Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Utanrikspolitisk partidebatt

NHO og NUPI inviterer til utanrikspolitisk partidebatt! Vi spør: Kva er dei viktigaste utanrikspolitiske utfordringane Noreg står overfor? Og kva bør vi gjere?
16 august 2021
20:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
YouTube
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Norsk
  • Seminar
  • Digital

Med oss har vi utanrikspolitiske talspersonar frå alle ni parti på Stortinget, og dessutan direktør for internasjonal avdeling i NHO, Tore Myhre. Debatten blir leidd av NUPI-direktør Ulf Sverdrup.

Noreg og Europa er på veg ut av koronapandemien. Sjølv om mange har opplevd det siste året som stilleståande her heime, har ikkje verda stått stille. I Europa har EU tatt store steg mot reformprogrammet European Green Deal. I USA har ein ny administrasjon ført landet tilbake til ein meir føreseieleg utanrikspolitikk basert på verdiar vi kjenner igjen. Samtidig står geopolitiske og globale utfordringar i kø: Kina og Russland utfordrar den gjeldande globale ordenen og forholdet til Vesten er kjøligare enn på lenge. Trusselen frå klimaendringar er overhengande, og behovet for ein overgang til ein grønare økonomi står høgt på dagsorden i mange delar av verda. Samtidig har pandemien forsterka aukande forskjellar i verda, og pressa på liberale demokratiske verdiar er stort.

Kva kan ein liten eller mellomstor stat som Noreg gjere i denne situasjonen? Kva bør Noreg gjere for å vareta våre interesser? Og kva er eigentleg dei viktigaste interessene våre?

Dette er sentrale spørsmål som norske politiske parti bør svare på før haustens Stortingsvalg. I ein fersk survey som Sentio har gjennomført for NUPI har ein stor del av norske veljarar svart at utanrikspolitikken bør få ei større rolle i valkampen enn han vanlegvis har. NHO og NUPI ønskjer med denne debatten å bidra til dette.

Deltakarar i debatten er:

Anniken Huitfeldt, Arbeidarpartiet

Christian Tybring-Gjedde, Framstegspartiet

Geir Sigbjørn Toskedal, Kristeleg Folkeparti

Kari Elisabeth Kaski, Sosialistisk Venstreparti

Liv Signe Navarsete, Senterpartiet

Michael Tetzchner, Høgre

Sigrid Z. Heiberg, Miljøpartiet Dei Grøne

Ola Elvestuen, Venstre

Tobias Drevland Lund, Raudt

Program:
18.00: Velkommen, Ulf Sverdrup og Tore Myhre
18.07: Opningsrunde: Kva er dei viktigaste utanrikspolitiske utfordringane Noreg står overfor og kva bør vi gjere? 2 pr-en min parti
18.27: Spørsmålsrunde på sentrale utanrikspolitiske tema

Debattdeltakere

Anniken Huitfeldt
Stortingsrepresentant (Ap) og leder for Utenriks- og forsvarskomiteen
Christian Tybring-Gjedde
Stortingsrepresentant (FrP)
Geir Sigbjørn Toskedal
Krf
Kari Elisabeth Kaski
Stortingsrepresentant, SV
Liv Signe Navarsete
Stortingsrepresentant (Sp)
Michael Tetzschner
Stortingsrepresentant
Ola Elvestuen
Stortingsrepresentant og nestleder, V
Sigrid Zurbuchen Heiberg
Vararepresentant for Oslo på Stortinget, MDG
Tobias Drevland Lund
Stortingsrepresentant, Rødt

Møteleder

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
16 august 2021
20:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
YouTube
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Norsk
  • Seminar
  • Digital