Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Fører kvotering til sosial rettferd?

Kva er konsekvensane av politisk kvotering? Dette er spørsmålet NUPI-forskar Francesca R. Jensenius har sett på i den nye boka si. På denne boklanseringa snakkar ho og Mari Teigen (ISF) om dei viktigaste funna i boka og relevansen dei har for politisk inkludering i andre samanhengar, slik som i Noreg.
20 juni 2017
14:45 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Engelsk

Over heile verda blir det arbeidd med å inkludere fleire kvinner og minoritetar i politikk og på andre område, med eit uttrykt mål om framme sosial rettferd. Men kan slike institusjonelle endringar rokke ved veletablerte sosiale normer? Og kva resultat bør vi forvente av ulike tiltak?

Boka «Social Justice Through Inclusion: The Consequences of Electoral Quotas in India» er ein empirisk studie av eit av dei mest omfattande kvoteringssystema i verda: dei reserverte plassende for “Scheduled Castes” (Scs) – dei tidlegare «untouchables» – i Indias lovgivande forsamlingar. 

Tilhengjarar av kvotering viser gjerne til ei rekkje antatte positive konsekvensar av slike tiltak. Denne boka set søkjelyset ein burde forvente av ulike typar tiltak, og legg grunnlaget for ein komparativ forskingsdagsorden for inkluderingspolitikk.

I denne boklanseringa samanfattar Jensenius nokre av dei viktigaste diskusjonane og funna i boka. I samtale med Mari Teigen (Forskar ved ISF og leiar for CORE – Senter for likestillingsforsking) diskuterer ho så korleis desse funna frå India kan bidra til pågåande diskusjonar om inkluderingspolitikk og kva slags konsekvensar ein kan forvente av ulike tiltak.

Vi serverer forfriskingar frå klokka 14.45, arrangementet startar 15.00.

Arrangementet blir strøymt på YouTube-kanalen vår.

Talere

Francesca R. Jensenius
Tidligere ansatt
Mari Teigen
Forsker ved ISF og leder for CORE – Senter for likestillingsforskning
20 juni 2017
14:45 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Engelsk