Skoleoppgaver og undervisningsmateriell er flyttet til NUPI Skole

Hvor hender det?

NUPIs artikkelserie om internasjonal politikk
Foto: Chris Grodotzki / Sea-Watch.org

Båtflyktningen Mouliom Souleman (23), kona og deres barn fra Kamerun ble reddet av Leger uten grenser 23. august 2020. De tre befant seg da på en overfylt gummibåt, som mest sannsynlig ikke hadde kommet seg fram til målet. 

Flyktningar sine rettar og mogelegheiter

Publisert: 10. des. 2020

Å starte eit nytt liv med bakgrunn som flyktning, kan i nokre land vere ganske vanskeleg. Nokre ser inga anna framtid enn å vere arbeidslaus og bu i flyktningleir. Kva behov og rettar har menneske på flukt, og kva utfordringar har mottakarlanda med å oppfylle rettane i praksis?

Det var nesten 80 millionar menneske på flukt i verda ved utgangen av 2019. Dei fleste av desse er internt fordrivne (på flukt i eige land), medan 26 millionar har flykta frå heimlanda sine grunna konflikt, krig eller forfølging. Det er dei sistnemnde som vert rekna som flyktningar av FN sin høgkommisær for flyktningar (UNHCR).

Retten til å søkje tilflukt ein trygg stad om ein vert utsett for krig eller forfølging er noko dei aller fleste støttar opp om, og denne retten er slått fast i FNs verdserklæring for menneskerettar. Med andre ord er det ein menneskerett å kunne søkje vern i eit anna land.

Dei fleste land i verda har også skrive under på FNs flyktningkonvensjon, som sikrar grunnleggjande rettar til menneske på flukt, men det er ikkje alle land som har skrive under som følgjer pålegga like strengt. Nokre av dei landa i verda som har tatt imot flest flyktningar, som Libanon, Jordan, Pakistan, Tyrkia og Bangladesh, har ikkje ein gong skrive under på Flyktningkonvensjonen. 



Eit av dei viktigaste prinsippa i flyktningpolitikken er non-refoulement-prinsippet. Det seier at ingen skal verte send tilbake til heimlandet sitt om dei risikerer å verte forfølgde der. Mange land som ikkje har ratifisert flyktningkonvensjonen, følgjer likevel non-refoulement-prinsippet; flyktningane får kanskje ikkje dei rettane som vert skildra i konvensjonen, men det vert akseptert at dei vert i landet og at dei ikkje vert sende tilbake til der dei flykta i frå. 



2: Rett til grunnleggjande behov for mat og helse

Personar som rømmer frå krig og forfølging har gjerne forlate hus, eigedelar og jobb i heimlandet. Når dei skal starte eit liv som flyktning i utlandet, står dei difor ofte på bar bakke.

Nokre kan ha hatt tid til å planlegge flukta, og kan ha fått med seg sparepengar og viktige dokument, som pass og vitnemål, men mange har flykta utan ein gong å ta med seg det mest nødvendige.

Nokre vert tvinga til å flykte fordi husa deira vart bomba, og dei kom til sitt nye heimland utan andre eigedelar enn kleda dei har på kroppen. Andre forstod kanskje ikkje alvoret då dei reiste, og trudde dei berre skulle vere vekke eit par veker (og pakka for det), men opplever at dei framleis ikkje kan reise attende fleire år seinare. 

I land som har ratifisert flyktningkonvensjonen har flyktningar rett til sosialhjelp og fleire andre ytingar på linje med borgarane i mottakarlandet. Men fire av fem flyktningar oppheld seg i eit land som har problem med svolt eller feilernæring i eiga befolkning, og der heller ikkje borgarane i landet får sosialhjelp eller trygdeytingar.

I akutte kriser, der eit stort tal menneske vert fordrivne på grunn av krigshandlingar, spelar difor det internasjonale samfunnet ei viktig rolle for å sørgje for at flyktningane som kjem får mat og tak over hovudet. FNs høgkommisær for flyktningar leier og koordinerer det internasjonale arbeidet med å verne og hjelpe flyktningar, men samarbeider med andre organisasjonar, som til dømes Verdas matvareprogram (som fekk fredsprisen i 2020) og Leger uten grenser (som fekk fredsprisen i 1999) for å sikre at flyktningane får dekt grunnleggjande behov. 

Foto: Yousef Masoud/SOPA Images/Shutterstock/NTB

Ein familie prøvar å holde seg varme rundt eit båt. Palestinarar utanfor flyktningleira Khan Yunis førebur seg på den kalde vinteren som kjem til Gaza. 

3: Retten til skule og arbeid

Flyktningkonvensjonen seier også at flyktningar har rett til grunnleggjande skulegang for barn, og rett til å ta seg arbeid for å kunne forsørgje seg sjølv. Dette er retten som det er vanskelegare for det internasjonale samfunnet å bistå med, om ikkje mottakarlandet ønskjer å gje flyktningane slike rettar. Og ofte er det motstand mot å oppfylle slike rettar blant befolkninga i land som tek imot mange flyktningar. 

Dersom det kjem mange nye potensielle arbeidstakarar til eit område, vil dei gjerne konkurrere om dei same jobbane som dei som bur der frå før. Dette kan føre til auka arbeidsløyse, og om det ikkje er sterke fagforeiningar og lover som regulerer arbeidslivet, kan auka konkurranse om jobbane føre til at folk må vere villige til å jobbe for lågare løn og dårlegare arbeidsvilkår – som lenger arbeidsdagar – for å få ein jobb.

Difor kjem det ofte krav frå borgarar i land som tek imot mange flyktningar, om at flyktningane ikkje skal få løyve til å arbeide, eller at dei berre skal få jobbe i nokre få sektorar. Nokre arbeidsgjevarar kan derimot vere glade for å få tilgang til billeg arbeidskraft. Slik kan produktiviteten i nokre sektorar gå opp når det kjem store flyktningstraumar til eit land. 

4: Rett til lovleg opphald, og til å bevege seg fritt

Mange av verdas flyktningar bur i flyktningleirar. Ein flyktningleir er eit område kor flyktningar kan bu, og kor det meste av infrastrukturen er retta primært mot behova til flyktningane. Ofte vert sentrale institusjonar som skule og helsesenter drivne av internasjonale- eller velgjerdsorganisasjonar.

Å bu i flyktningleir inneber gjerne at ein har tilgang til det ein treng for å sikre grunnleggjande behov, som mat, hus og helse, men slike leirar vert gjerne lagde på landsbygda, der det er godt med plass, langt frå dei store byane, og det er difor få jobbmogelegheiter og det kan vere vanskeleg å forsørgje seg sjølv. 

Nokre flyktningleirar utviklar seg nesten til små byar med marknadar, butikkar, kyrkjer og skular. Andre leirar vert overbefolka utan at kritisk infrastruktur er på plass, og får dårleg sanitærforhold, avgrensa skuletilbud og ofte manglande sikkerheitstiltak. Resultatet vert at flyktningane kjenner seg for utrygge til å bevege seg rundt på eiga hand. 



Flyktningkonvensjonen presiserer at flyktningar skal kunne reise fritt rundt og sjølv velje kor dei ønskjer å bu. Men i nokre land vert flyktningar pålagde å bu i flyktningleirar, og dei får ikkje lov til å reise fritt rundt i landet, eller å flytte inn til byane.

Dette kan vere fordi styresmaktene ønskjer å avgrense konsekvensane av flyktningane sitt nærvær på den lokale arbeidsmarknaden, eller fordi dei fryktar at politiske eller militære grupperingar kan skjule seg blant flyktningane. 

Tre av fire flyktningar har søkt vern i eit naboland til konfliktområde dei reiste frå, og nokre gongar kan styresmaktene frykte at dei same konfliktane som førte til krig i heimlandet, skal blusse opp hjå dei. Til dømes ønskjer land som Jordan og Irak å hjelpe syriske flyktningar, men fryktar samstundes at IS-sympatisørar skal skjule seg blant dei, og mobilisere støtte i deira eiga befolkning.

5: Når konfliktane vert langvarige

Når konfliktar er kortvarige, treng mottakarland for mange flyktningar først og fremst økonomisk støtte frå det internasjonale samfunnet til å sikre dei grunnleggjande behova til flyktningane. Men konfliktar er ikkje alltid kortvarige. Til dømes har det i delar av Kongo vore pågåande væpna konflikt meir eller mindre samanhengande sidan 1996. 

