Hopp til innhold

Bosnia og Hercegovina: Sameint og splitta på same tid

Vest-Balkan har lenge vore eit uroleg hjørne av Europa. Skiljelinjene er mange og det same er konfliktane. Etter fleire krigar på 1990-talet er situasjonen i dag rolegare. Slovenia er allereie medlem av EU og Kroatia blir det i 2013. Serbia har i seinare år tatt solide skritt i same retning. Men eitt land er blitt hengande etter – det etnisk mest samansette av alle landa på Balkan, nemleg Bosnia og Hercegovina.

Personer

Vegard Valther Hansen
Tidligere ansatt
  • Kva skjer i Bosnia og Hercegovina?
  • Kvar går dei sentrale skiljelinjene i landet?
  • Korleis må ein på Balkan sjå dagen i dag også i lys av hendingar «i går»?
  • Korleis kan det internasjonale samfunnet bidra i Bosnia?

Kring 1990: Revolusjon i Europa

Mot slutten av 1980-åra og tidleg i 1990-åra skjedde det mye i Europa. Supermakta Sovjetunionen hadde store økonomiske problem og opna seg opp overfor det demokratiske og kapitalistiske utlandet. Det overlevde ikkje regimet. Heile det kommunistiske imperiet rakna, og samtidig blei landa i Sentral- og Aust-Europa igjen frie og sjølvstendige. Det kom til ei bølgje av djuptgripande samfunnsomveltingar som påverka alle som fikk oppleve det. Det såkalla jernteppet hadde splitta Europa frå nord til sør sidan 1945, og nå skulle alle sameinast i same båt. Det var i det minste håpet til mange.

Sovjetunionen (som blei dominert av Russland) kontrollerte i praksis utanrikspolitikken til dei fleste av dei kommunistiske landa etter den andre verdskrigen, blant anna i Aust-Tyskland (DDR), Polen, Tsjekkoslovakia, Ungarn, Romania og Bulgaria. Men det eksisterte eit viktig unntak som unnslapp Hegemoni .

Landet til sørslavarane - Jugoslavia

I områda mellom Ungarn i nord og Hellas i sør – det såkalla Vest-Balkan – fanst Jugoslavia fram til 1991. Deretter gikk landet i oppløysing tidleg på 1990-talet for etter kvart å bli delt opp i sju uavhengige statar. Bosnia og Hercegovina (som er den offisielle norske forma) – her bare forkorta til Bosnia – blei ein av desse. Mens oppløysinga av sovjetimperiet gikk ganske fredeleg for seg, blei det atskillig meir bruk av vald i Jugoslavia og især i Bosnia.

Jugoslavia oppsto som ein eigen stat i 1918 – i kjølvatnet av den første verdskrigen. Til å begynne med bar det namnet Kongedømmet av serbarar, kroatar og slovenarar. Men under den andre verdskrigen fikk dei kommunistisk inspirerte partisanane eit overtak i det som både var ein tysk okkupasjon og ein borgarkrig.  Akkurat som i Norge samarbeidde noen innbyggarar på Vest-Balkan med den tyske okkupasjonsmaktan. Men i motsetnad til i Norge blei kamphandlingane i Jugoslavia særs blodige og grusomme. I 1943 erklærte partisanane Bosnia og Hercegovina som ein delrepublikk innanfor den  Føderasjon staten Jugoslavia.

HHD12_12BosniaEtnisk

Etnisk sammensetning i Bosnia

I 1992 ønska litt over halvparten av innbyggarane i Bosnia sin eigen stat, men det var altså langt frå alle. Dei motstridande ønska resulterte i ein borgarkrig som varte til 1995. I den blei nesten 100 000 menneske drepne og over 2 millionar drivne på flukt − nesten halvparten av befolkninga.

For å forstå motsetnadene i dagens Bosnia og Hercegovina må vi langt tilbake i historia. Mange har karakterisert heile Vest-Balkan som eit etnisk og religiøst lappeteppe, især var dette karakteristisk for befolkningssamansettinga i Bosnia. Korfor blei det slik? Noe av svaret ligg i geografien. Vest-Balkan blei eit slags vegkryss for folkevandringar frå aust og så nord, handelsruter, møtepunkt mellom vestlege og austlege delar av Romarriket og mellom kristendommen og islam. Jugoslavia betyr «landet til sørslavarane».

