Hopp til innhold

Arbeidsoppgåver og lenkeforslag til HHD nr. 24 2015

title

Arbeidsoppgåver og lenkeforslag til HHD nr. 24 2015

short_description

related_quiz

questions

tasks

  1. Kva meiner vi med eit pluralistisk samfunn?
  2. Kva meiner vi med eit autoritært samfunn?
  3. Kva forstår vi med «ikkje-reversible reformer»?
  4.  Kva meiner ein med uttrykket plattismen i amerikansk utanrikspolitikk?
  5. Korfor kom det til eit slags samanbrot i den kubanske økonomien tidleg på 1990-talet?
  6. Kva var «Berlinmuren» mellom Florida og Cuba?
  7. Kva har styresmaktene på Cuba sagt når det gjeld politiske reformer? Kva skjer i praksis på det politiske feltet?
  8. Korleis har dei økonomiske reformene påverka kvardagen til kubanarar flest?
  9. På kva måte har privat sektor fått større plass i den kubanske økonomien i dei siste åra?
  10. Diskuter kva for hinder ei normalisering av forholdet mellom Cuba og USA står overfor.
  11. Diskuter kva for eit av dei tre scenarioa de trur vil vinne fram på Cuba. Stikkord: Kina, Mini-Florida og Skandinavia.
  12. Skriv ned kva for tankar du ville ha gjort deg om dei nye tonane i forholdet mellom Cuba og USA om du er ein typisk
  • eksilkubanar i femtiåra i Florida
  • kubanar i tjueåra på Cuba
  • kubanar i femtiåra på Cuba
  • menneskerettsaktivist på Cuba
  • eldre pensjonist på Cuba
  • vanleg amerikanar busett i New York

Lenkeforslag til denne artikkelen

tags

Politikk og menneskerettigheter (programfag), gjøre rede for regionale og globale samarbeidsformer, drøfte betingelser for medborgerskap og demokratiske styreformer

tags_migration

Politikk og menneskerettigheter (programfag)