Andre stadar kan krigen vere over, men flyktningane kan likevel ikkje reise attende, fordi heimlandet deira ikkje ønskjer den gruppa dei tilhøyrer. Det kan vere fordi dei er knytt til den tapande parten i ein konflikt (som IS-krigarane i Syria) og dei risikerer å verte fengsla eller kanskje drepne om dei returnerer; eller dei kan tilhøyre ei etnisk eller religiøs gruppe som er uønskt i heimlandet (som Rohingya-befolkninga i Myanmar). 

I Midtausten bur det i dag fleire hundre tusen palestinarar som vart drivne på flukt under opprettinga av staten Israel og krigane som følgde. Sjølv om det ikkje er nokon pågåande krig i området, har ikkje desse flyktningane mogelegheit til å reise tilbake til sine opphavelege heimland. 

I slike langvarige flyktningsituasjonar er det langt meir komplisert å finne gode langsiktige løysingar for flyktningane.

På sikt vert det etter kvart uhaldbart for flyktningar å bu i leirar og ikkje kunne reise fritt rundt. Det vert også vanskeleg å bu i eit land i mange år utan rett til arbeid eller høgare utdanning. Å ha tilgang på mat, skule og helsehjelp, som verdssamfunnet kan bidra med, er viktig for å ha eit godt liv. Men det er ikkje nok. Mange menneske på flukt drøymer om å kunne forsørgje seg sjølve, og om at barna deira skal ha ei anna framtid enn å sitje i ein flyktningleir og vente og ta imot bistand.

6: Å avlaste vertsnasjonane

Når gjevarland, som Noreg legg opp flyktningbistanden sin, er det nødvendig at ein legg til rette for at vertsnasjonane skal kunne gje flyktningane frå langvarige konfliktar mogelegheita til å busetje seg og leve på lik linje med lokalbefolkninga i landet. 

Nokre har teke til orde for at å hjelpe flyktningane i desse landa, må ein også hjelpe lokalbefolkninga, slik at også desse får tilgang på helsehjelp, skulegang og nedkjemping av fattigdom. Då opplever ikkje lokalbefolkninga at dei må kjempe med flyktningane om avgrensa ressursar, og motstanden mot nærværet til flyktningane vert mindre. Då vert det også lettare å legge til rette for at flyktningane skal kunne verte integrerte i den lokale økonomien. 

Men i nokre land utgjer flyktningane ein så stor del av befolkninga at det kan vere svært krevjande å legge til rette for at dei skal verte integrerte i den lokale økonomien. Då kan det vere nødvendig å avlaste vertsnasjonane, slik at flyktningane vert flytta ut og får tilbod om å busetje seg i andre land. 

Noreg og fleire andre land tek imot såkalla overføringsflyktningar frå naboland til konfliktsoner, og flyktningane frå slike langvarige flyktningsituasjonar vert ofte prioriterte. Men viljen til å ta imot slike overføringsflyktningar er svært avgrensa i dei fleste land, og det låge talet som får tilbod om dette gjer at det har liten effekt på å avlaste mottakarlanda i dag.

7: Når verdssamfunnet kjem til kort

Sjølv om det er brei semje om at alle skal ha rett til å søkje tilflukt ein trygg stad om ein vert utsett for krig eller forfølging, kan det ofte vere vanskeleg å få til gode løysingar for menneske på flukt. 

Flyktningkonvensjonen slår fast at flyktningar skal ha rett til å få dekt grunnleggjande behov for mat, helse og skule. Den seier òg at flyktningar skal ha rett til å ta arbeid og kunne busetje seg kor dei vil. Men mange av landa i verda kor det i dag bur flest flyktninga har ikkje ratifisert flyktningkonvensjonen. I desse landa spelar verdssamfunnet ofte ei viktig rolle i å sikre at flyktningane får dekt grunnleggjande behov. Men når konfliktar vert langvarige, eller flyktningar ikkje kan reise attende av andre grunnar, vil dei ha andre behov som verdssamfunnet slit med å dekke. 

Å ha tilgang på mat, skule og helsehjelp er viktig for å ha eit godt liv. Men det er ikkje nok. Mange menneske på flukt drøymer om å kunne forsørgje seg sjølve, og om at barna deira skal ha ei anna framtid enn å sitje i ein flyktningleir og vente og ta imot bistand.