Hopp til innhold

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 17 2011

title

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 17 2011

short_description

related_quiz

questions

tasks

  1. Korleis skiller den norske forståinga av nord seg frå den russiske?
  2. Kvar ligg Barentssekretariatet og Arktisk Råd?
  3. Gjør greie for saksfelt som er del av samarbeidet i nord.
  4. Gjør greie for minst tre internasjonale samarbeidsorgan i arktisk politikk.
  5. Kva for ei vestleg oppfatning av Russland var det russarar reagerte mot på 1990-talet?
  6. Kor stor del av dei uoppdaga petroleumsressursane i verda finn ein truleg i Arktis?
  7. Kva går AMEC-samarbeidet ut på?
  8. Kva for saksfelt blir gjerne halde utanfor arktisk politikk?
  9. Kva meiner ein med Nordaustpassasjen og Nordvestpassasjen? Kvar finn vi dei to?
  10. Kven er «dei arktiske fem» og kva har dei felles?
  11. Korleis ser ein dei globale klimaendringane komme til uttrykk i Arktis?
  12. Gjør greie for korfor Arktis har fått ei stigande strategisk vekt i seinare år.
  13. Diskuter påstanden «Kappestrid er ei feil nemning på det som skjer i Arktis.»
  14. Du er politisk rådgivar for den norske utanriksministeren og er blitt beden om å skrive noen sentrale snakkepunkt på eit halvt A4-ark som han skal ha med seg for debatt i TV-studio. Utgangspunktet for tv-debatten er spørsmålet Korfor er Nordområda det høgast prioriterte satsingsfeltet for norsk utanrikspolitikk ?
  15. Diskuter grunnar til at Russland samarbeider med andre land i nord sjølv om dei sitt på om lag 80 prosent av petroleumsressursane i Arktis.

tags

tags_migration