Hopp til innhold

Tokyo – den austlege hovudstaden – har nær 9 millionar innbyggarar; Stor-Tokyo om lag 40 millionar. Kor berekraftige er slike megabyar?

Foto: stillpictures.com

Japan: Frå trussel til trua? 2

«Taepodong-sjokket» sette ein stoppar for trua på at nabolanda, især slike som det økonomisk lite utvikla Nord-Korea, ikkje utgjorde noen fare for Japan. Alt i alt var det den andre vegen militær maktbruk hadde gått dei siste sju hundreåra – frå Japan og over til det asiatiske fastlandet (med delvis unntak for Russland).

Personer

Paul Midford
er leiar for Japanprogrammet ved NTNU i Trondheim.
  • Korleis gjekk det med Japan frå slutten av 1980-åra?
  • Kor står Japan i dag?

Ein måtte tilbake til sist på 1200-talet, då mongolane to gonger prøvde å invadere Japan, for å finne eit eksempel på militære angrep den andre vegen. Faktisk stammar heile kamikazemyten om at Japan er beskytta av gudane, frå denne tida. Det var kamikazen (gudanes vind) i form av to tyfonar som øydela flåten til dei angripande mongolane og med det redda Japan. Sett i dette lyset kan Taepodong- oppskytinga samanliknast med 11. september, som knuste den amerikanske illusjonen om å vere utanfor rekkevidde for fiendtlege angrep frå andre land.

Taepodong fjerna også etterkrigstidas tru på at ingen ville angripe så lenge Japan ikkje invaderte andre, og elles heldt ein låg profil i internasjonal tryggingspolitikk. No som Japan var innanfor rekkevidde og til og med mål for rakettar frå ein tidlegare, fiendtleg koloni, tiltok trusseloppfatningane. Sjølv om frykta først og fremst retta seg mot Nord-Korea, fekk Taepodong-sjokket japanarane også til å sjå mot Kina og landets veksande militærmakt.

Meir tryggingspolitisk og militær aktivisme

Taepodong saman med den aukande kinesiske makta fekk japanarane til å kjenne seg meir uvisse på eigen identitet, på si rolle i verda og på den nasjonale tryggleiken. Japanske elitar svarte med å styrke banda til USA. I 1997 blei forsvarssamarbeidet med USA utvida. Det blei opna for å gi amerikanske militære operasjonar ikkje-militær støtte bak fronten i regionale konfliktar med direkte verknad for eigen tryggleik. Etter Taepodong gjekk Japan med å starte forsking i lag med USA med sikte på å utvikle eit forsvarssystem mot rakettar. Landet bestemte seg no – for første gong – for å sende opp eigne spionrakettar for å overvake den militære utviklinga i Nord-Korea og Kina.

Denne haukaktige trenden i japansk politikk fekk vind i segla da Junichiro Koizumi blei vald til statsminister i april 2001. Han slo frampå om å endre den japanske grunnlova, som la sterke band på den japanske militærmakta. Vidare ønskte han å støtte USAs internasjonale militære operasjonar meir direkte. På det siste punktet fekk Koizumi eit gyllent høve til å handle etter 11. september 2001. Koizumi synte handlekraft som ingen annan statsminister før han ved sin støtte til den amerikanske gjengjeldinga mot Afghanistan. Japanske marinefartøy eskorterte eit amerikansk hangarskip med kampklare troppar om bord då dei la ut frå Japan til farvatna utanfor Pakistan. Endå tydelegare i støtta si var Koizumi då han raskt fekk igjennom ei antiterrorlov. Denne ga den japanske marinen lov til å drive ein drivstoffstasjon i Det indiske hav med gratis drivstoff til den amerikanske marinen og til skip frå andre land.

