Hopp til innhold

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 1 2010

title

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 1 2010

short_description

related_quiz

questions

tasks

  1. Eit barn blir ikkje forstått som det same i i- og u-land. Kva vil det seie? Kva er grunnar til denne skilnaden?
  2. Er barnesoldatar berre folk med våpen i hand?
  3. Blir alle barnesoldatar tvangsrekrutterte?
  4. Kva for oppgåver kan barnesoldatar ha?
  5. Kva er det ved den våpenteknologiske utviklinga som bidrar til å rekruttere fleire barnesoldatar?
  6. Kvifor blir barn rekrutterte til å bli barnesoldatar?
  7. Kven er dei som gjør bruk av barnesoldatar?
  8. Kor i verda finn vi barnesoldatar?
  9. Diskuter påstanden «Ein barnesoldat er berre eit offer for vaksne som utnyttar han.»
  10. På kva stader og korleis blir barn rekrutterte til væpna grupper?
  11. Diskuter korleis barnesoldatar kan ha langvarige konsekvensar for fred, tryggleik og utvikling i heile regionar og samfunn.
  12. Gjør greie for ulike måtar å bringe tidlegare barnesoldatar tilbake til det sivile livet på.
  13. Diskuter om det er riktig å operere med 18-årsgrense for soldatar overalt i verda.
  14. Diskuter om barnesoldatar som har stått for overgrep mot folks menneskerettar, kan bli stilte for retten.
  15. Diskuter korfor det er viktig å trekke tidlegare barnesoldatar med i konfliktløysing.
  16. Skriv ein rapport: Du er ein barnesoldat i ferd med å bli reintegrert tilbake til sivilt liv og bur no i ein heim for tidlegare barnesoldatar. Leiaren der har bede deg om «å skrive deg ut av problema» ved å fortelle kort om bakgrunnen din, korleis du blei rekruttert til opprørsstyrkane, kva du opp-levde der og korleis du opplever det å vende tilbake til samfunnet.

tags

tags_migration