Hopp til innhold
NUPI skole
080622-korona-oppdatert.png

Arrangement

Kvar går vegen vidare for europeisk helsesamarbeid etter pandemien?

Sidan det globale utbrotet av koronaviruset i 2020 har EU tatt grep for å styrkje den felles helseberedskapen og krisehandteringsevna i Europa. Kva endringar gjer EU for å førebu Europa på neste pandemi? Og kva konsekvensar har dette for Noreg?
08 juni 2022
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Pandemier
  • EU
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Koronakommisjonen som la fram rapporten sin seint i april konkluderte med at Noreg handterte pandemien godt. Samtidig identifiserte kommisjonen sårbarheiter knytt til marknadsmekanismar og forsyningslinjer når kriser hender, og det blei særleg vektlagt korleis det var velvilje frå Sverige som gjorde at Noreg i det heile fekk tilgang på vaksinar mot Covid-19.

Sidan 2020 har EU jobba for å styrkje den samla evna til alle medlemslanda til å handtere liknande situasjonar i framtida. Blant anna har EUs smittevernbyrå (ECDC) og EUs legemiddelbyrå (EMA) fått utvida mandat, samarbeidd om alvorlege grensekryssande helsetruslar blir styrkte, og ein ny helseberedskaps- og krisehandteringsstyresmakt, HERA, er etablert. Noreg tar del i noko av dette gjennom EØS-avtalen, men ikkje alt.

I dette seminaret tar vi utgangspunkt i desse utviklingane og dessutan rapporten frå koronakommisjonen, og vurderer kva implikasjonar pandemien og EUs respons på han har for Noregs overordna helseberedskap og krisehandteringsevne.

Deltakarar

Ingvild Kjerkol, Helse- og omsorgsminister (Ap)

Camilla Stoltenberg, direktør, Folkehelseinstituttet

Frode Veggeland, Professor, Universitetet i Oslo og sekretariatsmedlem i Koronakommisjonen

Ordstyrar: Øyvind Svendsen, NUPI

Arrangementet går føre seg i NUPIs lokale og blir også strøymde direkte til YouTube-kanalen vår. Digital deltaking krev ikkje påmelding.

Deltakere

Ingvild Kjerkol
Helse- og omsorgsminister (AP)
Camilla Stoltenberg
Direktør, Folkehelseinstituttet
Frode Veggeland
Professor, Institutt for helse og samfunn, Universitetet i Oslo
08 juni 2022
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Pandemier
  • EU
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt