Hopp til innhold

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 13 2010

title

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 13 2010

short_description

related_quiz

questions

tasks

  1. Kor mye har jordas gjennomsnittstemperatur stige sidan den industrielle revolusjonen tok til?
  2. Kva meiner ein med 2-gradersmålet?
  3. Kva meiner vi med “allmenningens tragedie”?
  4. Korfor er det så viktig at USA og Kina blir med på ein forpliktande klimaavtale?
  5. Etter København: Gjør greie for den vidare klimaprosessen på statsnivå.
  6. Gjør greie for faktorar som gjør det vanskeleg å komme fram til ein klimaavtale.
  7. Sjølv om København-møtet var skuffande, var det ikkje heilsvart. Korfor ikkje?
  8. Beskriv utviklinga av dei globale CO2 -utsleppa dei siste 50 åra. Korleis vil du forklare denne utviklinga?
  9. Drøft påstanden: «Alle land i verda må få vere med og forhandle fram ein ny klimaavtale.»
  10. Diskuter kva det vil seie at industrilanda har eit hovudansvar for å gjøre noe med klimaendringane.
  11. Diskuter korfor menneska både må tilpasse seg klimaendringane, men også kraftig redusere utsleppa av klimagassar.
  12. Diskuter korleis ein kan arbeide både på individnivå og på samfunns-/statsnivå for å stanse klimaendringane.
  13. Diskuter korleis klimapolitikk er eit fordelingsspørsmål mellom nord og sør, land, økonomiske sektorar, bedrifter, generasjonar og mellom alle menneska.
  14. Diskuter korfor det kan vere så vanskeleg for eit land å ta første skritt for å løyse klimaproblema
  15. Ta stilling til denne påstanden: «Eg aukar forbruket mitt av fossilt brensel inntil politikarane har tvinga meg med avgifter til å legge om.»
  16. Du blir beden om å vere med i eit prøvepro-sjekt der du får gratis sykkel mot å sykle dei fem kilometrane til og frå skolen. Kva svarer du?

tags

tags_migration