Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Brexit, Noreg og den nye handelsavtalen

Ein rykande fersk permanent handelsavtale mellom Noreg og Storbritannia er på plass. Den er meir omfattande enn alle frihandelsavtalar Noreg har via EFTA, men mindre omfattande enn EØS-avtalen. Kor mykje har vi vunne, og kor mykje har vi tapt?
14 juni 2021
11:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Europa
  • Styring
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt
  • Norsk

For få dagar sidan blei det semje mellom Noreg og Storbritannia om ein ny permanent handelsavtale. Sidan Storbritannia er ein stor handelspartnar, var det viktig at forhandlingane kom i hamn. Den nye avtalen er meir omfattande enn alle frihandelsavtalar Noreg har via EFTA (med nesten 40 land), men mindre omfattande enn EØS-avtalen. På seminaret ser vi nærare på den nye avtalen, og fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen presenterer perspektivet sitt.

På seminaret klargjer vi avtalen også i eit breiare og historisk perspektiv: Er dette ein ny mal for Noregs frihandelsavtalar, eller eit unikt resultat av at dette var forhandlingar om mindre integrasjon snarare enn meir? I analysen byggjer vi på forsking i boka om Sjømatnæringen og Europa: EØS og alternativa (Melchior & Nilssen 2020), og tre av forfattarane gir ulike perspektiv på Brexit og den nye handelsavtalen.

Christel Elvestad (Universitet Nord) vil analysere ordningane for veterinær- og grensekontroll i den nye avtalen. Har ein her utvikla ein heilt ny modell for frihandelsavtalar, eller er løysinga på linje med det ein finn i eksisterande avtalar?

Trond Bjørndal (SNF) vil klargjere fordelinga av fangstkvotar for fisk i kjølvatnet av Brexit. Dette er ikkje ein del av den nye handelsavtalen; tvert om er det slik at Noreg og Storbritannia ikkje har blitt einige om fordelinga av fangstkvotar i Nordsjøen. Ein ringverknad av Brexit er også at EU har innvilga seg sjølv kvotar for torsk i Svalbardsonen basert på tidlegare britisk fiske, og dette er trekt i tvil av Noreg. Har Noreg her blitt ein salderingspost som følgje av Brexit?

Undervegs i forhandlingane har det i debatten vore særleg fokus på motsetninga mellom fisk og landbruk: Noreg kravde full frihandel for fisk, mens Storbritannia ville ha auka marknadstilgang for landbruksvarer. Dei norske kontroversane om dette er vel kjent, og resultatet for fisk og landbruk blei nær status quo, med litt pluss og minus som no blir debattert. På seminaret vil Arne Melchior (NUPI) klargjere denne motsetninga mellom fisk og landbruk.

Melchior vil også kommentere forhandlingsprosessen og avtalen meir generelt: I kva grad er avtalen påverka av føringar frå forhandlingane mellom EU og Storbritannia, og i kva grad har den komme fram til nye løysingar som kan brukast i andre avtalar? Kva har vi mista i forhold til EØS, og kva har vi behalde?

Program:

11.00: Velkommen ved direktør Ulf Sverdrup, NUPI (møteleiar).

11.05-11.20: Innleiing ved fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen.

11.20-12.00: Innleiingar ved:

Christel Elvestad, Universitet Nord om veterinær- og grensekontroll.

Trond Bjørndal, SNF om fangstkvotar for fisk.

Arne Melchior, NUPI om avtalen, forhandlingane og forholdet fisk/landbruk.

12.00.12.15: Q&A.

12.15-12.20: Sluttkommentar ved Frode Nilssen, Universitet Nord.

Hovedtalere

Odd Emil Ingebrigtsen
Fiskeri- og sjømatminister (H)
Arne Melchior
Seniorforsker
Frode Nilssen
Professor, Handelshøyskolen, Nord Universitet
Christel Elvestad
Professor, Handelshøgskolen, Nord Universitet
Trond Bjørndal
Professor, SNF

Ordstyrer

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
14 juni 2021
11:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Europa
  • Styring
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt
  • Norsk