Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Ei verd av mistillit – tillitsbruddet mellom Russland og Vesten

Forholdet mellom Russland og Vesten hamna i ein nedovergåande spiral etter krisa i Ukraina i 2014. Kva er konsekvensane, og kva kan gjerast for å dempe spenninga?
27 september 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Nord-Amerika
  • Engelsk

Vi serverer frukost frå 08.30!

Vi har sett troppar bevege seg nærare grensa mellom NATO og Russland, og ein drastisk auke i militære øvingar frå begge sider. Det er også snakk om eit nytt våpenkappløp, og det breie institusjonelle rammeverket som blei bygd etter den kalde krigen for å integrere Russland i Vesten er i ferd med å gå i oppløysing.

Økonomisk samarbeid var ein gong meint som ein hovudmekanisme for å byggje tillit og binde Russland og Vesten saman i felles interesser. I dag har økonomisk innverknad blitt til eit våpen i konfliktforholdet. Sjølv forholdet mellom Noreg og Russland, som har utvikla eit sterkt partnarskap i Nordområdene over 20 år, ser ut til å forverrast raskt.

Korleis hamna vi her? Og kva kan gjerast for å dempe spenninga? Dette seminaret undersøkjer korleis mistillit har bidratt til denne nedovergåande spiralen. Sjølv om det heilt klart er drivarar innanriks bak det forverra forhalde, vil denne samtalen dreie seg om den mindre handfaste prosessen som har skjedd mellom Russland og Vesten.

Andrey Kortunov, leiar av Russian International Affairs Council skal saman med seniorforskar på NUPI, Julie Wilhelmsen, diskutere kjeldene til mistillit på russisk og vestleg side. Dei skal også identifisere potensielle saker som kan bidra til å byggje opp att tilliten.

Dette arrangementet er ein del av NUPIs seminarserie «Ei verd i mistillit». Tidlegare har vi hatt fokus på MidtaustenTrump og USA, den demokratiske kapitalismen og Kina, og under Arendalsuka snakka vi om Noreg i ei verd av mistillit.

Seminaret blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

I samtale

Andrey Kortunov
Russian International Affairs Council
Julie Wilhelmsen
Forsker 1
27 september 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Nord-Amerika
  • Engelsk