyret skal ha i styringa av samfunnet. Dei konservative hevdar at dei har sin legitimitet direkte frå Gud, medan demokratikreftene har sin legitimitet frå folket gjennom val. Men som juniopprøret viser, blir dette for enkelt. Da demonstrantane under 2009-valet blei jaga bort frå gata og sto på hustaka og i kor ropte Allah-o Akbar (Allah er stor), det same ropet ei oppstemd folkemengd nytta i revolusjonsdagane i 1978–79, reiv dei bort grunnlaget for eineretten dei konservative gjør krav på når det gjeld å tolke Guds vilje.

Etnisk kart over Iran

Etnisk kart over Iran

Demonstrantane skisserte konturane av nettopp dette da dei i junidagane vende seg mot Allah og moskeen, medan regimet vende seg mot valdsinstitusjonane i samfunnet, i første rekke Pasdaran og Basij. Blant dei djupt religiøse iranarane har det vakse fram ei stadig sterkare overtyding om at det ikkje – slik dei konservative hevdar – er mogleg å styre det moderne samfunnet etter nitid Koran-tolking. Koranen blei nedteikna i ei heilt anna tid og er ingen vegvisar når det gjeld politikken innanfor moderne økonomi.

Dei styrande i Iran vil truleg ikkje på lengre sikt makte å stagge opprøret som alt er i gang mot regimet og republikken. Tautrekkinga mellom autoritære og reformvennlege krefter vil halde fram og rir den islamske republikken som ei mare. Denne utviklinga vil svekke republikkens styringskapasitet.

Autoritære regime drøftar gjerne vedvarande det dei oppfattar som indre fiendar, det vil seie mindre grupper av eigne borgarar. I Iran artar dette seg annleis og meir dramatisk fordi det her er fleirtalet av befolkninga som kjempar mot staten. Som demonstrantane i 2009-valet viste, er iranarane eit folk som uredd flaggar sine verdiar, verdiar som regimet har definert som farlege. Djuptgåande og øydeleggande indre strid gjør at regimet mister styringa, destabilisering på toppen blir eit vedvarande trekk. Regimets «indre fiendar», slik som dei som i protest marsjerte i gatene i Iran frå 10. juni og utover, vil i aukande grad få fotfeste i landet. Dei svært ulike gruppene som protesterte i metropolen Teheran, har makta å danne ein felles front som kan komme til å hente styrke og ny næring ved å inngå alliansar med misnøgde minoritetsgrupper i dei iranske provinsane.

Etniske skilnader

Det er skapt eit maktvakuum i metropolen som etniske og religiøse minoritetar – om lag 50 % av befolkninga – vil vere interesserte i å utnytte for å skaffe seg større handlingsrom i den persiskdominerte republikken. Felles for minoritetsgruppene er dårlege erfaringar med den iranske staten; dei kjenner seg – rett nok i varierande grad – undertrykte og diskriminerte.

I motsetning til balucharane i Baluchistan, arabarane i Khuzestan og kurdarane i nord, har den største minoritetsgruppa azeriane (ca 20 % av befolkninga), eit relativt godt forhold til staten, men her òg er det tendensar til sporadiske opprør. Dei informasjonane vi til no har fått frå Iran, har stort sett komme frå hovudstaden. Lite er til no kjent om holdningane Irans ulike minoritetar har til det som har skjedd, holdningar som i allianse med reformvennlege krefters holdningar i Teheran kan få avgjørande betydning for republikkens utvikling.

Teikning

Den amerikanske måten å gjøre Midtausten om til ein atomvåpenfri sone

Teikning: www.politicalcartoons.com

Forholdet til USA

Forholdet mellom USA og Iran er blitt langt meir problematisk etter presidentvalet 12. juni og det som følgde i kjølvatnet av valet. Med sine framifrå retoriske evner og psykologiske innsikt viser Obama i talane sine forståing og ikkje minst empati og vilje til å be om orsaking for den urett USA har påført Iran, spesielt da USA i allianse med Storbritannia avsette nasjonalhelten og demokratiforkjemparen Mossadeq og innsette diktatoren Reza Shah Pahlavi.

Måten Obama formidlar bodskapen på, kunnskapane han legg for dagen og det positive inntrykket mottakarane har av han som person, gjør at han vekker tillit. Han har dei eigenskapane – ethos – som Aristoteles heldt fram som avgjørande for om bodskapen skal nå fram.

Obamas ethos er likevel ikkje nok når det gjeld å bryte isen mellom to nasjonar som ikkje har vore på talefot på tretti år. Obama er taparen. Hans dilemma er sympatien han har for demonstrantane på den eine sida og «realpolitikk» på den andre. Det er likevel slik at skal Obama kunne ivareta USAs interesser i regionen, kjem han ikkje utanom Iran. USA treng iransk støtte både når det gjeld Afghanistan, Irak og Pakistan, i alle høve vil det vere langt lettare for USA å nå sine geopolitiske mål i regionen med Iran med på laget.

Temaer

  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Menneskerettigheter
  • Styring

Personer

Daniel Heradstveit
Tidligere ansatt

Fakta

Voktarrådet

Det iranske styresettet er sett saman av element frå både presteskap/religion og demokrati. I dette flett-verket er noen ikkje-valde, andre er valde. Dei ikkje-valde blir leia av den åndelege leiaren ayatollah Ali Khamenei, som igjen utnemner fleire ikkje-valde personar – mellom anna det mektigaste organet i det iranske politiske systemet, Voktarrådet. Der sit seks teologar og seks juristar. Rådet skal godkjenne alle framlegg frå den valde nasjonalforsamlinga, og kan legge ned veto mot framlegg frå nasjonalforsamlinga eller den valde presidenten om dei meiner at eit framlegg ikkje er i samsvar med grunnlova.

Fakta om Iran

  • „Areal: 1,5 mill. km2
  • „„Folketal: Ca. 66,4 mill. innb. (2009). Verdsbanken: 73 mill
  • „„Medianalder: 27 år (deler folket i to like store delar)
  • „„Årleg vekst i folketalet: 0,9 %
  • „„Forventa levealder: 71 år, K: 72,7; M: 69,6
  • „„Bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggar etter kjøpekraft (PPP): 12 800 dollar
  • „„BNP verdiskaping: jordbruk: 11 %; industri 42 %, tenester 48 %
  • „„BNP etter sysselsetting: jordbruk: 25 %; industri 31 %, tenester 45 %
  • „„Arbeidsløyse 2008: 12,5 %
  • „„Skrive- og lesekyndige av alle > 15 år: 77 %. M: 83,5; K: 70,4

Kjelde: CIA World factbook, Verdsbanken mm