Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Militær teknologi og krigføringa i framtida

NY TID: 07.11 klokka 09.00! Framveksten av ny teknologi som dronar, kunstig intelligens og robotar har fått mange ekspertar til å argumentere for at vi står overfor ein «robotrevolusjon» innan krigføring.
06 november 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Engelsk

Entusiasmen for denne framtidsteknologien er som eit ekko frå debatten rundt den såkalla ‘Revolusjonen i militære anliggande' (RMA)' som gjekk føre seg på 1990-, og tidleg 2000-talet. Ved å gå ut i frå at overlegen teknologi ville leie til suksess på slagmarka, og til slutt siger i krig, så tilhengjarar av RMA ein ny æra av vestleg militær dominans. Sjølv om eksplisitte referansar til RMA i ei viss grad har blitt dempa, meiner ein det framleis at ny teknologi vil endre krigføring drastisk. Det eksakte forholdet mellom krig og teknologi er likevel langt frå lett. Ny teknologi held heile tida fram med å presse krigføring i nye og uventa retningar, men akkurat korleis og på kva måtar er langt frå klart.

Ved å sjå på den breie debatten rundt forholdet mellom teknologi og krigføring, skal Antoine Bousquet sjå nærare på korleis persepsjonsteknologi har forma krigens historie frå renessansen til i dag, og kva konsekvensar denne utviklinga har hatt. Med den nye boka si The Eye of War som utgangspunkt vil Bousquet kartleggje den historiske strukturen, operasjonane til notida, og framtidige konsekvensar av det han ser på som den moderne krigstilstanden vår – ein situasjon der den globale kamparenaen er under intens og vedvarande overvaking og «synlegheit er lik død».

Frå universell overvaking til droneangrep som set «stridshovud på menneskehovud» – vi lever i ei verd med globalisert, individualisert målretting der kva eller kven som helst kan bli oppdaga og øydeleggjast kvar som helst på kloden. Antoine Bousquet hevdar at krig i stadig større grad har blitt ein kamp for å oppnå kontroll over persepsjonsfelt, med omfattande konsekvensar for karakteren til krigen, menneska som utkjempar han, og internasjonal politikk i det tjueførste hundreåret.

Antoine Bousquet er Reader in International Relations ved Birkbeck College, University of London. Han er forfattar av boka The Eye of War: Military Perception from the Telescope to the Drone og The Scientific Way of Warfare: Ordar and Chaos on the Battlefields of Modernity. Han har også gjort mange viktige forskingsbidrag, blant anna om militære anliggande, databehandling under den kalde krigen, jihadisdiske nettverk, kompleksitetsteori, og konseptualisering av krig.

Ordstyrar er NUPI-forskar Erik Reichborn-Kjennerud.

Dette arrangementet er det første i ein ny seminarserie som undersøkjer forholdet mellom krig, teknologi og samfunn som del av prosjektet Vitenskap, teknologi og krigføringa i framtida.

Etter seminaret vil Bousquet selje boka The Eye of War: Military Perception from the Telescope to the Drone for 200 kroner.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Antoine Bousquet
Reader in International Relations at Birkbeck, University of London
06 november 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Engelsk