Suksessen fekk snart Koizumi til å ta nye steg der han ønskte å utvide japansk deltaking i FN-operasjonar og lette restriksjonane på kystvaktas høve til å bruke makt mot mistenkelege skip i japansk farvatn. I 2002–2003 fekk han igjennom eit lovforslag om å gi regjeringa utvida fullmakter om noen skulle prøve å invadere landet. Noe slikt hadde ikkje japanarane sett sidan 1945. Koizumi støtta den amerikanske invasjonen i Irak utan reservasjonar og lovde å sende japanske soldatar for å hjelpe til. Etter press frå opinionen måtte han likevel vatne ut dette framlegget. Uansett kunne han i 2004 sende japanske militære inn i ein krigssone – for første gong sidan 1945 (rett nok avgrensa til ikkje-militær gjenoppbygging).

Såleis var det mange observatørar som tidleg i 2004 meinte at Japan var på god veg til å bli ein «normal» stat, i stand til å bruke militærmakt som verkemiddel i utanrikspolitikken. Som forskarar har sagt: «Japan var i ferd med å bli Asias Storbritannia – ein alliert som lojalt ville støtte, ja sjølv kjempe ved USAs side i konfliktar verda over.»

Demokratibogen

Også ideologisk såg Japan ut til å nærme seg USA. Landet hadde lenge argumentert for at økonomisk utvikling var viktigare i Aust-Asia enn demokratisering og menneskerettar. Slik kunne landet også dra fordelar av sin økonomiske dominans for å nå målet om å aksle den regionale leiartrøya. No var imidlertid den økonomiske dominansen borte, og Kina trekte stadig fram dei japanske overgrepa under den andre verdskrigen – mellom anna for å hevde sitt mål om politisk leiarskap i regionen.

Japan slo då inn på ein ny veg. Mot slutten av Koizumis regjeringstid og gjennom heile perioden til etterfølgaren Abe talte Japan om å danne ein asiatisk boge av demokrati. Denne bogen skulle strekke seg frå Japan over Filippinane, Australia og India og fram til Afghanistan, Kirgisistan og Mongolia. Observatørar har omtalt denne utviklinga som Japans «seine oppdaging av demokrati».

Kven har mest å fare med?

Denne demokratibogen er både sjølvklar og merkeleg: Sjølvklar fordi den har som tydeleg mål å stenge det kommunistiske Kina politisk ute. Likevel er den merkeleg fordi mange av bogelanda slett ikkje er demokrati (Vietnam, Burma, Pakistan og Usbekistan) eller på veg bort frå demokrati (f.eks. Thailand). Kina prøvde å diskreditere Japans ønske om regional leiarskap ved å spele eit slags «sett hale på barbaren- spel» – ved å ymte frampå om at eit land med ei så barbarisk krigarfortid ikkje burde få innta det regionale førarsetet.

Japan begynte å gjengjelde med eit eige «sett hale på den autoritære-spel». For først gong omtalte Japan no seg sjølv som regionens eldste og mest etablerte demokrati. I Aust-Asia, der konfusianske verdiar gir leiarskap til dei eldre, må ein forstå det japanske kravet om regional leiarskap i kraft av statusen som det eldste demokratiet i regionen. Når kinesarane gjør krav på regional leiarskap, er det i kraft av sin økonomiske leiarstilling. Samtidig meiner dei seg moralsk og sivilisatorisk overlegne naboane. Men det er først i denne nye situasjonen at Japan har begynt å vise til kor viktig det er med liberalt demokrati.

Sumobrytarar i kø. Den nye japanske statsministeren Fukuda har nok av heimlege utfordringar å bryne seg på.

Illustrasjon: politicalcartoons.com

Veksande japansk nasjonalisme

Saman med den nye vektlegginga av demokrati kom ein tydeleg gjenoppblomstring av japansk nasjonalisme og veksande krav om å endre grunnlova slik at landet skal kunne halde seg med ei militærmakt på linje med andre statar. Statsminister Shinzo Abe (frå september 2006) hadde lovd å gi grunnlovsendring topp prioritet. Eit første steg mot å gjøre Japan til ein vanleg stat kom tidleg i 2007. Då fekk forsvarskontoret oppjustert sin status til Forsvarsdepartement.

Det kan derfor verke som om Japan frå då av – etter 60 år – har gjenvunne sin plass som ei vanleg stormakt. Dette er ein stat som både er i stand til og villig til å bruke militærmakt utanlands og til å konkurrere om den ideologiske og militære leiarstillinga i Aust-Asia.

Trass i teikn på økonomisk oppgang i 2003 vedvarte uvissa om Japans styrke. Særleg blei denne uvissa knytt til den fortsatt sterke økonomiske veksten i Kina, ein vekst som langt overgikk den japanske. Målt i kjøpekraft var den kinesiske økonomien allereie større enn den japanske. Kina blei derfor fortsatt sett på som så vel ein økonomisk trussel som ein veksande militær trussel.

Då Nord-Korea i 2002 vedgjekk at dei hadde kidnappa uskuldige japanarar på open gate og at mange av dei hadde døydd i fangenskap, nørte det ytterlegare opp under japanaranes trusselbilde av Nord-Korea. Rakettestar og atomprøvesprengingar i 2006 hadde same verknad. Slik hadde Japan i løpet av 20 år gått heile sirkelen rundt – frå sjølv å bli sett på som ein stigande økonomisk trussel, til sjølv å kjenne seg trua av naboland i Aust-Asia.

Aldrande befolkning og vegskifte

2007 markerer likevel eit vendepunkt. Då tok Japan av frå den vegen mange hadde venta ville bli følgd – meir aktivistisk tryggingspolitikk kombinert med meir ideologisk kappestrid med Kina. I staden bestemte Japan seg for å vende seg innover mot det som meir og meir blir sett som ei veksande innanlandsk kjelde til manglande tryggleik og økonomisk uvisse – Japans sårbare pensjonssystem. Sidan Japan er eit av dei landa i verda der andelen eldre veks raskast, er vegskiftet ikkje overraskande. 

I opinionen er det eit tydeleg ønske om å fokusere meir på inntektsulikskap og økonomisk uvisse. Ved å fokusere meir på heimlege spørsmål har veljarane markert tydeleg avstand til den haukaktige politikken til Koizumi- og Abe-regjeringane med si prioritering av å styrke det militære samarbeidet med USA og sitt fokus på utanrikspolitiske truslar som Nord-Korea og Kina.

Trass den aukande vektlegginga av heimlege spørsmål er japanarar flest – som mange andre verda over – blitt meir skeptiske til USAs utanrikspolitikk etter invasjonen av Irak. Sjølv om japanarane ser ut til å tru at det militære nærveret deira i Irak var humanitært verdifullt for det irakiske folket, så støtta dei aldri invasjonen eller eigne styresmakters militære støtte til krigen. Faktisk kom utviklinga både i Irak-krigen og Afghanistan til å undergrave støtta til drivstoffstasjonen i Det indiske hav og til alliansen generelt.

Politiske tumultar i japansk politikk. Heilt sidan Det liberaldemokratiske partiet (eng. LDP) blei danna i 1955, har det dominert japansk politikk i tett samarbeid med storselskap i landet og det statlege byråkratiet.

Illustrasjon: politicalcartoons.com

Forhold med motsetnader

Ein siste faktor som fekk Japan til å slakke på alliansen med USA og stanse den ideologiske striden med Kina, var dei veksande økonomiske banda til kinesarane. For første gong sidan 1945 var USA i 2004 ikkje lenger den største handelspartnaren til Japan. Det hadde Kina blitt. Medan dei politiske banda til Kina blei svekka under Koizumi-regjeringa, blei dei økonomiske banda stadig sterkare. Mange omtalte det bilaterale (tosidige) forholdet som kald politikk og varm økonomi.

