Skoleoppgaver og undervisningsmateriell er flyttet til NUPI Skole

Hvor hender det?

NUPIs artikkelserie om internasjonal politikk
Teikning: politicalcartoons.com

Innrullert journalist med sin bildekanon. Kor viktige er media for moderne krigføring?

Massevilleiing? Eller masseøydeleggingsvåpen?

Publisert: 30. aug. 2004

Informasjonskrigen om Irak-krigen er enno ikkje over. «CIA tok feil, men Bush angrer ikke på krigen» er overskrifta på ein artikkel i Aftenposten den 11. juli 2004. Over eit år har gått sidan invasjonen av Irak gjekk over til okkupasjon. Ingen av dei påståtte masseøydeleggingsvåpna er funne.

Ein amerikansk rapport som legg eit tungt ansvar for feilinformasjon før og under Irakkrigen på etterretningsorganisasjonen CIA, er nettopp offentleggjort. CIA tok feil på nesten alle punkt når det gjaldt Irak, heiter det i rapporten. Men presidenten skal på ingen måte ha følt seg lurt av CIA til å gå til krig mot Irak utan grunn. Med Saddam borte er verda blitt betre, seier Bush. Han kjempar ein informasjonskrig i motvind. Soldatane som kjem heim i kiste, har skjerpa folkeopinionen.

No blir presidentens ordbruk stadig oftare utfordra. CIA-sjefen har gått av, offisielt av personlege grunnar, og i tide før den knusande rapporten. Leiande representantar i Kongressen seier at dei ikkje ville ha stemt for krig i 2003 om dei hadde visst det dei no veit. Kva har skjedd?

Forfattar: Sigrun Slapgard

2: Del av krigføringa

Til alle tider har ordbruk, propaganda og spreiing av falsk informasjon vore ein del av krigføring. Med Irak-krigen kom det ein del nyskapningar til den tradisjonelle mediesatsinga.Dei to mest synlege eksempla var

  • ordninga med å innrullere journalistar i dei framrykkande invasjonsstyrkane og
  • etableringa av det gigantiske mediesenteret i Qatar. Der arbeidde rundt 700 journalistar og rapporterte side om side med dei som fjernstyrte krigen frå sentralkommandoen.

Dei to nyskapningane handla i stor grad om å få media med på laget og å få spreidd informasjon i kontrollerte former. Generalane som orienterte utsendte journalistar i Qatar, snakka frå det dei kalla «sanningas plattform». Dei brukte ord som «koalisjonsstyrkar» for å kamuflere at FN og store delar av det internasjonale samfunnet ikkje støtta krigen, og dei kalla det «kollaterale øydeleggingar» (utilsikta, sivile drepte) når bombene trefte sivile mål.

Filmregissørar hadde hatt ansvaret for design og opplegg for mediestrategien.Og journalistane som rykka fram mot Bagdad i sandstorm, sto for topphistoriene i mange kanalar og aviser. Men dei mange påstandane om funn av masseøydeleggingsvåpen undervegs forsvann som sanden då vinden la seg og Bagdad var inntatt.

3: Regi for krig

I ettertid kan ein undre korvidt journalistane var med på å skape ei stemning for krig. Det er all grunn til å sjå nærare på den rolla media kom til å spele. På kva slags måte blei media brukt til å piske opp stemninga mot Saddam Hussein etter 11. september?

Sjølvransakinga er no i full gang både i USA og i Storbritannia. Politikarane ser ut til å ville legge mest skyld på etterretninga og på visse journalistar for feilinformasjonen. Men det enno usvarte spørsmålet er korvidt toppolitikarar bestilte eller  pressa fram den type etterretning dei ville ha. Rapporten som tar for seg spørsmålet om Det kvite hus brukte eller misbrukte CIA for å skaffe ryggdekning for krig, vil knapt komme før etter det amerikanske presidentvalet til hausten. Og kor ofte brukte dei  politiske toppane villige journalistar til å plante historier?

Som kjent finst det alltid journalistar som ikkje let seg be to gonger for å få ei topphistorie, og etter 11. september var stemninga særleg patriotisk blant amerikanske journalistar. Det kan sjå ut som om mange gløymde å kryssjekke kjeldene sine og blei heller ukritiske til sin eigen ordbruk.

Krigens regi starta lenge før Irak-krigen var offisielt vedtatt, og media var heilt avgjørande i det regisserte opplegget. Og til forskjell frå Irak-krigen 1990–91 var det ikkje først og fremst PR-byrå som gjorde bestillingsoppdrag for Pentagon denne gongen, men filmfolk som fekk i oppdrag å stå for regien. Kanskje var det også filmfolk som såg at ønsket om action ville vere bra å mette og derfor gjekk inn for at journalistar skulle vere «embedded» (innrullerte)?

Mange tv-stasjonar valde action framfor å analysere. Det er to slåande trekk ved oppspelet til denne siste Irak-krigen: Aldri hadde media på førehand hatt eit meir sjølvkritisk og drøftande blikk på seg sjølve og eiga rolle – og likevel har media aldri vore så utsette for manipulering og regi.

4: Angrande aviser

For avisa New York Times gjekk det så vidt at dei i ettertid har brukt mye tid på sjølvkritisk gransking. Avisa gjorde seg skyldig i å bringe vidare såkalla våpenbevis som både president George W. Bush og statsminister Tony Blair brukte i argumentasjonen for krig mot Irak, men som altså har vist seg å vere oppspinn. Eit av mange eksempel er den anerkjente journalisten Judith Millers oppslag om visse aluminiumsrør som Saddam Hussein skulle ha skaffa seg for å produsere atomvåpen. FNs atomenergibyrå kjente til desse røra, som faktisk var bestilt over internett, og hadde utelukka at dei kunne brukast til atomvåpenproduksjon.

New York Times slo opp historia som om den skulle ha vore bestilt av president Bush – samme dag som han saman med statsminister Blair varsla at dei ville ta seg av trusselen Irak «like avmålt og fornuftig som i Afghanistan og tidlegare i Kosovo». Seinare har også ei anna leiande amerikansk avis, Washington Post, øvd sjølvkritikk og beklaga ei mangelfull og lite balansert dekning av oppløpet til Irakkrigen.

Statsminister Tony Blair følgde opp seinare den samme månaden (24. september 2002) da han la fram ein stor rapport som tilsynelatande dokumenterte omfanget av Saddam Husseins ulovlege våpenarsenal. Han fekk skryt av president Bush for det britiske etterretningsarbeidet som låg bak, og fleire av «faktaopplysningane» blei gjentatt av Bush, blant anna da han kort tid før invasjonen heldt si «State of the Union»-tale. Det gjaldt for eksempel påstanden om at Saddam Hussein hadde kjøpt uran frå eit afrikansk land (Niger) med tanke på atomvåpenproduksjon. 

Historia var då for lengst sjekka ut som innhaldslaus av ein utsendt tenestemann i det amerikanske utanriksdepartementet. Igjen handla det om oppspinn. Men slikt oppspinn overlevde imponerande lenge, både i pressa og i gjentatte taler. Overskrifter som «Irak har snart atombombe», «Fryktar bioterror» og «Selde uran til Irak» sette sitt preg på folk i media. Journalistar gjekk på spesialkurs for å kunne takle alt det skumle som Saddam Hussein skulle ha på lager. At det kom for ein dag i tolvte time at Blairs omfattande «dokumentasjon» var delvis direkte avskrift av ei ti år gammal engelsk hovudfagsoppgåve, kunne heller ikkje endre inntrykket som var skapt: Journalistane forventa at Saddam Hussein hadde mye på lager.

5: Planta «fakta»

Men kven var eigentleg kjeldene for all denne informasjonen? Eit eksempel: Til NRKs utanriksredaksjon kom det tilbod om eit eksklusivt og sendeklart intervju med ein irakisk avhoppar. Mannen var ingen kven som helst: Ingeniør Adnan al-Haideri blei presentert som ein nøkkelperson i oppbygginga av Iraks biokjemiske våpenindustri. I opptaket som var gjort med ingeniøren, sat han og teikna skisser over dei underjordiske anlegga i Bagdad. Andre dokument som han hevda å ha smugla ut, såg overbevisande ut.

Men då redaksjonen ville sjekke historia, kom det for ein dag at al-Haideri var utilgjengeleg og i dekning med CIA-vern og at han var medlem av eksilorganisasjonen INC. Det blei derfor vurdert som for tvilsamt kjeldegrunnlag og intervjuet blei returnert. I New York Times fekk den same mannen eit godt oppslag. Det er interessant å vite at ei hovudkjelde for journalisten Miller ofte var leiaren av den samme eksilorganisasjonen, Ahmed Chalabi (no i unåde både hos amerikanarane og det nye styret i Irak).

Teikning: politicalcartoons.com

Dei nye heltane – mediefolka. Er det bare heltemodig innsats mediefolk kan vise til før og under Irak-krigen?

«Vi gir dykk fakta med grunnlag i påliteleg etterretning,» sa utanriksminister Colin Powell i sitt store multimedieshow i FN (februar 2003). No tyder alt på at det var ingen av delane. Var det kanskje slik at han ønskte å vere – for å seie det pent – litt unøyaktig med fakta? Var det kanskje så viktig å bli kvitt Saddam Hussein at løgnene kan forsvarast som ein del av ein rettferdig krig mot ein vond mann? Viss motiva er gode nok, bør journalistar då stille seg til disposisjon for ei god sak? Vi veit jo at krigføring kan kreve visse løgner som kan forsvarast etisk sett – for eksempel for å unngå å røpe posisjonar. Men kan ein lyge om sjølve grunnlaget for å gå til krig? Kva slags signal er det i så fall til det landet og dei innbyggarane som skal demokratiserast?

