Artikkel

Kvifor forhandle fred? Ein analyse av forhandlingsstart i den væpna konflikten i Colombia

Publisert: 4. okt. 2018
Sammendrag:

Konflikten i Colombia har i mange tiår vore tilsynelatande uløyseleg. Trass i mange fredsforsøk har den alltid blussa opp att. I denne artikkelen forsøker eg å forklare starten på forhandlingane i 2012 mellom den colombianske staten og FARC, den største geriljagruppa i landet. Drange hevdar den fundamentale forklaringa på at dei nådde forhandlingsbordet, ligg i den militære svekkinga av FARC på 2000-talet, som gjorde at geriljagruppa gradvis såg det naudsynt, for i det minste å nå nokre av måla sine, å slutte konflikten gjennom forhandlingar. Den nest viktigaste faktoren er endringa i leiarskapet i Colombia, der den nyvalde presidenten Juan Manuel Santos i 2010 såg ei politisk løysing som mogleg og meir attraktiv enn forgjengaren og tok pragmatiske grep for å skape ein levedyktig prosess. Også tredjepartar bidrog til sjølve gjennomføringa av ein trygg og hemmeleg prosess samt til tillit til prosessen. Forhandlingsstart i 2012 vert – ved bruk av structured focused comparison – samanlikna med fredsdialogen i Caguán (1999–2002) mellom dei same partane, der partane ikkje byrja forhandlingar. Case-studiar som denne kan hjelpe oss å forstå dynamikkar bak kvifor væpna aktørar vel ei politisk løysing på ein væpna konflikt. Forhandlingsstart, som Drange analyserer, må ikkje likestillast med fredsavtale eller slutten på konflikten, men kan gje oss viktige svar på kor væpna aktørar sin motivasjon til å forhandle kjem frå, og under kva tilhøve denne motivasjonen kan bringe partane til forhandlingsbordet.