Faktum er at mange forklarer den nye økonomiske veksten – etter meir enn ti år med stagnasjon – med «made in China»: den enorme økonomiske veksten i Kina. Mange japanske næringslivsfolk frykta likevel den politiske spenninga i forholdet til Kina; dei frykta det kunne øydelegge for dei på den kinesiske marknaden. Især frykta dei Koizumis omstridde vitjing til Yasukuni-heilagdommen, eit shintotempel til minne om og heidring av japanske soldatar, mellom dei 14 krigsforbrytarar. Mange i omverda ser derimot  Yasukuni-tempelet som eit symbol på aggressiv japansk militarisme. Grupper av japanske næringslivsfolk pressa derfor på for ein mindre omstridd politikk overfor Kina.

Yasukuni-tempelet. Korfor provoserte det kinesarar og koreanarar så sterkt då den japanske statsministeren Koizumi vitja denne heilagdommen?

Foto: NUPI

Valnederlag

Abes sterke fokus på grunnlovsendring og internasjonal tryggleik og hans motstand mot å ta tak i heimlege spørsmål gjorde veljarane sinte. Og ved val i 2007 stemte dei derfor slik at Japans demokratiske parti (JDP, eng: DPJ) for første gong fekk kontroll med overhuset
i nasjonalforsamlinga (tokammersystem).

Koizumi Abe

Først etter seks veker med kaos etter valet gjekk statsminister Abe av. I hans stad blei Yasuo Fukuda frå LDP  ny statsminister – ein mann som er kjend som ei due i japansk politikk. Valet av han er eit solid brott med haukepolitikken til Koizumi- og Abe-regjeringane og er eit av dei viktigaste resultata av valet i juli – iallfall blir det tolka slik av fleire politikarar og observatørar. I overhuset stemte representantane massivt imot å endre grunnlova, især den delen (artikkel 9) som avgrensar militærmakta. 

I tråd med folkemeininga sette JDP snart ein stoppar for drivstoffstasjonen i Det indiske hav. Det var då også i dette spørsmålet at JDP såg den beste sjansen til å konfrontere LDP og få i stand snarleg nyval til det mektige underhuset i nasjonalforsamlinga. Uansett om JDP lykkast i sin lynmanøver eller ei, synest det siste tiårets aktivistiske japanske tryggingspolitikk å vere over. Japan kjem no – i det minste i dei næraste 3–5 åra og dersom det ikkje kjem til ytre sjokk – til å tone ned sin internasjonale tryggingsrolle. Især gjeld dette operasjonar kopla til amerikanske militæroperasjonar langt unna Japan.

Den nye Fukuda-regjeringa har gått inn for å prioritere å forbetre forholdet til Kina og Sør-Korea, ja sjølv til Nord-Korea. Fukuda har lovd ikkje å vitje Yasukunitempelet og å tone ned omgrepet «demokratiboge ». Japan reduserer den økonomiske bistanden til Burma etter den brutale framferda til dei burmesiske militære i september 2007 (ein japansk journalist blei myrda). Landet har likevel ikkje følgt etter europeiske land og USA i å presse Burma. I staden har utanriksminister Komura sagt at Japan vil legge kursen mellom dei to ekstremane Kina og USA i politikken overfor dei militære styresmaktene i Burma.

Etter alt å dømme ser det ut til at Japan i tida framover vil prioritere heimlege spørsmål som folks uro for velferda si og den aldrande befolkninga. Samtidig søker dei å avgrense støtta til USAs krig mot terror og tenke meir igjennom kva interesser dei har i forholdet til USA. Kor er interessene i strid med kvarandre og kor fell dei saman? Alt i alt kan det verke som om landet no orienterer seg mot ei form for defensiv realisme – ei ny semje om at Japan treng ei «normal» militærmakt på linje med andre små stormakter. Samtidig må landet unngå å bruke makt som eit verkemiddel i utanrikspolitikken. Japanaranes skepsis mot offensiv bruk av militærmakt ser ut til å vere ein av dei største skilnadene mellom Japan og USA. Dette tyder også på at Japan er på veg inn i ei ny tid der landet verken er ein alvorleg trussel eller alvorleg trua.

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Asia
  • Styring

Personer

Paul Midford
er leiar for Japanprogrammet ved NTNU i Trondheim.