Hopp til innhold
NUPI skole
300822_Taxation.jpg

Arrangement

Sårbare statar og skatt: refleksjonar frå Afghanistan, Liberia og Sahel-regionen

Bli med oss 30. august når vi ser nærare på rolla skatt speler for statsbygging i dei sårbare statane Afghanistan, Liberia og i Sahel.
30 august 2022
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Afrika
  • Konflikt
  • Sårbare stater
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

For alle statar er ein essensiell aktivitet det å mobilisere og halde oppe eit føreseieleg ressursgrunnlag innanlands. Spørsmålet er korleis dette kan gjennomførast effektivt og med ein nødvendig legitimitet. Dette er ei utfordring for alle statar, men særskilt utfordrande i sårbare statar. Desse statane er ofte i prekære og avgjerande augneblink i sine høvesvis statsbyggings prosessar. Det er spesielt her at oppbygginga av effektive og legitime skatteregime kan spele ei nøkkelrolle i å halde oppe fred gjennom å styrkje kapasiteten staten har til å handtere underliggjande samfunnsutfordringar. Skatteregime og skattereform har dermed blitt eit av dei viktigaste elementa i moderne statsbyggings initiativ.

Det er likevel ikkje slik at sårbare statar er ein kategori utan variasjon. Desse statane følgjer ulike utviklingsbanar, lid av ulike utfordringar og opplever ulik administrativ kapasitet når dei prøver å byggje robuste finanspolitiske institusjonar. Sårbare statars noverande skatteregime og effektiviteten deira varier også til ei stor grad. Det same gjeld både grad og form av skade deira - ofte svært turbulente - fortid har påført dei finanspolitiske institusjonane deira.  

 For å vidare utforske diverse utfordringar og moglegheiter, på tvers av det breie spekteret av sårbare statar, har vi invitert eit breitt utval av ekspertar. Sarajuddin Isar, ein afghansk ekspert med sete i London, vil presentere funna sine frå studiar på kva rolle skatteregime, og finanspolitisk kapasitet har spelt i afghansk statsbygging. Dette vil bli supplert av James Shilues erfaringar frå det omfattande arbeidet sitt for fred og utvikling i Liberia. Adboul Cissé vil presentere og diskutere rolla grada til staten av sårbarheit og evne til å skattleggje innbyggjarane går føre seg i den stadig meir sårbare Sahel-regionen. 

Etter desse presentasjonane vil det haldast eit diskusjonspanel, for å reflektere over dei vidare implikasjonane på funna. Dette diskusjonspanelet vil bli moderert av Morten Bøås, forskar 1 ved NUPI, og vil starte med innspel frå Joseph Simon Kiria frå Mzumbe University, i Tanzania.

 

Dette arrangementet er organisert gjennom Skattjakt-nettverket og blir strøymt til NUPIs YouTube-kanal (digital deltaking krev ikkje registrering).

 

Bioer:

Abdoul Wakhab Cissé er seniorforskar for ei tankesmie kalla ARGA (Alliance for Rebuilding Governance in Africa) med base i Dakar, Senegal, men med tilsette i Mali, Burkina, Niger og Elfenbeinskysten. Dr. Cissé koordinerer eit forskingspartnarskap med NUPI innanfor tankesmia si om konflikt, fred og tryggleik i Sahel. Dr. Cisse blei uteksaminert i sosiologi (M.A) frå Cheikh Anta Diop University of Dakar, Senegal og frå Victor Segalen University i Bordeaux. Han har også ein Ph.D. i statsvitskap frå Sciences Po Bordeaux, Frankrike. Han jobba også som sosiolog for det senegalesiske nasjonale instituttet for landbruksforsking.

James Suah Shilue leier Platform for Dialogue and Peace (P4DP). Før dette fungerte James som Liberia-programkoordinator for UN Joint Interpeace Initiative. Han har mastergrader i samfunnsstudiar (Dei Montfort University, Storbritannia) og ei mastergrad (M.A) i utviklingsstudiar (ISS, Haag). Han er adjunkt ved institutt for sosiologi ved universitetet i Liberia. Han har jobba i meir enn 20 år med naturressursstyring, fredsbygging og konfliktførebygging.

Joseph Simon Kiria underviser i skattlegging og offentleg finans ved Mzumbe University i Tanzania. Han har ei doktorgrad i leiing frå University of Hull og ei mastergrad i økonomistyring frå Glasgow Caledonian University. Han har meir enn 25 års erfaring innan undervisning, forsking og rådgiving, med fokus på skattlegging og offentlege finansar, offentleg finansforvaltning og styring. Forskingsarbeidet hans har involvert samarbeid med tanzanianske regjeringsdepartement og givarfinansierte frivillige organisasjonar. Ved Mzumbe University koordinerer han forskingsaktivitetar innanfor sitt ekspertiseområde, og for tida fungerer han som styremedlem og leiar for revisjonsutvalet til styret for eit større statleg eid føretak i Tanzania kalla National Insurance Corporation.

Sarajuddin Isar er ein forskar i politisk økonomi med lang erfaring innan bank, finans og internasjonal utvikling. Han har nyleg bestått doktorgradsavhandlinga ved School of Oriental and African Studies (SOAS).Forskingsfokuset hans er på den politiske økonomien ved skattlegging og statsbygging i Afghanistan etter Bonn-avtalen. Isar er forskar med to London-baserte magasin – International Accounting Bulletin og the Accountant, London. Han er også tilknytta Biruni Institute i Kabul. Før det jobba han med Oliver Wyman, Independent og BBC Persian London. Isar har også erfaring frå den afghanske sentralbanken og dessutan ei rekkje organisasjonar inkludert USAID/BearingPoint, UN/WFP og internasjonale velgjerande organisasjonar som Catholic Relief Services, Acted, Afghanaid og Oxfam. Isar er ein publisert akademisk forfattar og bidragsytar til ei rekkje akademiske tidsskrift, mediesider og forskingstankesmier over heile Storbritannia og i Afghanistan.

Morten Bøås er forskar 1 ved NUPI. Han driv feltarbeid i Afrika og Midtausten. Bøås er forfattar av ei rekkje rapportar og artiklar, hans siste bøker inkluderer Africa's Insurgents: Navigating an Evolving Landscape (2017) og Doing Fieldwork in Areas of International Intervention: a Guide to Research in Closed and Violent Contexts (2020). Bøås har leidd fleire store internasjonale forskingsprosjekt, inkludert EU Horizon 2020-finansierte prosjekt  EUNPACK (2016-19) og PREVEX (2020-22). I tillegg er Bøås prosjektleiar for FRAGTAX (2021-2024) og er med å leie Skattjakt-nettverket.

Deltakere

Sarajuddin Isar
Forsker, politisk økonomi
James Suah Shilue
Executive Director, Platform for Dialogue and Peace (P4DP)
Abdoul Wahab Cissé
Seniorforsker, ARGA
Joseph Simon Kiria
Senior foreleser, Mzumbe Universitet
30 august 2022
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Afrika
  • Konflikt
  • Sårbare stater
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt