Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Akselerasjonsterrorisme: Den nye trusselen frå det ekstreme høgre

Korleis ser den nye valdelege høgreekstremismen ut, og kva idear er den inspirert av? Journalist Lasse Josephsen besøkjer NUPI for å gi oss eit innblikk i denne nye forma for terrorisme.
20 januar 2020
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Ein ny høgreekstremisme veks fram på nettet, såkalla akselerasjonsterrorisme. Denne spesielle retninga og forma for terrorisme har blitt dyrka fram av nynazistiske terrorgrupper som Atomwaffen Division og det berykta Iron March-forumet, og tok eit steg ut i røyndommen med terrorstafetten som Brenton Tarrant starta i Christchurch. Fleire andre terroraksjonar, blant anna angrepet i Bærum, ser ut til å vere knytt til Tarrants oppmoding til andre høgreekstreme om å halde fram der han sleppte.

For å gi eit detaljert portrett av denne utviklinga har vi invitert journalist Lasse Josephsen til NUPI. Han arbeider med ei bok om incel-bevegelsen og har tidlegare publisert fleire artiklar om nynazistar på internett, blant anna for Minerva og Fri Tanke. Josephsen er redaksjonsmedlem i podkasten Skravleklassen og har tidlegare også gjord research for NRKs Trygdekontoret.

Seminaret blir innleidd av Tore Bjørgo som skal ta for seg eit funn frå C-REXs trendrapport frå 2019 som kjem ut seinare i år, og som blant anna peikar på akselerasjonsterrorisme som ein markant trussel.

Bjørgo er professor ved UiO og leiar for Universitetets senter for forsking på ekstremisme (C-REX) og er ein av Europas leiande ekspertar på radikalisering og de-radikalisering. Bjørgo har forska på høgreekstremisme over fleire tiår sentral i etableringa av det norske Exit-programmet som hjelpte mange norske høgreekstreme ut av dei ekstremistiske og valdelege miljøa.

Dette seminaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.

Arrangmentet blir direkte strøymd til NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Lasse Josephsen
Journalist
Tore Bjørgo
Professor, C-REX, Universitetet i Oslo
20 januar 2020
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt