Hopp til innhold
Ein kollasje av bilde frå Nigeria

Gatebilete, finanshus i Lagos, Nollywood, oljesektoren, etter bilbombe

Foto: creative commons

Nigeria – eit land fylt av motsetnader

Nigeria er eit land fylt av motsetnader. Det er prega av omfattande fattigdom med enorm forskjell i levekår mellom den rike eliten og det fattige folkefleirtalet. 60 prosent av befolkninga lever på rundt èin dollar om dagen eller mindre. Korrupsjon og politisk vald høyrer kvardagen til, og nord i landet kjempar ei radikal islamistisk gruppe – Boko Haram – ein blodig kamp mot styresmaktene og alle andre som dei ikkje reknar som rettruande muslimar.
  • Kva går motsetnadene i Nigeria ut på?
  • Kva er Nollywood?
  • Korleis kan utviklinga i Nigeria påverke landa rundt?
  • Kva for utfordringar står Nigeria overfor?

Samtidig er Nigeria stormakta i Vest-Afrika og eit av Afrikas viktigaste land med ei befolkning på omlag 175 millionar menneske og eit brutto nasjonalprodukt (BNP) per innbyggar på 2600 dollar (målt etter kjøpekraft). I FN er Nigeria rekna som eit  mellominntektsland, og landet har også ein velutvikla finanssektor.

Det er verdas 12. største produsent av olje og gass, og inntektene frå denne sektoren utgjør 80 prosent av BNP og 90 prosent av eksportinntektene. Nigeria har i tillegg den nest største børsen i Afrika (etter omsetnad), og verdas rikaste person av afrikansk herkomst er ikkje lenger Ophra Winfrey, men den nigerianske sementmilliardæren Aliko Dangote. Nigeria har også ein av dei største filmindustriane i verda.

Stor filmindustri

Den nigerianske filmindustrienNollywood – har frå ein beskjeden start på 1960-talet vakse til å bli den nest største i verda målt etter talet på filmproduksjonar per år. Klart foran Hollywood, men noko bak indiske Bollywood. Ein film kan bli laga på bare éi veke, noko som betyr låge produksjonskostnader, billig film for brukarane og dermed stort sal. Derfor kan også dei som lagar filmane, tene pengar.

Nollywood-industrien er mellom dei delane av privat sektor som sysselsett flest menneske i landet. Samtidig er den ein viktig bidragsytar til Nigerias sterke posisjon i Afrika. Dei nigerianske filmane står sterkt overalt på kontinentet. Nollywood-filmane kan nok bli oppfatta som enkle lågbudsjettsproduksjonar av oss som er vande til vestlege kinoar og velregisserte amerikanske produksjonar. Men dei appellerer til eit afrikansk publikum der dei tar for seg moralske dilemma og praktiske spørsmål som er relevante og viktige for folk i Afrika.

Noko skil – noko foreiner

Nigeria (se fakta) er verkeleg eit paradoks – fullt av sjølvmotseiingar. Landets historie etter at det blei sjølvstendig i 1960, er ei forteljing om vald, korrupsjon og vanstyre, med påfølgande fattigdom og liding. Men det er også ei historie om sjølve den politiske, økonomiske og militære giganten i Vest-Afrika. Det er ei forteljing om vonbrot, sorg og kamp for sosial rettferd og utvikling som har vist seg mislukka.

Samtidig er det ei historie om suksess. Bare det å halde denne enorme og samansette befolkning saman er ein suksess i seg sjølv. Landet er delt mellom kristne og muslimar. Dei første utgjør fleirtalet i sør, mens muslimane er i klart fleirtal nord i landet.

Nigeria er likevel meir enn religiøse skiljelinjer. Landet er også splitta opp i 250 ulike etniske grupper som både samarbeider og er i konflikt med kvarandre. Men er det noko som kjenneteiknar det nigerianske folket, så er det entreprenørånda deira og evna til å skape seg eit levebrød ut av nesten ingenting. Nigeria er derfor verkeleg eit motsetnadenes land  der mange ulike faktorar speler inn. Men framfor alt speler olje- og gassproduksjonen og fordelinga av inntektene frå den ei viktig rolle for kva som skjer eller ikkje skjer i landet.

HHD14_4NigeriaTopografi

Ustabilitet og kupp

Nigeria var ein britisk koloni som blei eit sjølvstendig land i 1960. Forhåpningane om utvikling og auka velstand varte likevel ikkje lenge. Allereie i 1966 kom det første militærkuppet, og i 1967 blei landet kasta ut i ein blodig borgarkrig. Då braut Igbo-folket ut og erklærte sine område for sjølvstendige, område dei kalla for Biafra. Borgarkrigen som følgde, varte i tre år, og så mange som ein million menneske måtte bøte med livet før opprøret blei slått ned og Nigerias suverenitet blei gjenoppretta.

1970- og 1980-åra var vanskelege for landet. Vel vokste den nigerianske økonomien i takt med stigande oljeinntekter, men politisk var dette ei tid prega av politisk ustabilitet og ein serie militærkupp og skiftande leiarar – dei fleste frå dei militære. Dette varte meir eller mindre fram til 1999. Då kom Olusegun Obasanjo til makta gjennom eit demokratisk flerpartival, og partiet Folkets demokratiske parti (PDP) steig fram som det nye statsberande partiet i Nigeria.

HHD14_4EtniskReligNigeria

Partiet, som blei skapt av Obasanjo, var tufta på eit kompromiss mellom kristne og muslimske leiarar. Ideen var at dei skulle dele på makta. Ein kandidat kunne sitje i to periodar, men så måtte partiets neste presidentkandidat komme frå den andre gruppa. Det betydde at når den kristne Obasanjo hadde sete i to periodar, måtte den neste presidentkandidaten frå partiet vere muslim. I 2007 var det derfor muslimske Yar`Aduas  tur, men han blei syk og døydde tidleg i perioden.

Ny kandidat blei visepresidenten, den kristne Jonathan Goodluck. Problema starta då han ville stille til val i 2011. Fleire muslimske leiarar såg dette som eit brot på avtalen i PDP om maktfordeling, og partiet blei sterkt splitta. Goodluck blei til slutt likevel partiets kandidat og vann valet i 2011. Spørsmålet er no kva som vil skje fram mot neste val i 2015. Stiller Jonathan Goodluck nok ein gong som partiets kandidat, eller blir han tvunge til å trekkje seg til fordel for ein kandidat frå det muslimske nord? Kva som blir utfallet av maktkampen i PDP, er høgst uvisst i skrivande stund.

Verknader også i andre land

Politisk ustabilitet i Nigeria vil få verknader både utanfor og innanfor landets grenser. Om den politiske leiinga i Nigeria blir lamma av maktkamp i PDP fram mot valet i 2015, kan det få dramatiske følger for stabiliteten i heile landet. Særleg gjeld det om situasjonen i Niger-deltaet  og Boko Haram-opprøret nord i landet verkeleg kjem ut av kontroll. Ein slik indre strid vil få store verknader for den vestafrikanske regionen. Det regionale økonomiske samarbeidet i regi av Det økonomiske samfunnet av vestafrikanske statar
(ECOWAS) kan lide skade viss intern politisk strid medfører at Nigeria ikkje lenger kan spele ei leiarrolle. Det same gjeld for ECOWAS’ mange fredsbevarande oppgåver og innsatsar.

Situasjonen i Niger-deltaet er rolegare enn på mange år, men det er ein skjør fred. Det er ikkje mange år sidan militsgrupper både lamma delar av oljeutvinninga og kriga med den nigerianske hæren. Dei sivile lidingane og tapa var store. Utgangspunktet for denne konflikten var dei store oljeressursane i dette området. Det utvinnast store mengder olje og gass både i elvedeltaet til Niger-elva og i havområda utanfor.

HHD14_4Nigeri_bensin

Nigeria: president under press

Tegning: politicalcartoons.com

 Delar av denne produksjonen har medført store miljøøydeleggingar; fleire internasjonale oljeselskap har liten grunn til å vere stolte av kva dei har vore med på her. Levekåra til vanlege folk er blitt sterkt forringa av forureininga – mulegheitene til å leve av jordbruk og fiske er blitt dårlegare. Dessutan har folk flest sett lite til oljeinntektene. Mangelfull fordeling var utgangspunktet for opprøret i Niger-deltaet. Tilleggsdimensjonar kom inn då militsane i området tok gissel for å skaffe seg pengar og stal olje som dei selde videre med stor vinst.