Kelly-saka (britisk vitskapsmann og våpeninspektør som tok sitt liv) er eit tragisk utslag av den beinharde informasjonskrigen. At journalisten bak oppslaget med Kelly fekk hovudskylda for tvilsam kjeldebehandling og regjeringa så å seie gjekk skyldfri for dei store løgnene, var ein siger for Tony Blair i første omgang. Men kan Blair kjenne seg skyldfri? Blair skreiv i forordet til rapporten som seinare blei kjent under namnet «The dirty dossier» at han ikkje var i tvil om at Saddam Hussein hadde masseøydeleggingsvåpen, og at trusselen var seriøs og overhengande. 

dag har pipa ei anna låt: «Vi vil kanskje aldri finne dei,» sa Blair i juli 2004. Spørsmålet om Blair misbrukte etterretningsinformasjon i sin iver etter å gå til krig, har i skrivande stund enno ikkje fått eit klart svar. Men den seriøse våpeninspektøren David Kelly kunne openbart ikkje leve med løgnene. Av vitneprova i granskinga som følgde, veit vi no at Kelly truddeSaddam Hussein responderte på hardt press og meinte at avvæpning av Irak var mulig.

6: Forvrengt informasjon

Det ser ut til at Kelly hadde rett. I den siste tida har fleire leiande menn komme med angrande ord om rolla si i forkant av Irakkrigen. Ein av dei meir kjente heiter Kenneth Pollack, ein sentral premissleverandør for USAs haldning til Irak både under Clinton og Bush. Boka hans «The threatening storm» som kom før Irak-krigen, forklarer kvifor USA måtte invadere Irak for å bli kvitt trusselen frå Saddam Hussein og våpna hans.

No har Pollack endt opp med å seie omtrent det same som FNs sjefsinspektør Hans Blix har sagt – at Saddam etter 1995 la om heile sin våpenpolitikk til å ha forsvinnande lite igjen på lager. Og Pollack går lenger: Han seier at Bush-administrasjonen hadde uforsvarleg hastverk med å gå til krig. Pollack meiner no at etterretninga blei forvrengt  og at eit alt for dramatisk bilde blei teikna av trusselen Saddam Hussein.

Eit forteikna trusselbilde krev sitt. Det gjorde det også undervegs i krigen. Då den arabiske tv-kanalen Al-Jazeera viste uønskte videoopptak av tilfangetatte amerikanske soldatar, opplevde dei først å få fjernsynskabelen kutta av midt i ei sending frå  «sanningas plattform» i Qatar. Dernest blei den engelskspråklege nettstaden til kanalen hacka under mottoet «Let freedom ring». Men når det gjaldt nærbilde av irakiske krigsfangar, la vestlege tv-stasjonar knapt band på seg. Og mens vestlege media i stor grad viste ein nokså «pen» krig med ei overvekt av bilde av utanlandske soldatar som hjelpte skadde osv., viste arabiske kanalar oftare dei sivile ofra og skadane krigen medførte. Den arabiske forteljinga om krigen var i det heile tatt nokså ulik den i vestlege media.

Ein kan undre om det berre var redsel som fekk visse amerikanske tv-reporterar til å rapportere med gassmaske på, sjølv om alarmen for angrep for lengst var skrudd av. Då den forvrengde heltehistoria om redninga av den skadde og tilfangetatte amerikanske soldaten Jessica Lynch kom, tok det tid før vi fekk heile sanninga om dei arrangerte og sterkt heroiserande bilda.

I mellomtida hadde historia gått sin sigersgang og stimulert den amerikanske patriotismen på eit tidspunkt då framrykkinga stanga mot tung sandstorm og uventa sterk irakisk motstand. I ei tid med 24-timers fjernsynsdekning og stadig fleire direktesende rapportar, kan forvridde historier vandre både langt og lenge – og i verste fall knapt bli dementerte (avsanna).Slik var det også med bilda som angiveleg skulle vise farlege gifttønner og som viste seg å innehalde plantevernmiddel.

7: Avslørande bilde

At (uønskte) bilde kan vere dynamitt, er dei krigførande partane pinleg klar over. I tilfellet Jessica blei det gjort eit forsøk på å skape ei heltehistorie, i tilfellet Abu Ghraib (fengsel for krigsfangar, Bagdad) utløyste bilda storm. Rapporten som skildra overgrepa, vekte liten oppsikt før bilda blei publiserte. No har Abu Ghraib fått si plass i historia som eit skammens namn. Bilda minner oss om ein urovekkande parallell mellom terror og motterror. Og igjen: Kva slags signal er dette til det nye Irak som skal
byggast?

For tida ser vi eit pussig fenomen: Filmregissøren Michael Moore gjør suksess med filmen «Fahrenheit 9/11». Moore er som kjent ikkje av dei mest saklege og langar ut etter president Bush med store svingslag. Kvifor har han slik gjennomslagskraft no? Kan det vere fordi dei meir saklege i media ikkje har gjort ein skarp nok jobb? Var det mange i media som spurte president Bush kvifor ein ikkje skulle ta Saudi-Arabia etter 11. september? (Eit fleirtal av flyterroristane var jo saudiarabiske.) Men dei fleste journalistar såg villig til den kanten Bush peika og var ivrig med på demoniseringa av Saddam Hussein. Påstanden om ein link mellom regimet i Irak og terrororganisasjonen Al-Qaida blei ståande nokså uimotsagt.

Etter Irak-krigen ser vi alle ut til å leve i ei farlegare tid. Spania har fått sitt 11. mars (terrorangrep i Madrid) og vi har hatt nye terrorhandlingar i Saudi-Arabia. Irak er dagleg prega av ein uryddig valdssituasjon som ser ut til å lokke til seg meir terror heller enn å avskrekke terroristane. Invasjonen av Irak har ikkje akkurat fjerna den globale terrortrusselen – sjølv om dei aller fleste vil seie seg glade for at Saddam Hussein er bak lås og slå.

Irak-krigen var eit stort anlagt skodespel med media i ei hovudrolle, men først no er vi i ferd med å oppdage kor stort narrespelet eigentleg var – i kor stor grad «fakta» var konstruerte. Det oppsto ein absurd situasjon – der Saddam Hussein fekk ein slags omvendt  og umulig bevisbyrde: Han skulle bevise at han ikkje hadde dei våpna som han sjølv sa han ikkje hadde, men som vi andre trudde han hadde.

Då det amerikanske lesarombodet nyleg gjekk igjennom Irak-dekninga, kom rapporten hans ut under ein knusande tittel: «Masseøydeleggingsvåpen? Eller massevilleiing?» Viss det er slik som det blir hevda – at retorikken til Bush blei smurt tynt ut over hol og sjølvmotseiingar – ja, så var det jammen mange i pressa som fekk det til å henge utruleg godt saman, mellom dei Judith Miller i New York Times. Var det kanskje slik at medieindustrien ville ha krigen? Det er den beste marknadsføringa du kan ha, ingenting er som ein krig for ein vellykka tvstasjon! Kva ville CNN ha vore utan den førre Golf-krigen? Kva ville somme tv-stjerner ha vore utan bomber som fell i nærleiken?

8: Permanent unntakstilstand?

«Er det i det hele tatt mulig å okkupere terrorister?» er Morten Strøksnes’ utfordrande spørsmål i eit essay i den nyleg utgitte boka Krig, rett og retorikk. Han skriv om Israel og det han kallar for statsterror. Strøksnes argumenterer for at det er nettopp den israelske statsterroren som har skapt presedens (inngrep eller avgjerd som fører til liknande inngrep eller avgjerder ved seinare og liknande høve) for den politikken som er i ferd med å bli innført globalt – og heller ikkje invasjonen av Irak har stilt svolten etter unntakstilstand. Strøksnes’ essay er ein knyttneve mot unntakstilstandens tvangstankegang – ein tilstand som fører til ny terror og der kjeldekritikken alltid er eit offer.

Som eg sit og skriv, kjem meldinga om utvida fullmakter til å innføre unntakstilstand i Irak. Eg har peika på journalistens ansvar. Kunne vi kanskje også vore mindre ivrige på krigens premissar? Har vi eit ansvar for å avverge krig? Nyleg møtte eg Hans Blix. Han var på eit tidspunkt informasjonskrigens tapar. Som Saddam Hussein hadde også han fått sin del av den omvendte bevisbyrda: Han måtte finne bevisa på at det som var påstått øydelagt, faktisk var øydelagt. Men korleis bevise at det som er borte, er borte? Blix garderte seg alltid i svara sine før krigen, han sto fast på kravet om at meir tid til inspeksjon var nødvendig for å vere sikker. Det fekk han ikkje. Men heller ikkje dei innrykkande amerikanske spesialteama fann noe som helst. No står Blix der like rakrygga, men utan å hovere, og lar seg intervjue.

Kva slags tankar har han gjort seg i ettertid? «I ei tid med stadige medieutspel frå uansvarlege statsleiarar, treng vi fagfolk meir enn noen gong, folk som veit kva dei snakkar om,» svarte Blix. Med desse orda og med tanke på media og toppolitikarar kan
det synest som om Blix tok siste stikk.