Bildet viser en ugandisk soldat i AMISOM-oppdraget i Somalia.

UNIKE: Fredsoperasjonar i AU-regi skil seg frå FN sine fredstryggjande operasjonar på fleire viktige område. Biletet visar ein ugandisk soldat i AMISOM-oppdraget i Somalia.

Framtida for freden i Afrika

Publisert: 9. mars 2016

Afrika treng ikkje frelsarar, men partnerar, ifølgje Cedric de Coning og John Karlsrud ved NUPI. Dei har nyleg gitt ut boka 'The Future of African Peace Operations: From Janjaweed to Boko Haram'.

Omgrepet fredsoperasjonar blir gjerne assosierte med FN, og fredsoperasjonar i regi av Den afrikanske union (AU) har fått mindre offentleg oppsikt. Men sidan starten på 2000-talet har Afrika bygt opp omfattande kunnskap om og kapasitet til fredsoperasjonar, og ein unik afrikansk modell er i ferd med å vekse fram.

Dette er hovudkonklusjonen i boka 'The Future of African Peace Operations: From Janjaweed to Boko Haram', som blei publisert denne månaden. NUPI-forskerne Cedric dei Coning og John Karlsrud har vore redaktørar for boka saman med Linnéa Gelot (Nordiska Afrikainstitutet).

Idéen blei til etter at de Coning deltok i det uavhengige Gambari-ekspertpanelet, som tok for seg utviklinga til African Standby Force (ASF,sjå faktaboks), samt eit følgjande NUPI-seminar, i 2013.

AU meir sjølvsikre

Forsterka afrikansk kapasitet kjem også FN til gode. I dag yter afrikanske land til nesten 50 prosent av FN sin fredsbevaringsstyrke. AU har også blitt meir sjølvsikre og villige til å ta meir ansvar for å handtere afrikanske kriser.

- Dei som framleis baserer forholdet sitt til AU rundt kapasitetsbygging og utvikling må tilpasse seg det faktumet at alle forhold til AU i dag bør handle om ein strategisk partnarskap, seier Cedric de Coning.

Han påpeikar også at afrikanske fredsoperasjonar ikkje berre er regionale kopiar av fredstrygging i FN-regi.

- Dersom partnarar vil hjelpe til effektive afrikanske operasjonar av høg kvalitet, må dei forstå dei på deira eigne premissar og ikkje som kopiar av FN-operasjonar, siger han.

Annan type fredsbevaring

Fredsoperasjonar i AU-regi skil seg frå FN sine fredstryggjande operasjonar på fleire viktige område. For det fyrste er dei ikkje underlagt dei tre prinsippa i FN-fredsbevaring: Samtykke, obektivitet og minimal bruk av makt, ei heller FN-pakta sitt skilje mellom kapittel VI om fredeleg løysing av tvistar, og VII om bruk av makt for vern av seg sjølv og mandatet.

- Ein typisk fredstryggjande FN-operasjon har som oppgåve å implementere ein fredsavtale i kjølvatnet av ein konflikt. Til samanlikning har dei fleste afrikanske fredsoperasjonar handla om å avslutte pågåande konfliktar, noko som vanlegvis fordrar større grad av maktbruk, seier de Coning.

Kjensle av solidaritet

For det andre, forklarer han, er dei afrikanske fredsoperasjonane i mindre grad forbundet med ei kjensle av intervensjon frå utsida med mål om å sikre oppfølging av internasjonale standard, og i større grad ei kjensle av solidaritet og naboskap.

For det tredje har AU-operasjonane fått stønad frå FN, og i dei fleste tilfella har FN teke over oppdraget for å sikre varig internasjonal støtte til fredsprosessane.

- I denne konteksten har det danna seg ei arbeidsdeling kor AU har blitt ein spesialist på stabiliserande oppdrag, forklarer de Coning.

Vil du lese med om afrikanske fredsoperasjonar? Sjå dette omfattande intervjuet med Cedric de Coning i Peace Operations Review.

Utfordringar for fred

Debatten rundt fredsoperasjonar i dag dreiar seg om utfordringar som om fredsoperasjonar bør og kan brukast til å kjempe mot opprørs- og terroristgrupper med tanke på operasjonane sitt mandat og behovet for FN som upartisk meklar i konfliktar.

Samtidig har den arabiske våren skapa ei rekkje land som er øydelagt av konfliktar, og det er sannsynleg at framtidige fredsoperasjonar vil finne stad i farlegare område, som Libya, Syria og Jemen.

 - For å hanskast med desse problema nedsette FN sin generalsekretær eit uavhengig høynivåpanel om fredsoperasjonar. Dei leverte rapporten sin i juni i fjor, seier seniorforskar John Karlsrud ved NUPI

Mot reform

Parallelt har USA teke til orde for reform av fredsoperasjonar.

- Desse prosessane går i same retning. FN og regionale fredsoperasjonar må styrkjast for å vere relevante for utfordringane på bakken i dag, og fordelinga av byrde må bli større, i den tyding at vestlege land bør hjelpe meir, både med personell, utstyr og trening, seier Karlsrud.

Noreg og fredsbevaring

Noreg har lenge vore ein bidragsytar til FN og AU sine fredsoperasjonar. Noreg har hatt soldatar i FN sine fredsoperasjonar sidan fredsoperasjonen i Kongo på 1960-talet.

Sidan midten av 1990-talet har det direkte bidrag hovudsakleg vore til NATO, men Noreg har framleis å vere ein nær samarbeidspartnar med FN og AU med stønad til policyutvikling, doktrine og trening av soldatar, politi og sivile gjennom for eksempel Training for Peace.

 - Noreg si involvering er baserte på at vi har eit langsiktig engasjement for fred og tryggleik i FN, og ønskjer at AU skal styrkje evna seie til å ta hand om afrikanske tryggleiksutfordringar. Vårt vidare samarbeid med AU i Training for Peace-rammeverket vil fokusere på desse utfordringane og også sjå på førebygging, mekling og fredsbygging og korleis desse arbeidsområda kan knytast betre opp mot arbeidet med fredsoperasjonar, seier Karlsrud.

Publikasjoner

Prosjekter