Seminaret varer frå 08:30-14:00

Europa blir prega kraftig av Russlands krigføring i Ukraina. I tillegg til store menneskelege lidingar har den russiske invasjonen av Ukraina fått, og kjem til å få, konsekvensar som høgare energiprisar, matmangel, endra alliansemønster og auka geopolitisk spenning i verda. Den kinesiske raslinga med sablane og sterkare tilknyting til Russland har også bidratt til at det tryggingspolitiske biletet i verda har endra seg drastisk.

På ei anna side har den russiske invasjonen av Ukraina også bidratt til å samle Europa og Nato-landa i ein ny solidaritet, med kvarandre og ikkje minst med Ukraina. Ei av dei store utviklingane er Finland og Sveriges NATO-søknader. At desse landa no har valt å søkje alliansetilknyting markerer også eit skifte i det tryggingspolitiske biletet i Nord-Europa, Norden og nordområda.

Det er dermed mange nye, store spørsmål vi må stille oss. På årets militærmaktseminar skal vi prøve å svare på desse. Korleis ser den tryggingspolitiske utviklinga i nordområda ut for våre viktige allierte – som USA, Storbritannia og Tyskland? Korleis skal Noreg og eit utvida NATO ta omsyn til dette? Kva moglegheiter og utfordringar ligg der for Noreg i dette nye tryggingspolitiske landskapet?

Også Noregs bilaterale forhold til Russland har blitt skadelidande under Ukraina-krigen. Dette er forhold som har basert seg på ein balansegang mellom avskrekking og avdemping. Avgjekk avdemping som idé med døden 24. februar 2022? Korleis skal Noreg i framtida ta omsyn til Russland på kort og lengre sikt, uavhengig av utfallet av krigen? Og kva rolle vil Sverige og Finland spele i dette?

Sikre deg ein plass no til Militærmakteseminaret 2022 der vi skal prøve å svare på desse spørsmåla med hjelp av ei rekkje fagfolk frå inn- og utland!

Seminaret vil strøymast på NUPI's YouTube kanal.

PROGRAM:

08.00

Registrering og kaffi

08.30

Velkommen ved NUPI-direktør Ulf Sverdrup

08.35

Opningstale ved statssekretær Bent-Joacim Bentzen (Sp)

08.45

Panel 1 (på engelsk): Utviklinga i Russland og konsekvensar for nordeuropeisk tryggleik

 

I panelet: 

          Stian Jenssen, stabssjef for NATOs generalsekretær

          Jardar Østbø, IFS

Moderator:

          NUPI-direktør Ulf Sverdrup

09.30

PAUSE

09.45

Panel 2 (på engelsk): Korleis ser viktige allierte på nordeuropeisk tryggleik? 

 

I panelet:

          Barbara Kunz, IFSH

          Ruth Harris, RAND

          William Wohlforth, Dartmouth

Moderator:

          Karsten Friis, NUPI

11.00

LUNSJ

11.30

Panel 3 (på engelsk): Korleis ser Noreg, Finland og Sverige på nordisk tryggleik? 

 

I panelet: 

          Kristin Haugevik, NUPI

          Caroline Holmqvist, Försvarshögskolan

          Minna Ålander, FIIA

Moderator:

          Øyvind Svendsen, NUPI

12.45

PAUSE

13.00

Panel 4 (på norsk): Kva kan Noreg gjere i nord no? 

 

I panelet:

          Ole Martin Stormoen, NUPI

          Øystein Jensen, FNI

          Dag Henriksen, Luftkrigsskolen

          Thomas Nilsen, The Independent Barents Observer

Moderator:

          Erik Reichborn-Kjennerud, NUPI

14.00

Avslutning av konferasen