Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Cybertryggleik og vernet av kritisk infrastruktur – eit amerikansk perspektiv

Michael Chertoff deler erfaringane sine frå tida som leiar for US Department of Homeland Security, og han skal snakke om korleis vi best mogleg kan sikre kritisk infrastruktur mot cyberangrep.
26 august 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Cyber
  • Utenrikspolitikk
  • Nord-Amerika
  • Engelsk

Koordineringa av cybertryggleik mellom ulike statlege aktørar og det private er vanskeleg. Dette gjeld i USA så vel som i Noreg. Korleis skal vi klare å løyse desse utfordringane?

Det er dette Michael Chertoff skal snakke om når han gjestar NUPI på måndag. Han skal fortelje om erfaringane han sit igjen med frå tida som United States Secretary of Homeland Security og lærdommar frå då han var med på å forme ut USAs nasjonale cyberstrategi. Han kjem også til å dele sine tankar om korleis vi best kan verne kritisk infrastruktur, sett frå eit amerikansk perspektiv.

Michael Chertoff var United States Secretary of Homeland Security frå 2005 til 2009. Han er ekspert på førebygging av og reaksjonar på cybertrusler, og har vore med på å forme ut USA Patriot Act. Han er medgrunnleggjar og leiar av Chertoff Group, eit konsulentfirma for risiko- og tryggingsvurdering.

Seniorrådgivar på NUPI Karsten Friis er ordstyrar på dette seminaret.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Michael Chertoff
Chertoff Group, former United States Secretary of Homeland Security
26 august 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Cyber
  • Utenrikspolitikk
  • Nord-Amerika
  • Engelsk