Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Frukostseminar: Kan blokkjeder redde journalistikken?

Journalistikken er under press verda over. Walid Al-Saqaf meiner at den underliggjande teknologien til Bitcoin kan vere ei løysing på problemet.
26 februar 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Cyber
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Vi serverer lett frukost frå 08.30!

Falske nyheiter florerer og sosiale medieplattformer vinn annonsepengar frå dei tradisjonelle mediehusa. Digital teknologi endrar maktbalansen i medielandskapet. Korleis skal ein vinne fram med påliteleg journalistikk i ei verd av fake news?

Dette er noko Walid Al-Saqaf har sett nærare på. Han meiner det finst håp for journalistikken og at blokkjedeteknologi kan vere løysinga på problemet, både med tanke på kredibilitet og økonomisk stabilitet. Blokkjedeteknologi blei opphavleg laget som den underleggjande teknologien til kryptovalutaen Bitcoin. Den er ikkje avhengig av sentrale einingar som bankar, og han fjernar mellommenn. Spørsmålet Al-Saqaf stiller er om eit blokkjedebasert nyheitsrom kan konkurrere med den tradisjonelle sentraliserte modellen som vi kjenner han i dag.

Walid Al-Saqaf forskar på teknologi, media og journalistikk ved Södertörn University. Han er spesielt interessert i ikkje-kommersiell bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i kampen for demokrati og utvikling.

Førsteamanuensis ved Oslomet, Bente Kalsnes vil komme med ein kommentar til Al-Saqafs presentasjon. Kalsnes jobbar med politisk kommunikasjon, sosiale medium og digital journalistikk.

Seniorforskar ved NUPI Kjetil Selvik moderer seminaret. Han leier NUPIs forsking på journalistikk og demokrati i den arabiske verda.

Arrangementet strøymes direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Talere

Walid Al-Saqaf
Lektor, Södertörns högskola
Bente Kalsnes
Førsteamanuensis, OsloMet

Relaterte prosjekter

Bildet viser en journalist i Tunisia
Forskningsprosjekt
2017 - 2020 (Avsluttet)

Journalism in struggles for democracy: media and polarization in the Middle East

Hva er journalisters rolle i den sosiale og politiske polariseringen som har fulgt de arabiske opprørene?...

  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Konflikt
  • Styring
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Konflikt
  • Styring
26 februar 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Cyber
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt