Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kva har Brexit å seie for Norden?

Storbritannias avgjerd om å trekkje seg ut av EU i 2016 markerte eit skilje i historia om europeisk integrasjon. Kva betyr Brexit for dei nordiske landa?
12 april 2018
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Norden
  • EU
  • Engelsk

Mens dei langsiktige konsekvensane av Brexit framleis er usikre, har Brexit allereie endra det europeiske politiske landskapet. På dette arrangementet spør vi kva konsekvensar Brexit kan ha for dei nordiske landa, både felles og individuelt. Historisk har det vore ein nær og ofte eksplisitt samband mellom Norden og Storbritannias tilnærming til den europeiske integrasjonsprosessen.

Sidan Storbritannia slutta seg til Dei europeiske økonomiske fellesskapa i 1973, har mange identifisert seg med den britiske posisjonen i unionen, og ein har sett på Storbritannia som ein viktig "no-nonsense"-stemme rundt integrasjonsspørsmål. Kva endringar kan vi forvente å sjå i dei nordiske statanes forhold til EU etter Brexit? Kva endringar vil vi få i interne debattar om europeisk integrasjon og EU-medlemskap? Kva slags bilaterale forhold vil dei nordiske landa søkje med Storbritannia, og korleis vil dei reagere på skiftande dynamikk i EU og mellom EU-medlemmer og ikkje-medlemmer?

Arrangementet er finansiert av Konrad-Adenauer-stiftsung Nordic Countries Project, og er knytt til forskingsprosjektet "Nordisk svar på geopolitiske endringar", finansiert av Nordisk ministerråd (2017-2018). Elisabeth Bauer, leiar av KAS-kontoret for dei baltiske landa og nordiske land, vil seie nokre opningsord på starten av arrangementet.

Deltakarar:

Björn Fägersten er seniorforskar og direktør for Europaprogrammet ved Utrikespolitiska Institutet i Sverige. Hans forskingsinteresser er blant anna europeisk integrasjon, tryggingspolitikk og internasjonale institutsjoner. Han jobbar også med geopolitiske konsekvensar av Brexit, etterretningssamarbeid i internasjonale sikkerhetsinstituasjoner og politisk risiko i offentleg opg provat sektor.

Henrik Larsen er ein Jean Monnet-professor ved Institutt for statsvitskap, Københavns Universitet. Han forskar blant anna på betydninga av teori i utanrikspolitisk analyse, EU som normativ makt, dansk utanrikspolitikk og EU's utanrikspolitikk og Brexit.

Kristin Haugevik, seniorforskar og leiar av NUPIs forskingsgruppe om global orden og diplomati leier arrangementet.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Elisabeth Bauer
leder av kontoret for baltiske og nordiske land, Konrad-Adenauer-Stiftung, Tyskland
Björn Fägersten
seniorforsker og programsjef, Utrikespolitiska Institutet, Sverige
Henrik Larsen
Jean Monnet Professor, Institutt for statsvitenskap, Københavns Universitet
12 april 2018
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Norden
  • EU
  • Engelsk