Sørslavarane er altså nært i slekt med russarar, polakkar, slovakar og andre slavarar. Ein antar at slovenarar, kroatar og serbarar var forskjellige folkegrupper, men likevel i nær slekt allereie for ca. 1500 år siden. Da kom dei vandrande frå nord og slo seg ned på Vest-Balkan. Men dei kom naturlegvis ikkje til folketomme område. Noen innbyggarar blei fordrive og drepe, andre blei gifta inn i familiane til dei nye innvandrarane. Blant anna er albanarane etter alt å dømme etterkommarar av folk som bodde på Vest-Balkan før sørslavarane kom frå nord.

Kristne og muslimar

Men det er ingen albanarar i Bosnia og Hercegovina. Og heller ikkje i Kroatia, der det også braut ut krig i 1991 og 1992. Motsetnadene har gått mellom og krigane har vore ført også mellom sørslavarar. Sørslavarane blei først kristne etter at dei slo seg ned på Vest-Balkan. Dei som bodde i dei vestlege delane (hovudsakleg kroatar) kom under påverknad frå pavestaten i Roma og blei derfor katolikkar. Dei som bodde i austlege og sørlege delar (serbarar), fall inn under Aust-Romarriket i Bysants (dagens Istanbul) og blei ortodokse kristne. For å gjøre dette enda meir komplisert har vi også den etniske gruppa bosnjakar, som vil seie «slavisk muslim». Bosnjakane er den største folkegruppa i dagens Bosnia med om lag 48 prosent, mens serbarar utgjør ca. 37 prosent og kroatane ca. 14 prosent.

Men kvar kom islam og bosnjakane frå? Om det rår det strid mellom dei lærde. Og strid om historia – om historiefortolking − er ein viktig del av den politiske kampen i dagens Bosnia. Kan hende fantst det ein versjon av kristendommen blant slavarane i dei utilgjengelege fjella i Bosnia før ottomanane (tyrkarane) brakte islam med seg da dei okkuperte området frå 1400-talet og fram til første verdskrig. Det er også muleg at dei fleste muslimane i dagens Bosnia er etterkommarar av slavarar som konverterte (gikk over til) til islam enten frå katolisismen eller frå den ortodokse tru.

Det kan verke merkelig for oss i Norge at folk er så levande opptatt av kva som hende for fleire hundre år sidan, men slik er det på Vest-Balkan. Under overflata er det fortsatt slik at ein del kroatar og serbarar ser på muslimane (bosnjakane) som etterkommarar av «forrædarar» som slo seg saman med okkupasjonsmakta (ottomanane) for å oppnå politiske og økonomiske fordelar. Ikkje minst blei desse mytane om fortida brukt til å motivere kampviljen i borgarkrigen som raste frå 1992 til 1995.

Det blei ein kamp der befolkninga i stor grad delte seg etter etnisk og religiøs bakgrunn

HHD12_12BosniaEtnisk

Etnisk fordeling Bosnia 2006

. Det same hadde til dels skjedd under den andre verdskrigen. I hovudsak var det kroatar og noen muslimar som sto saman med den tyske okkupasjonsmakta frå 1941 til 1945 − det hevdar i det minste mange serbarar.

Demokrati og uro

Sjølv om folk på Vest-Balkan har hatt ulike religionar og identitetar i mange hundre år, har det vore meir fred enn krig i området. Og det er mange kulturelle forhold som foreiner dei. Dei snakkar eit gjensidig forståeleg språk – enda nærare i slekt enn norsk, dansk og svensk. Dei ser heilt like ut. Dei har same musikktradisjon, mat- og drikkekultur osv. Det som skil, er små nyansar både i språk, klesdrakt, arkitektur, mat og drikke – i tillegg til religion.

Mange har sett det som eit mysterium at krigen i Bosnia kunne bli så blodig. Til ein viss grad var det leigesoldatar frå Serbia og Kroatia som opererte inne i Bosnia, men lokale folk sto likevel for det meste av ugjerningane. Samtidig fanst det mange ekteskap på tvers av religionane (kryssekteskap) før 1991, i det minste i dei store byane som Sarajevo og Mostar. Men det var også i desse byane at kampane var hardast. Korfor?

Spørsmålet over er vanskelig å svare på, men svaret kan ligge i reaksjonar som er meir alminnelege enn vi likar å tru, reaksjonar som kan oppstå i tilfelle der noen opplever at deira kulturelle eigenart er i ferd med å forsvinne og den etniske identiteten mister meining. Under visse omstende kan meir inngifte og utveksling skape større snarare enn mindre fare for ein valdeleg eksplosjon.

Historiene er mange i Bosnia om folk som var i barne- eller tenåra på slutten av 1980-talet, og som kom heim til foreldra og spurte: Er eg bosnjak, eller serbar, eller kroat, eller jugoslav? Det kunne dei ikkje vite, det hadde aldri vore tema i heimen. Eller kanskje var dei av blanda herkomst, for eksempel at mor var serbar (ortodoks kristen) og far var bosnjak.

Da dei første frie vala blei gjennomførte i Jugoslavia i 1989, begynte noen politikarar å framheve og spele på etnisk og religiøs identitet. Demokratisk partipolitikk handlar jo i stor grad om å tydeliggjøre sitt eige parti, blant anna ved å framheve forskjellar til andre: «Stem på meg, eg representerer deg best, og husk at du er ein katolikk/ortodoks/muslim.»

NATO grip inn

Det blei gjort fleire forsøk på å mekle i striden, både frå FN og frå EU. Men kvar gong stranda forsøka. FN-styrkane hadde ikkje mandat til stort anna enn å beskytte sendingar med naudhjelp. Etter kvart tok det internasjonale tålmodet slutt. Stadige bilde av døde og flyktande kvinner, barn og gamle skapte eit press i opinionen i vestlege land. Ein kunne ikkje bare sitje og sjå på! Når så massakren på ca. 7000 bosnjakar i den lille byen Srebrenica i juli 1995 kom for ein dag, greip NATO inn militært med sine flyvåpen. NATO-fly bomba serbiske stillingar, noe som skapte militært handlingsrom for kroatar og bosnjakar. Plutseleg var det serbarar som blei drive på flukt. Bosnia fikk ein ny runde med såkalla «etnisk reinsing». Det vil seie at heile område blei tømt for folk av ein viss etnisk  bakgrunn.

HDD12_12FNHjelpBosnia

FN-kolonne med hjelpesendinger i Bosnia

NATOs militære inngripen blei etterfulgt av eit valdsamt politisk press frå USA. Dei samla representantar for dei krigførande partane − også frå nabolanda Kroatia og Serbia − til forhandlingar på ein militær flyplass i Dayton (USA). Etter to veker med knallharde forhandlingar kom dei fram til ei avtale – den såkalla Dayton-avtala i november 1995. Avtala innebar at staten Bosnia og Hercegovina skulle eksistere, men at landet skulle delast i to omtrent like store einingar som fikk utstrakt sjølvstyrerett (autonomi).

  • Republika Srpska. I denne eininga var det underforstått at serbarane skulle vere i fleirtal
  • Føderasjonen. I denne eininga skulle det vere flest bosnjakar og kroatar. For at ikkje kroatene skulle bli dominert av dei langt fleire bosnjakane, blei Føderasjonen i tillegg delt opp i 10 kantonar (omtrent som fylka i Norge).

Ein unik stat

Dayton-avtala skapte ein stat som det ikkje finst make til i heile verda. Det er i praksis 14 regjeringar i landet, og dette gjør fornuftig styring nesten umuleg. Bosniarane kranglar heile tida om kven som har rett til å bestemme kva. Men i tillegg til lokale politikarar har Bosnia i praksis blitt styrt av utanlandske byråkratar og politikarar sidan 1996. Ifølge Dayton-avtala blei det oppretta ein internasjonal Høgrepresentant, som fikk makt til å avsetje einkvar politikar og byråkrat, og vedta eller setje ut av kraft ei lov. Særleg fram til 2005 brukte Høgrepresentanten sin store makt nokså ofte. Først og fremst er det Høyrepresentantens nærvær som får enkelte bosniarar til å meine at landet ikkje er ein sjølvstendig stat.

HDD12_12EUdisiplineringBalkan

Teikning:politicalcartoons.com

Knapt noen var nøgde med den staten som Dayton-avtala la grunnlag for. Bosnjakane ville ha ein sterkare og meir sentralisert stat, serbarane ville i stor grad lausrive seg frå resten av Bosnia og kroatane ville ha si eiga eining – utan bosnjakane. Vestlege land og Høgrepresentanten var stort sett på parti med bosnjakane – dei ville også ha ein sterkere stat. For å oppnå dette lokka ein med EU- og NATO-medlemskap. Men for at Bosnia skulle oppnå slikt medlemskap måtte landet gjøre visse endringar i grunnlova. Og det har
skjedd reformer og endringar i Bosnia sidan 1995. Meir makt er overført til sentralt nivå, blant anna har dei fått ein felles hær, etterretningsteneste, skatteinnkrevjing, felles valuta, sentralbank og anna.

Bosnia hanglar vidare

Den politiske striden og ordbruken er imidlertid fortsatt skarp, prega av harde utfall mot «dei andre». I all hovudsak stemmer veljarane framleis etter etnisitet. Det finst serbiske, kroatiske og bosnjakiske parti, men nesten ingen som reelt sett har multietnisk appell, dvs. parti med oppslutning i fleire etnisk−religiøse leire. Vi ser også at den etniske rensinga ikkje er blitt reversert i særleg grad.

Sjølv om folk etter Dayton-avtala hadde rett til å flytte tilbake til der dei budde før krigen, har veldig få gjort det. Dei føretrekk område der deira eiga folkegruppe allereie er i flertal. Krigen har derfor ført til at Bosnia ikkje lenger er eit etnisk lappeteppe. Snarare finst det store, samanhengande område som enten er serbiske, kroatiske eller bosnjakiske.

Det fører også til at skolane og nærmiljøa har endra karakter, folk veks ikkje lenger opp saman med folk med annan religion. På skolane blir det vanskeleg å operere etter felles læreplanar for heile landet. I dei ulike einingane blir det undervist i til dels ulike versjonar av historia, og språka dei bruker, blir også meir forskjellige. Det ser i det heile tatt ikkje ut til at folk som bur i Bosnia, veks nærare kvarandre. Snarare går utviklinga i motsett retning.

Det er vanskeleg å seie kva som vil skje i Bosnia i åra som kjem. Det finst framleis dei som er redde for at ein ny borgarkrig skal oppstå, kan hende som følge av at serbarane i Bosnia gjør alvor av trusselen sin om å lausrive seg. Det er også mange frustrerte unge menn som verken har jobb eller gode framtidsutsikter – ein kime til sosial uro og eit faremoment for eitkvart samfunn. Betre blir det knapt når den økonomiske situasjonen er miserabel og politikarane etter valet i 2010 brukte over eitt år på å etablere ei ny regjering.

Ein annan vedvarande verkebyll i Bosnia har vore folk som er etterlyste for krigsbrotsverk og spørsmålet om å bringe desse for retten: Karadzic, Mladic, Ganic og andre. På dette feltet synest det likevel å ha løsna sidan dei sentrale er blitt utleverte til Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for det tidligere Jugoslavia (ICTY) – Jugoslavia-domstolen – i Haag.

Samtidig har verda endra seg, og det har også folk i Bosnia. Mange har i minnet kor ille dei hadde det under krigen og ønsker seg naturlegvis fred (krigstrøytte). EU prøver å ta ei større rolle i Bosnia og pressar på for reformer. Det verkar difor mest sannsynleg at dagens politiske system kan hangle og gå noen år til. Ingen er nøgde − det er dyrt å drive alle dei overlappande offentlege etatane, folk stemmer på etniske parti – men det er i det minste ikkje krig. Og det er kan hende det viktigaste ein har oppnådd med Dayton-avtala. Folk blir ikkje lenger drepe av kuler og granatar.

Arbeidsoppgaver

Oppgaver

  1. Kva betyr namnet Jugoslavia?
  2. Kva meiner ein med etnisk reinsing?
  3. Betyr bosniar og bosnjak det same?
  4. Gi eksempel på ekteskap av blanda herkomst i Bosnia.
  5. Kva for ei rolle spelar Høgrepresentanten?
  6. Korleis var den andre verdskrigen ein kamp på to frontar for mange i Jugoslavia?
  7. Kva held artikkelen fram som ein viktig føresetnad for oppløysinga av Jugoslavia?
  8. Gjør greie for den prosentvise fordelinga mellom det tre etniske hovudgruppene i Bosnia.
  9. Gjør greie for den store forskjellen mellom dei to karta frå 1991 og 2006. Kva for ein prosess har funne stad mellom det to åra?
  10. Korfor ligg det ekstra mye sprengstoff i det når politikarar på Balkan tar til med å framheve og spele på etnisk og religiøs identitet?
  11. Gjør greie for faktorar som kan sameine bosniarane.
  12. Kva var det viktigaste resultatet av Dayton-avtala?
  13. Diskuter kor riktig det var av NATO å gripe inn i krigen i Bosnia i 1995? Bruk også andre media.
  14. Drøft påstanden «Bosnia går ei lys framtid i møte.»
  15. Drøft kva for ei rolle Den europeiske union (EU) kan spele for landa på Balkan, især for Bosnia.
  16. Diskuter kor klok oppbygginga av den bosniske staten er.
  17. Drøft påstanden: «Nær 20 år etter borgarkrigen i Bosnia bør alle som er sikta for krigsbrotsverk, sleppe fri.»

Temaer

  • NATO
  • Europa
  • Fredsoperasjoner
  • Styring
  • EU

Personer

Vegard Valther Hansen
Tidligere ansatt