Situasjonen var kaotisk inntil eit amnestiprogram fekk dei fleste til å legge ned våpna. Programmet fekk slutt på kampane, men ingen av dei underliggande årsakene har blitt løyste, og snart er amnestiprogrammet over. Utan ei politisk leiing som kan stake ut ein veg vidare og som tar fatt på dei underliggande årsakene – som miljøøydeleggingane og lokalbefolkningas manglande deltaking i oljeøkonomien – kan situasjonen i Niger-deltaet igjen bli prega av konflikt og store sivile lidingar. Oljen blir då igjen meir ei forbanning enn ei velsigning.

Sør i landet, i Niger-deltaet, er problemet ein fare for ny konflikt som følge av politisk handlingslamming. Situasjonen nord i landet er endå meir alvorleg. Der opererer den radikale islamistiske rørsla Boko Haram. På det lokale språket (hausa) betyr namnet at «vestleg utdanning er forbode». Dette kan verke meiningslaust sett frå Norge, men som alt anna er også Boko Haram del av ei lengre historie.

I 1960 omtalte den utgåande britiske koloniadministrasjonen dei nordlege delane som ein «sovande gigant med enorme mulegheiter». Føresetnaden var at det blei bygd vegar, bruer og fabrikkar og at ungdommen fekk utdanning. Dessverre pregar desse manglane fortsatt dette området. Nigeria er eit land med rikdom, men også med stor ulikskap. Og ulikskapen er mest synleg i nord. Vel er det mange fattige også sør i landet, men det er også stor forskjell på nord og sør. I nord er den rike eliten endå mindre, og barnedødelegheita er mye høgare enn i sør.

Boko Haram

Det er lang tradisjon for  Islamister i nord. Tradisjonelt har denne vore spirituell og innadvendt. Unge menneske – i all hovudsak menn – har då levd i isolasjon frå resten av samfunnet for å leve i tråd med si tolking av Koranen og sin versjon av islam. Dette endra seg på 1980-talet. Då dukka det opp rørsler som også ønskte å endre det samfunnet dei var ein del av.

Det har vore fleire slike grupper; den best organiserte er Boko Haram. Namnet er ikkje tilfeldig vald. Vestleg utdanning er forbode, «haram», fordi den blir sett som å levere noko som ikkje betyr noko for folk som bur her. Boko Haram ser vestleg utdanning og folk med slik utdanning bare som lokale medhjelparar for ein stat som utnyttar dei muslimske massane i nord.

Boko Haram blei danna allereie i 2002 og var i starten ei fredeleg rørsle med hovudkvarter i Maiduguri, hovud

Eit bilde sett saman av to - ei kirke og ein moskè

Nasjonalkirka og Nasjonalmoskèen i hovudstaden Abuja er viktige for kvar av dei to store religionane i Nigeria.        

Foto: creative commons

stad i delstaten Borno. Her etablerte dei eit større religiøst senter med ein moské og ein islamsk skole. I 2009 kom det likevel til strid mellom medlemmar av Boko Haram og politiet, og dette enda med at hæren og lokale politistyrkar storma hovudkvarteret til Boko Haram. Dei tok til fange og henretta Boko Harams leiar Mohammed Yusuf utan lov og dom. Mange trudde at dette betydde slutten på Boko Haram – det skjedde ikkje.

Boko Haram kom tilbake i september 2010. Då angrep dei eit fengsel i Borno (Maiduguri) og sette fri fleire hundre fangar. Dette blei starten på ein svært valdeleg kampanje med drap og bombeaksjonar som har tatt livet av fleire tusen menneske. Til tider har rørsla hatt kontroll over fleire landsbyar og grisgrendte strøk nord i landet. Det nye Boko Haram er ikkje lenger ei masserørsle som søker å omvende folk til sin versjon av islam.

Den er meir ein hypervaldeleg kaderprega organisasjon som bevisst søker å framprovosere harde mottiltak frå den nigerianske hæren og vald mellom kristne og muslimar i Nigeria. Tanken ser ut til å vere at dette vil kaste landet ut i eit ragnarok av ein borgarkrig. I den vil dei muslimske massane vende seg til Boko Haram som dermed vil utgjøre den væpna spydspissen i eit muslimsk opprør. Håpet er at opprøret skal munne ut i eit nytt kalifat i det nordlege Nigeria.

Dette er lite truleg. Brorparten av ofra for Boko Harams valdshandlingar er sjølv muslimar. Og dei aller fleste av dei mange muslimane i Nigeria ønsker ikkje å ha noko som helst med Boko Haram å gjøre. Samtidig er den nigerianske statens respons verken særleg effektiv eller gjennomtenkt. Mangelen på klar politisk leiarskap vil bare gjøre vondt verre.

Mange muslimske ungdommar i nord føler at dei lever mellom barken og veden. Dei har stort sett lite sympati for Boko Haram og deira idear, men den nigerianske hæren behandlar dei heller ikkje bra. Det skal lite til for å bli arrestert som muleg medlem eller sympatisør av Boko Haram. For mange ungdommar i nord er derfor hæren like mye eit problem som Boko Haram. Den nigerianske staten evnar heller ikkje å gi gode svar på levekårsutfordringane.

Maiduguri, Boko Harams arnested, er dessutan eit område som bare ser ut til å bli tørrare og tørrare. Tsjadsjøen som tidlegare var ein særs viktig kjelde til liv i dette området, skrumpar inn. Det tidlegare største reservoaret av ferskvatn i heile Sahel er i dag bare ein femdel av sin opphavlege storleik. Dette har fått store følger for folks levekår. Det dyrkbare arealet skrumpar inn. Det er også mindre vatn tilgjengeleg for kveghold, og det ein gong så store innlandsfisket i sjøen er ein saga blott.

Nokon forlet derfor området for å finne seg levebrød andre stader. For dei som blir igjen, blir situasjonen stadig vanskelegare; den nigerianske staten gjør lite eller ingenting for dei. Då kan Boko Haram framstå som eit alternativ for nokon når staten ikkje evnar eller ønsker å gjøre noko for å bøte på folks problem.

Utfordrande framtid

Nigeria går derfor ei utfordrande framtid i møte, og dei politiske problema kan forsterke konfliktane både i Niger-deltaet og nord i landet. Samtidig er det viktig å ha i mente at dette landet er eit paradoks med sine mange motsetnader og sjølvmotseiingar. Kvar gong internasjonale observatørar trur at landet verkeleg kjem til å rakne, klarer det på mirakuløst vis å hente seg inn og fortsette framover. Landet er rikt og fattig på samme tid. Det er ein stormakt med både militære, kulturelle og finansielle musklar, men på same tid herja av vald, korrupsjon og politisk konflikt.

Som ei rekke andre statar i Afrika står Nigeria i dag ved ein korsveg. Klarer landet å løyse dei politiske stridsspørsmåla og skape ein økonomisk vekst som kjem fleire enn eliten til gode, og som er betre folkeleg forankra, kan Nigeria bli ei global makt og ikkje bare ei stormakt i Afrika. Klarer dei det ikkje, går ikkje landet utan vidare over ende, men det vil då fortsette å kjøre slalom farleg nær kanten av statssammanbrot. Det har landet gjort så altfor ofte i sin historie som sjølvstendig stat.

Temaer

  • Utviklingspolitikk
  • Afrika
  • Konflikt
  • Styring

Fakta

  • Areal: 923 000 km2
  • Folketal: 175 mill. (2013)
  • Årleg befolkningsvekst: 2,5 %
  • Medianalder: ca. 18 år
  • Forventa levealder: 73 år, K: 75  og M: 71
  • Urbaniseringsgrad: ca. 50 % bur i byar
  • Lese- og skrivekyndige: 61,3 % av alle. M: 72,1, K 50,4 %
  • Fertilitet/barn per kvinne: 5,3
  • Verdiskaping etter sektor: Jordbruk 31 %, industri 43 % og tenester 26 %
  • Sysselsetting etter sektor: Jordbruk 35 %, industri 33 og tenester 32 % (estimat 2011)
  • Økonomisk vekst: 6-7 % årleg i siste år
  • Årleg inflasjon: varierer mellom 10 og 13 % i dei siste åra
  • Samla statsgjeld i % av BNP: ca. 18 %
  • Andel av befolkninga som lever på mindre enn 2 dollar dagleg: 84 %
  • Etniske grupper: I alt om lag 250; dei største er hausa og fulani med tils. 29 %, youruba 21 %, igbo 18 % og ljaw 10 %
  • Religion: Muslimar ca. 50 %, kristne ca 40 %, lokale variantar ca 10 %
  • Språk: engelsk er offisielt. Andre: hausa youruba, fulani
  • Føderasjon som er delt inn i 36 delstatar samt hovudstaden Abuja. Delstatane er igjen inndelt i 774 kommunar. Kvart fjerde år blir det samtidig avholdt presidentval og parlamentsval.

Kjelder: CIA World Factbook og Global Finance