Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Framandkrigarane i Ukraina

I løpet av det siste tiåret reiste minst 17 000 personar, hovudsakleg russarar, men også opp mot 1000 frå Vesten, for å bli med i krigen i Ukraina. Mange var ekstremistar frå ytre høgre (brune), men også ytre venstre (raude). Dette seminaret vil sjå nærare på kvar desse framandkrigarane er no, og kva dei har gjort etter Ukraina.
21 mars 2021
09:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Konflikt
  • Nasjonalisme
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

Sjå heile seminaret her:

Seminaret blir arrangert av Konsortiet for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet, leidd av UiO-professor Tore Bjørgo og NUPI-forskar Rita Augestad Knudsen.

På grunn av nokre tekniske utfordringar vil ikkje alle få ein stadfestingse-post etter påmelding. Du er likevel registrert i systema våre, og kan delta på arrangementet.

I løpet av det siste tiåret har ein i hovudsak diskutert og fokusert på framandkrigarar som har dratt frå Vesten, for å bli med i IS i Syria/Irak. Men samtidig har ei anna mobilisering av framandkrigarar skjedd i Europa. Minst 17 000 personar - hovudsakleg russarar, men også opp mot 1000 frå Vesten - har reist frå heimane sine for å bli med i krigen i Ukraina. Mange av desse var ekstremistar frå ytre høgre (brune), men også ytre venstre (raude).

Vil du få invitasjonar til seminar, analysar og ny forsking rett i e-postboksen? Meld deg på NUPIs nyheitsbrev her!

Desse ideologiske splittingane hindra dei ikkje i å bli våpenbrør som, med orda frå ein krigar, "både kommunistar og nazistar" kjempa saman på begge sider av denne krigen. Dette skapte ein post-moderne brunrød cocktail der begge politiske ekstrem tilsynelatande var ivrige etter å projisere sine sosio-politiske fantasiar på ein europeisk konflikt.

No som ingrediensane i denne cocktailen (dei individuelle krigarane) i hovudsak har reist vidare frå Ukraina, er det viktig å få ei oversikt over kva desse krigarane gjer etter konflikten, og om dei har gått vidare til å bli til til dømes karrierekrigarar, leigesoldatar eller tilhengjarar av antistatleg vald heime. Dette vil få implikasjonar for dei framtidige politiske alternativa overfor dei andre, ikke-jihadi eller ikkje-terroristiske, utanlandske krigarar.

Bio hovudtalar:

Kacper Rekawek, PhD, har 15 års erfaring med motverknad av terror og valdeleg ekstremisme frå akademia (Queen's University Belfast, Handa Centre for the Study of Terrorism and Political Violence at the University of St. Andrews), tankesmier (Polish Institute of International Affairs, PISM), og den tredje sektoren (GLOBSEC, Counter Extremism Project). Sidan 2014 har han studert og publisert m vestlege ekstreme framandkrigarar i krigen i Ukraina, og fullfører no ei bok om det same temaet, som vil bli publisert av Routledge. Sommaren 2021 byrjar han på Center for Research on Extremism (C-REX) på Universitetet i Oslo.

Bio deltakar:

Seniorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), og adjunkt i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Thomas Hegghammer, har publisert i ei rekkje framståande tidsskrift, blant anna  The American Political Science Review og International Security. Hegghammar har i tillegg forfatta ei rekkje bøker på tema som framandkrigarverksemd, rekruttering, jihadistisk ideologi, islamisme i Saudi-Arabia og terroristars bruk av internett. Hans siste bok er The Caravan: Abdallah Azzam and the Rise of Global Jihad (Cambridge University Press, 2020).

Hovedtalere

Kacper Rekawek
Forsker, Counter Extremism Project
Thomas Hegghammer
seniorforsker, FFI

Ordstyrer

Tore Bjørgo
Professor, C-REX, Universitetet i Oslo
21 mars 2021
09:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Konflikt
  • Nasjonalisme
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital