Hopp til innhold

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 22 2011

title

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 22 2011

short_description

related_quiz

questions

tasks

  1. Kva for ein posisjon eller rolle i samfunnet har kvar av dei tre fredsprisvinnarane? Tips: statleg - ikkje-statleg.Kva har dei tre felles, og kva skil mellom dei?
  2. Kven er den yngste som nokon gong har fått fredsprisen?
  3. Diskuter påstanden: «Det var verkeleg fortent at Nobels fredspris for 2011 gjekk til dei tre kvinnene.»
  4. Kva forstår du med at prisen for 2011 blei tildelt for «fredsarbeid i meir tradisjonell forstand»?
  5. Diskuter kor einige de er i formuleringa: «Det er klart at ein meir enn 100 år etter må tolke Nobels testament og tilpasse det til ein ny tid.»
  6. Kva for ein bakgrunn har dei som sit i Den Norske Nobelkomite? Korfor stiller noen spørsmål ved samansetjnga av Nobelkomiteen.
  7. Diskuter denne formuleringa frå grunngivinga av tildelinga for 2011: «Vi kan ikke oppnå demokrati og varig fred i verden med mindre kvinner får de samme muligheter som menn til å påvirke utviklingen på alle plan i samfunnet.»
  8. Diskuter korfor så få kvinner – samanlikna med menn – har fått Nobels fredspris.
  9. Diskuter korleis kvinner kan bidra til å forebygge konfliktar.
  10. Diskuter korleis ein kan integrere eit kvinneperspektiv i fredsoperasjonar.
  11. Diskuter kva det vil seie at kvinner har gått frå å ha ei offerrolle til å ha meir av ei aktørrolle i konfliktar.

tags

tags_migration