Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

WTO og handelskrigen: slutten for fredeleg konfliktløysing?

Viss ikkje Trump endrar tilnærminga si til WTO, vil organisasjonen vere i krise frå 11. desember. Kva er årsakene til konflikten, og er det ei løysing i sikte?
10 desember 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Internasjonale investeringer
  • Utenrikspolitikk
  • Internasjonale organisasjoner
  • Engelsk

Då Verdshandelsorganisasjonen (WTO) blei oppretta i 1995, var systemet for tvisteløysing noko av det viktigaste som blei oppnådd, med bindande konfliktløysing mellom dei 164 medlemslanda. Store og små nasjonar måtte på lik linje respektere WTOs rettsavgjerder i konfliktar, og systemet har fungert – heilt til no.

Under president Trump har det likevel oppstått konflikt mellom USA og WTO. USA har blokkert oppnemning av nye medlemmer i WTOs tvisteløysingsorgan, og viss dette held fram vil tvisteløysingssystemet ikkje lenger vere funksjonsdyktig etter 11. desember i år. WTO vil då vere i krise.

På seminaret vil Chad Bown forklare krisa og røtene til konflikten mellom WTO og USA. Har Trump eit poeng når han skuldar WTO for å tøye reglane utover det som har blitt avtalt? Eller er dette berre nok eit utslag av handelskrigen? Er det noka løysing i sikte?

I tillegg til Bowns presentasjon vil ekspedisjonssjef i Utanriksdepartementet, Katja C. Nordgaard, halde eit opningsinnlegg.

Chad Bown er Reginald Jones Senior Fellow ved PIIE. Han har tidlegare jobba i Verdsbanken, som professor ved Brandeis University, ved Det kvite hus' råd for økonomiske rådgivarar, som stipendiat i WTO, og han var Brookings Fellow frå 2004 til 2010. Bown har publisert ei rekkje tidsskriftartiklar, bokkapittel og bøker. Han er også kjend for podkasten “Trade Talks” som han lagar saman med Soumaya Keynes frå the Economist.

Arrangementet er ein del av NUPIs seminarserie «International Trade Policy at the Crossroads», i regi av Senter for internasjonal økonomi og handel ved NUPI, og med finansiell støtte frå Utanriksdepartementet.

Les også:

Trumps tollkrig utfordrar WTO

China's Export Success: Due to Unfair Practices or Fair Competition?

State-owned Enterprises and the Trade Wars

Seminaret blir strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Katja C. Nordgaard
Ekspedisjonssjef, Utenriksdepartementet
Chad P. Bown
Reginald Jones Senior Fellow, Peterson Institute for International Economics (PIIE)

Relaterte prosjekter

Forskningsprosjekt
2018 - 2019 (Avsluttet)

Global handelspolitikk ved en skillevei (UD trade policy seminars)

Med dette prosjektet vil vi bidra til å dekke kunnskapsbehovet som en ny situasjon rundt global handelspolitikk de siste årene har ført med seg....

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Globalisering
  • Utviklingspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Globalisering
  • Utviklingspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
10 desember 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Internasjonale investeringer
  • Utenrikspolitikk
  • Internasjonale organisasjoner
  • Engelsk