Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

"Tikkande bombar?": Farar, forpliktingar, og utfordringar ved retur av framandkrigarar og familiane deira

Fleire tusen menn, kvinner og barn sit i fangenskap i Syria og Irak etter IS' fall. Kva kan bli lagnaden til desse? Og kven skal ta ansvaret for dei?
10 juni 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Norsk

I etterkant av fallet til det såkalla IS-kalifatet har styresmakter verda over igjen måtta ta stilling til korleis ein skal handtere framandkrigarar og familiane deira. Mens brorparten frivillig har returnert til heimlanda sine, sit framleis fleire tusen menn, kvinner og barn i fangenskap i Syria og Irak. Dei fleste har ein uavklart lagnad, men eit fåtal europeiske framandkrigarar har allereie blitt dømt til døden i rettsprosessar som av blant anna Amnesty blir beskrivne som svært mangelfulle.

Enkelte land har fråtatt "framandkrigarane" sine statsborgarskapa deira og dermed umogleg moglegheita for rettsforfølging i opphavslandet. Dei som har returnert har i mange tilfelle blitt idømde lange fengselsstraffer. Det har likevel vist seg å vere svært vanskeleg å sikre bevis mot dei mange ein mistenkjer har gjort seg skuldig i brotsverk, med den konsekvensen at IS-krigarar kan gå fri.

Samtidig som ein arbeider for straffeforfølging, er debatten om ein i det heile bør gå inn for retur av menn, kvinner og barn høgt på dagsordenen i mange land. For mange er diskusjonen om lagnaden til framandkrigarbarna eit spesielt krevjande. Spørsmåla er mange og vanskelege: Er desse menneska "tikkande bomber"? Bør ein skilje mellom aktive krigarar, og familiane deira? Kva for nokre juridiske forpliktingar har Noreg for å vareta rettstryggleiken deira? Er det realistisk at alle kan rehabiliterast og reintegreres i det norske samfunnet? Fortener dei i det heile ein ny sjanse?

Til å klargjere desse og andre krevjande spørsmål har Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet invitert nokre av dei fremste ekspertane i landet på sine respektive felt.

Petter Nesser skal snakke om tryggingsaspektet ved retur av framandkrigarar. Kva veit vi om desse personane og kva fare dei kan utgjere? Kor mange personar er det snakk om? Nessar er seniorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og er blant Europas fremste ekspertar på jihadistiske nettverk i Vesten. Han har blant anna skrive boka Islamist Terrorism in Europe: a History, og har i tillegg forfatta ei rekkje artiklar som omhandlar jihadisme og framandkrigarproblematikk.

Førsteamanuensis Sofie Høgestøl skal ta for seg nokre av dei juridiske aspekta ved straffeforfølging og retur av framandkrigarar, både menn, kvinner og barn. Kva må til for å kunne dømmast for framandkrigarverksemd? Kva forpliktingar har Noreg overfor dei som sit fanga i Syria og Irak? Høgestøl arbeider ved juridisk fakultet på UiO og har blant anna vore ein av redaktørane for boka Fremmedkriger: Førebygging, straffeforfølging og rehabilitering i  Skandinavia som problematiserer eit breitt spekter av problem knytt til framandkrigarverksemd.

Lars Lyster skal blant anna sjå vil sjå på rehabiliterings- og oppfølgingsproblematikk. Vil oppfølging og rehabilitering vere mogleg, eller blir ein «tikkande bomber» av å vere i ekstreme og valdsutsette miljø? Lyster er psykolog med spesialitet innan barn, ungdom og familiar og arbeider ved Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Aust). Han har erfaring frå blant anna Forsvarets stressmeistringsteam med spesielt fokus retta mot internasjonale operasjonar og personell som tenestegjer utanlands, og er i tillegg nasjonal koordinator for RVTSenes arbeid med å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Seminaret blir innleidd av Tore Bjørgo, professor ved C-REX på UiO og ein av forfattarane av rapporten Korleis handtere heimvende framandkrigarar og andre syriafarere? – Tiltak for varetaking og oppfølging.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Petter Nesser
Seniorforsker ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI)
Sofie Høgestøl
Lektor, Universitetet i Oslo
Lars Lyster
Spesialrådgiver, RVTS Øst

Ordstyrer

Tore Bjørgo
Professor, C-REX, Universitetet i Oslo
10 juni 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Norsk