Hopp til innhold

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 24 2010

title

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 24 2010

short_description

related_quiz

questions

tasks

  1. Kva er Charta 77 og Charta 08?
  2. På kva for fagområde blir det årleg delt ut nobelprisar?
  3. Korfor var Carl von Ossietzky ein torn i auget på tyske styresmakter på 1930-talet? Og Lech Walesa på dei polske styresmaktene på 1980-talet?
  4. Gjør greie for korleis Nobelkomiteens fredsomgrep har utvikla seg gjennom dei siste tiåra.
  5. Kven har rett til å nominere kandidatar til Nobels fredspris? Bruk nettstaden til Den Norske Nobelkomité.
  6. Kven sit i Nobelkomiteen?
  7. Kva var massakren på Den himmelske fredens plass?
  8. Du sit i Nobelkomiteen, som har fått fleire forslag om å tildele Den europeiske union (EU) årets fredspris. Gjør greie for argument for og mot EU som fredsprisvinnar.
  9. Hausten 2010 blei Det Norske Nobelinstitutt utsett for eit cyberangrep. Bruk nettet for å finne ut meir.
  10. Diskuter kva som ligg i at Den Norske Nobelkomité er «blitt meir av ein aktør og pådrivar» på 2000-talet? Kva meiner de om ei slik utvikling?
  11. Gjør greie for på kva måte Liu Xiaobo søker å fremme fred.
  12. Kva for argument nyttar den kinesiske ambassadøren i Norge mot årets fredspris? Dagbladet
  13. Kva for argument nyttar Gerhard Heiberg i sin kritikk av Nobelkomiteens avgjerd for 2010? Sjå NRK-video, Aktuelt 03.11.2010
  14. Drøft kva som kan ligge til grunn for at fredsprisen har fått ein meir global karakter dei siste tretti åra.
  15. Diskuter påstanden «Stortinget bør velje ikkje-politikarar og utlendingar som medlemmer av Nobelkomiteen».
  16. Diskuter påstanden: «Årets fredspris er eit tilbakeslag meir enn til fremme av fredens sak.»
  17. Diskuter påstanden «Kina tar feil når dei ser Nobelkomiteens avgjerder som uttrykk for synet til det offisielle Norge.»

tags

tags_migration