Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kan EU takle dei store utfordringane som kjem?

Ivan Krastev ser nærare på EUs framtid, og om unionen er klar for å takle dei store utfordringane med migrasjon, spreiinga av høgrepopulisme og uro i aust.
20 november 2018
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • Engelsk

I den tankevekkjande boka si After Europe frå 2017 reflekterer Ivan Krastev over EUs framtid – og dens potensielle mangel på ei framtid. Han argumenterer for at med nasjonalistiske, høgrevridde parti i framvekst på tvers av kontinentet, og eit Storbritannia på veg ut av EU, er unionen under press som aldri før.

Boka tar for seg Europas største utfordringar, frå den politiske uroa som blei forårsaka av meir enn 1,3 millionar migrantar frå Midtausten, Nord-Afrika og Sør-Asia, spreiinga av høgreradikal populisme, og dei vanskelege spørsmåla medlemsstatar i aust står ovanfor. Krastev tar også opp den illevarslande politiske, økonomiske og geopolitiske framtida som ventar kontinentet dersom EU skulle gå i oppløysing. Boka blei gitt ut for eitt år sidan, og vi spør Ivan Krastev om han framleis har ei så dyster tolking av EUs framtid.

Ivan Krastev er styreformann i Centre for Liberal Strategies i Sofia, og forskar ved Institute for Human Sciences i Wien. Han er også stiftingsmedlem i European Council on Foreign Relations, styremedlem i International Crisis Group og hyppig bidragsytar til The New York Times.

Seminaret er ein del av seminarserien Noreg møter Europa og det EU-finansierte forskingsprosjektet  EUNPACK. Ordstyrar er Pernille Rieker og kommentator Morten Bøås, begge Forskar I på NUPI. Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Talere

Ivan Krastev
Centre for Liberal Strategies, og IWM (Institute of Human Sciences)
Morten Bøås
Forsker I
20 november 2018
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • Engelsk