Er reint miljø ein menneskerett?

Publisert: 24. Sep 2012

«Gitt den massive trusselen som klimaendringane utgjør for menneskerettar, er det realistisk å tru at statar vil godta at dei pliktar å samarbeide for å handsame klimaendringane. Innholdet i plikta må ein forstå i lys av kva menneskerettsdomstolar har uttalt om miljøøydelegging. Eit minimum for ei slik tilnærming krev at statar ikkje øydelegg menneskerettane til dei som er mest sårbare for klimaendringar.»

Slik formulerte John Knox seg i 2012 − den første såkalla «uavhengige eksperten» for menneskerettar og miljø, utnemnd av FNs menneskerettsråd for å fremje betre miljøpolitikk.

  • Kva samband er det mellom menneskerettar og miljø?
  • Vil menneskerettar kunne gi klimaforhandlingane ein ny giv?
  • Kan menneskerettar fremje betre prosjekt for skogbevaring?
  • For kven er retten til eit tilfredsstillande miljø viktigast?

2: Sterkare kopling menneskerettar - miljø

Klimaendring er bare eitt av miljøproblema; andre handlar blant anna om øydeleggande ressursuthenting, til eksempel gruvedrift eller oljeutvinning, overforbruk av vatn, farleg avfall …. I tillegg kjem lokal forureining av vatn, jord og luft. Transport av farleg avfall til statar med svake kontrollsystem er eit veksande miljøproblem. Dette omfattar opphogging av båtar, deponering av giftig avfall og fjerning av element frå mobiltelefonar og anna elektronikk. Norge fekk ein smak av dette ved eksplosjonen i Vest Tank-anlegget i Gulen kommune i 2007.

HHD12_16JohnKnox

FNs miljøprogram (UNEP) har peika på tre koplingar mellom menneskerettar og miljø:

  • Godt naturmiljø er ein føresetnad for i det heile å kunne nyte godt av alle menneskerettane
  • Viktige menneskerettsprinsipp må ligge til grunn for beslutningsprosessar som angår miljøet. Der vil ytringsfridom mellom anna seie retten til å søke og motta opplysningar, i tillegg til sjølv å kunne ytre seg.
  • Retten til eit reint miljø må bli anerkjen som ein menneskerett i seg sjølv.

3: Er reint miljø ein menneskerett?

Når FNs miljøprogram tok opp reint miljø som ein menneskerett, skreiv dei også: «Dette er ei omstridd tilnærming.»  Likevel har 140 statar, blant dei Norge, anerkjent retten til eit reint miljø i sine grunnlover.  Paragraf 110b i den norske grunnlova seier: «Enhver har Ret til et Milieu som sikrer Sundhed…»

I FNs menneskerettskonvensjonar er miljø nemnd i avsnitt som omhandlar helse, i Barnekonvensjonen og i Konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. I den siste heiter det blant anna: «Ikkje i noko tilfelle må eit folk bli frårøva eksistensgrunnlaget sitt

HHD12_16VanskelegVegvalg

Kva for ein veg skal ein velje, som både er berekraftig og rettferdig? Teikning: politicalcartoons.com

Retten til reint miljø er ikkje direkte omtalt i den europeiske menneskerettskonvensjonen eller i den europeiske sosialpakta. Likevel er fleire statar dømde i Den europeiske menneskerettsdomstolen og påtalt i Den europeiske komité for sosiale rettar. Desse statane har ikkje forhindra miljøskade, noko som har krenka retten både til privatliv og til helse.

Både afrikanske og interamerikanske menneskerettstraktatar anerkjenner retten til eit reint miljø. I den førstnemnde som «folkas rett» (boks s. 5). I det (inter-)amerikanske systemet har ei rekke krav som er reist av urfolk, fått tilslutning. Her har urfolkas eigedomsrett og bruksrett til leveområda deira blitt redusert som følge av at styresmaktene har tillate både tømmerhogst og plantasjedrift. Dette er drift som ofte fører med seg miljøskadar, men som under andre føresetnader og driftsmåtar kunne ha gitt positive utviklingseffektar.

4: Klima og menneskerettar

Miljø og menneskerettar har vore drøfta og diskutert kvar for seg over lengre tid. Koplinga mellom klimaendringar og menneskerettar er av nyare dato. Utfordringa er at det først i ettertid kan bli slått fast om krenking av menneskerettar har skjedd. Korleis klimaendringane verkar inn på menneskerettane, kan vi primært føreseie eller varsle at vil skje i framtid (sjølv om vi allereie ser at det blir mindre is i Polhavet). Samtidig handlar det å realisere menneskerettar først og fremst om å hindre at skade eller krenking skjer −  ikkje bare å bøte på skaden etter at den har skjedd.

Menneskerettar blir vedvarande krenka verda over − som retten til liv, mat, best mogleg helse, tilfredsstillande bolig, trygt drikkevatn og sanitærforhold og til sjølvråderett. Dette gjeld også forbodet mot å ta frå folk eksistensgrunnlaget.  I tillegg kan både retten til eigedom og retten til å praktisere eigen kultur bli vanskelegare å etterleve.

Ei plikt til å samarbeide er vektlagt innanfor klimaregimet. Det er altså einigheit om at industriland og utviklingsland har felles, men ikkje like store forpliktingar (vi er i same båt, men i-landa er også dei som gjennom lang tid har fylt opp det globale luftrommet med klimagassar og som framleis gjør det langt meir enn u-land).

HHD12_16Megaby

Skal det vere ein menneskerett å kunne puste i nokonlunde frisk luft?

Den plikta statar har til å samarbeide internasjonalt er særleg vektlagt i Konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Denne konvensjonen anerkjenner dei aller fleste av dei menneskerettane som blei nemnde over. Den seier også at alle statar − uansett økonomiske føresetnader − har plikt til å treffe målretta tiltak for å trygge menneskerettane og å avskaffe diskriminering.

Samtidig er det vanskeleg å fastslå om ein stat faktisk kan haldast ansvarleg for å ha sleppt ut klimagassar som har ført til krenking av menneskerettar i andre land. Domstolar i USA har gått lengst i å etablere samanhengar mellom utslepp av klimagassar, global oppvarming og konsekvensar for lokalsamfunn i Alaska.

5: Den grøne utviklingsmekanismen

Eitt av verkemidla som blei vedtatt i Kyotoavtala, var den grøne utviklingsmekanismen(CDM – Clean Development Mechanism). Her samarbeider land som har underskrive Kyotoavtala (i-land minus USA og nokre få andre) med u-land om å etablere berekraftige prosjekt der.

Etter CDM-mekanismen  kan prosjekt i utviklingsland som blir miljøgodkjente − etter spesifikke reglar − bli tildelt eit visst antall sertifiserte utsleppsreduksjonar (CER). Desse blir kjøpt (ein av fleire typar klimakvotehandel) og brukt i klimautsleppsrekneskapane til statar eller selskap i det globale nord. Dermed kan dei lettare og billegare nå sine forpliktingar etter Kyotoavtala. U-landa får ein meir berekraftig teknologi.

Eit CDM-prosjekt må altså

  • vere godkjent av den staten der bygging skal skje (vertslandet)
  • bidra til berekraftig utvikling
  • bidra til reduksjon i klimautslepp.

Om lag halvdelen av prosjekta finn vi innanfor vind- og vasskraft.

HHD12_16Urfolk

Mange innvendingar har vore reist mot CDM-ordninga. Mellom anna blir det sagt at miljøkomponentane som CDM finansierer, ville ha blitt inkludert uansett i dei fleste prosjekta. Nokre av dei mest lønnsame CDM-prosjekta – som utgjør halvparten av dei CER-kvotane som er kjøpt av norske verksemder – er knytte til destruksjon av ein særskilt giftig gass. Denne gassen er eit restprodukt av ein kjølegass som har vore forbode i Norge sidan 2003. Frå 2013 har EU forbode handel med kvotar knytte til kjølegassproduksjon på den europeiske kvotemarknaden, men det vil framleis vere muleg å kjøpe CER frå produksjon utanfor EU.

CDM-ordninga har svake mekanismar for å sikre at folk som blir påverka av dei aktuelle prosjekta, blir nok trekte med (konsultert) i utforminga og gjennomføringa av dei. Eksempel på prosjekt som krev god involvering av lokalbefolkninger, er skogplantingsprosjekt, som kan gå utover lokalsamfunns hausting av ressursar.

I årsrapporten om CDM for 2011 er menneskerettar omtalt for første gang. Vidare varslar rapporten at prosessane med å godkjenne CDM-prosjekt skal bli prega av større openheit og deltaking. Dei organa som ser til at CDM-prosjekta etterlever dei konkrete reglane, skal også bli gjort meir ansvarlege.  Som vi såg over, er både ansvarlegheit, openheit og deltaking sentrale menneskerettsprinsipp. Effektiv realisering av folks menneskerettar får vi først når desse prinsippa blir knytte til grunnleggande menneskerettar.

6: Skogbevaring og menneskerettar

Norge har tilhørt pådrivarane for å fremje tiltak for skogbevaring. Desse tiltaka handlar om at statar som kan dokumentere at avskoginga stanser, dei skal få betalt for det. Dei betalande statane kan på si side få godskrive dei reduserte utsleppa i eigen utsleppsreknskap. Tropiske skogar som ikkje blir hogd, held nemleg fram å binde CO2.

Skograsering står for så mye som 20 prosent av globale utslepp av klimagassar. Som for skogplantingstiltak innanfor CDM må berørte lokalsamfunn bli trekte med i skogbevaringsprosjekta, men krava til slik involvering er strengare.

Retningslinjer for slik involvering blei i 2012 vedtatt av FNs skogprogram (UN-REDD) og Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility. Ifølge retningslinjene er det avgjørande at dei statane som har UN-REDD-program, er trygge på at aktivitetane skjer i samsvar med menneskerettane, og etterlever:

  • FN-erklæringa om urfolks rettar(sjå boks s. 5)
  • FNs retningslinjer for urfolksspørsmål  
  • Konvensjon 169 frå Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) om urfolk og stammefolk.

Sjølv om alle desse avtalene omhandlar urfolk, gjeld retningslinjene også såkalla skogavhengige lokalsamfunn. Dette vil seie at også nokre lokalsamfunn er omfatta av retningslinjene sjølv om dei ikkje er anerkjent som urfolk av eiga regjering.

7: Nasjonale tiltak for klimatilpassing

Både CDM- og skogbevaringsprosjekt handlar først og fremst om tiltak i utviklingsland. Desse tiltaka skal redusere behovet for tiltak i industriland (få mest muleg klimatiltak ut av kvar euro eller krone). Mindre merksemd har vore retta mot korleis utviklingslanda kan få hjelp til å tilpasse seg klimaendringane. Klimatoppmøtet i Durban i 2011 løfta fram slik klimatilpassing. Der blei Det grøne klimafondet (GCF) vedtatt med mål å fremje eit systemskifte mot lavutsleppssamfunn og som er motstandsdyktige mot klimaendringar.  Eit anna mål var  å spesifisere krav til nasjonale planar for tilpassing.

Ingen av desse nemner menneskerettar eksplisitt. Dei seier bare at prosjekta og planane skal sikre involvering av relevante aktørar. Sårbare grupper, kvinner og urfolk blir nemnde særskilt. Klimafondet skal også etablere såkalla miljømessige og sosiale sikringstiltak. Slike sikringstiltak – som også er sentrale i CDM – kunne ha bygd på ei menneskerettsbasert tilnærming, slik retningslinjene for REDD-prosjekt gjør.

Når CDM blei etablert utan at det blei vist til menneskerettar, skuldast det at CDM er del av Kyotoavtalen – altså vedtatt i ei tid da ein var lite bevisst på koplinga mellom miljø og menneskerettar. I CDMs årsrapport for 2011 opnar ein likevel for at CDM må ta til seg den aukande kritikken om at CDM-prosjekt ikkje tar opp menneskerettar.