Hopp til innhold
NUPI skole
070922_Terrorkonsortiet oppdatert.jpg

Arrangement

Trendar innan høgreekstrem terrorisme og vald

Korleis har høgreekstrem terrorisme og vald utvikla seg i Vest-Europa dei siste åra? Har trusselen frå høgreekstrem terrorisme auka? Kvifor er desse spørsmåla så vanskeleg å svare på?
07 september 2022
09:30 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

På dette seminaret vil forfattarane bak ein fersk trendrapport gitt ut av Senter for ekstremismeforsking (C-REX) presentere hovudfunn frå deira siste oppdatering av det såkalla RTV-datasettet, som dokumenterer høgreekstrem terrorisme og vald i 18 vesteuropeiske land sidan 1990 og fram til i dag.

I den første presentasjonen vil Anders Ravik Jupskås, nestleiar ved C-REX, presentere hovudfunn frå den siste RTV-trendrapporten. I tillegg vil Jupskås klargjere korleis RTV-forskargruppa ved C-REX jobbar for å dokumentere utviklinga i trusselbiletet i 18 ulike land.

I den andre presentasjonen vil Charlotte Tandberg, forskingsassistent ved C-REX og hovudansvarleg for RTV-oppdateringa for 2022, samanlikne funn frå RTV-datasettet med andre datasett som også dokumenterer høgreekstrem terrorisme i same region, men som landar på ulike konklusjonar om utviklinga i trusselbiletet. Tandberg vil klargjere kvifor ulike datasett som søkjer å dokumentere same fenomen (høgreekstrem terrorisme) kan lande på såpass ulike konklusjonar.

Mot slutten av arrangementet blir det diskusjon og høve til å stille alle deltakarane i panelet spørsmål. 

Seminaret blir halde i regi av Konsortium for forsning på terrorisme og internasjonal kriminalitet. Arrangementet blir strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal.

Deltakere

Charlotte Tandberg
Vitenskapelig assistent, Senter for ekstremismeforskning (C-REX)
Anders Ravik Jupskås
Nestleder, Senter for ekstremismeforskning (C-REX)
07 september 2022
09:30 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt