Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kviterussland: Politisk mobilisering og undertrykking

Ni månader etter det kviterussiske presidentvalet utløyste massive protestar, ser dette webinaret nærare på den politiske krisa som framleis pregar Kviterussland.
09 mai 2021
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Konflikt
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

Sjå heile webinaret her:

Presidentvalet i 2020 førte til politiske protestar av eit omfang ein ikkje har sett sidan Kviterussland fekk sjølvstendet sitt i 1991. Det markerte også starten på ei brutal undertrykking av alle former for politisk motstand frå Lukasjenka-regimets side.

Ni månader etter at protestane starta, ser vi nærare på den politiske situasjonen i Kviterussland i dag, overlevings-strategiane til det autoritære regimet, og den fredelege politiske motstanden. 

LES OGSÅ: Kviterussland: Folka som fekk nok - HHD Artikkel | NUPI

Vi vil diskutere kva faktorar som bidrog til ei svekking av det autoritære politiske systemet allereie før valet i 2020, og korleis opposisjonsrørsla lykkast å skape politiske momentum. I tillegg vil vi sjå på korleis det kviterussiske samfunnet har endra seg sidan valet, og korleis befolkninga ser på desse endringane. 

På grunn av nokre tekniske utfordringar vil ikkje alle få ein stadfestingse-post etter påmelding. Du er likevel registrert i systema våre og kan delta på arrangementet, og vil få ein e-post med lenkje til sendinga før seminaret startar.

LES OGSÅ: Presidentvalet i Kviterussland: Kan vi sjå byrjinga på slutten for Europas siste diktatur? - Nyhet | NUPI

Vil du få invitasjonar til seminar, analysar og ny forsking rett i e-postboksen? Meld deg på NUPIs nyheitsbrev her!

Paneldeltakarar:

Dr. Sofie Bedford er forskar knytt til Institute for Russian and Eurasian Studies (blir IRA) på Universitetet i Uppsala. Ho har ei doktorgrad i statsvitskap frå Universitetet i Stockholm og ei mastergrad i Peace and Conflict Research frå Universitetet i Uppsala. Tittelen på doktorgradsoppgåva hennar frå 2009 er Islamic Activism in Azerbaijan: Repression and Mobilization in a Post-Soviet Context. Les Sofie Bedfords nyaste artikkel i Nordisk Østforum her.

Nadja Douglas er statsvitar og forskar ved ZOiS. Ho har doktorgrada si frå Humboldt-Universität zu Berlin og ei mastergrad i Internasjonale Relasjoner frå Sciences Po Paris. Tidlegare har ho jobba som Liaison Officer for German OSCE Chairmanship 2016, på OSCE Mission to Moldova, i tillegg til å ha vore rådgivar for tryggleiks- og forsvarspolitikk ved German Bundestag.

Ryhor Astapenia's forsking undersøkjer kva rolle kviterussiske elitar speler i avgjerdsprosessar, og interaksjonen deira med ulike institusjonar i EU. Ryhor er grunnleggjar av the Centre for New Ideas, ein Minsk-basert, uavhengig CSO som jobbar for demokratiske reformer i Kviterussland. Han tok doktorgrada si i statsvitskap på Universitetet i Warsawa. 

Maryia Rohava er ein uanhegig analytikar som jobbar med politikk og Kviterussland. Ho har tidlegare vore forskar ved Universitetet i Oslo, der ho spesialiserte seg på Aust-Europa og Russland. Forskinga hennar fokuserer på kryssinga mellom det autroitære regimet og idientitetspolitikk i Kviterussland, og har blitt publisert i East European Politics and Societies, Nations and Nationalism, og Osteuropa.

Hovedtalere

Sofie Bedford
Forsker, Institute for Russian and Eurasian Studies, Uppsala Universitet
Nadja Douglas
Statsviter og forsker, Centre for East European and International Studies (ZOiS)
Ryhor Astapenia
Akademisk partner, Russia and Eurasia Programme, Chatham house and forskningssjef for Centre for New Ideas
Maryia Rohava
PhD fellow, East European and Russian Area Studies, Department of Literature, University of Oslo
09 mai 2021
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Konflikt
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital