Skoleoppgaver og undervisningsmateriell er flyttet til NUPI Skole

Hvor hender det?

NUPIs artikkelserie om internasjonal politikk

Barnesoldatar

Publisert: 10. jan. 2010

«Barnesoldat»: Ordet får ein til å sjå for seg ein ung afrikansk gut med ein Kalasjnikov som spreier død og øydelegging. Men er dette eit riktig bilde om vi tar ein kikk på fakta? Er det berre i Afrika vi finn barnesoldatar, eller finst dei i væpna konfliktar på andre kontinent òg? Og er alle desse barna eigentleg ville drapsmaskinar?

Denne artikkelen vil prøve å svare på spørsmåla over og rydde opp i vanlege misforståingar om problemet. Den vil klargjøre fenomenet barnesoldatar og liknande problem, men også sjå på tiltak som er blitt sette i verk for å gi desse barna ei betre framtid.

2: Kva er ein barnesoldat?

For å definere kva ein barnesoldat er, må vi først vite kva eit barn er. Her råkar vi på det første problemet: Definisjonen på barndom er kulturelt betinga og varierer frå samfunn til samfunn. Dei fleste utvikla land ser ein person under 18 som eit barn. I mange utviklingsland, derimot, blir ikkje ein person lenger sett på som eit barn om han eller ho utfører vaksenarbeid eller har vore igjennom eit manndomsritual eller tilsvarande for jenter når dei blir innlemma i kvinnenes verd.

Dette viser korleis kulturelle fenomen, tradisjonar og sosiale roller i utviklingsland fører til at barn blir betrakta som vaksne når dei kjem i 14–15-årsalderen. Med andre ord kan ein 15-åring som blir med i ei væpna gruppe, bli oppfatta som ein ung vaksen i sitt eige samfunn. I utvikla land vil han derimot bli sett som barnesoldat.

Ein barnesoldat blir ofte oppfatta som eit valdeleg medlem av ein organisasjon som tar aktivt del i ein væpna konflikt. Omgrepet refererer imidlertid ikkje berre til uniformerte som ber våpen, men også til folk med høgst ulike roller i væpna grupper. Eksempel på slike kan vere barn som blir henta inn som kokkar, ledsagarar, berarar, barnevakter, sexslavar, livvakter, spionar, minesøkarar og arbeidarar. Barn blir sette til slike oppgåver i eit breitt spekter av væpna grupper – frå opprørarar til regjeringsstyrkar. Når slike kjensgjerningar blir tekne omsyn til, får vi eit meir dekkande bilde av kva ein barnesoldat er.

UNICEF (FNs barnefond) seier det slik: «ein barnesoldat er eit barn – gut eller jente – under 18 år som med tvang, makt eller frivillig er blitt rekruttert eller brukt i kamp av væpna styrkar, halvmilitære, sivile forsvarsstyrkar eller andre slike grupper. Barnesoldatar blir tvungne til å yte seksuelle tenester, til å ta del i væpna strid og å tene som budbringarar, berarar og kokkar. Dei fleste er ungdommar, men mange er ikkje meir enn ti år gamle eller til og med yngre. Flesteparten er gutar, men ein betydeleg del av dei er jenter.»

Fortida sit igjen i minnet til ein barnesoldat.

3: Kor omfattande er problemet?

I seinare år har stadig fleire barnesoldatar blitt involverte i krigføring. Dette skuldast til dels at konfliktar har skifta karakter – mellom anna er dei irregulære innslaga blitt fleire (ikkje-statlege smågrupper dels med kriminelle aktivitetar) . Ein blomstrande illegal handel med lette handvåpen har gjort at barn kan fungere som effektive stridande. Dessutan har tilgangen på lette våpen – som er enkle å halde ved like og bruke – bidratt til at barnesoldatane er blitt meir valdelege og destruktive.

Kombinasjonen fattigdom, diskriminering og sårbarheit gjør barn til eit lett bytte for væpna grupper på jakt etter nye rekruttar. Ikkje uventa skaper dette ein ond sirkel av utryggheit og vald som forlengar lidingane og hindrar gjenoppbygging etter konflikt. Ved å bruke barn som krigarar får dei væpna gruppene mangedobla den militære slagkrafta si. Bruken av barnesoldatar gjør også at opprørsgrupper kan vekse seg større og få dekka sitt stadige behov for styrkeoppbygging.

Dette inneber at opprørsgrupper raskt kan komme over eit relativt svakt utgangspunkt ved hjelp av barnesoldatar. Ein annan grunn til at slike grupper siktar seg inn på barn, er at det ikkje krevst så store investeringar for å rekruttere, trene og væpne dei. Ei tredje årsak til at barn i stadig større omfang blir utsette for dette, er den svært så profitable handvåpenindustrien og våpna deira som har gjort det mulig å gjøre barn til effektive krigarar.

Eit eksempel på ei opprørsgruppe som fekk mangedobla slagstyrken sin på denne måten, er Herrens motstandshær (Lord's Resistance Army – LRA) i Nord-Uganda. Denne hæren begynte i det små med ei kjernegruppe på rundt 200 medlemmer, men blei raskt ein hær på 14 000 soldatar så snart dei hadde sett i verk rekruttering av barnesoldatar.

Eksistensen av barnesoldatar blir sett på som motbydeleg. Det utfordrar våre mest grunnleggande førestillingar om det å vere menneske, om barn og om godt og vondt. Folk flest meiner at barn ikkje har noe i væpna grupper å gjøre, og at dei har krav på at dei vaksne og samfunnet vernar dei. Dette synet er knesett i lovgiving over heile verda og er nedskrive i internasjonale konvensjonar (avtaler).

Dei foreinte nasjonar (FN) har for eksempel vedtatt at ingen under 18 år skal kunne delta i krig, og forbyr like eins all rekruttering til væpna grupper utanfor statens kontroll. Sjølv om desse prinsippa er alminneleg anerkjente, blir dei brotne dagleg i den verkelege verda. Barnesoldatar har vore involverte i krigar over heile verda, og både regjeringsstyrkar og opprørsgrupper har gjort seg bruk av dei for å auke slagkrafta si. Og til tross for den utbreidde oppfatninga om at barnesoldatar er eit typisk afrikansk fenomen, har barn tatt del i minst 27 konfliktar i både Afrika, Amerika, Asia, Europa og i Midtausten i løpet av dei siste ti åra.

Dette illustrerer klart den globale utbreiinga av problemet. Fenomenet barnesoldatar har for øvrig heller ikkje oppstått i kjølvatnet av globaliseringa; det er like gammalt som menneskeætta sjølv, men pågår altså den dag i dag. FN reknar med at kring 250 000 barnesoldatar deltar i konfliktar over heile verda i dag. Rundt 40 prosent av dei er jenter. Men noe heilt eksakt tal finst ikkje; talet varierer i takt med at konfliktar blussar opp eller ebbar ut.

Ei rapportforside

4: Barnesoldatar: offer eller gjerningsmenn?

I det internasjonale samfunnet blir barnesoldatar gjerne framstilte som offer for vaksne som utnyttar barn. Det er imidlertid ei einsidig framstilling av problemet. Barn blir da framstilte som meir barnlege enn dei eigentleg er. Det er derfor viktig å vite at barn også er aktørar med ei sterk kjensle av å ha makt og handlekraft,  som av og til faktisk også tar leiinga i politiske handlingar og i sosiale samanhengar. Dette tyder på at noen barn vel å gå frivillig med i ei væpna gruppe.

Dermed blir det feil å sjå desse som berre offer. Slik blir det ein klar skilnad mellom barnesoldatar som er blitt trua av vaksne og tvungne til å bli soldatar, og barnesoldatar som har gått frivillig med i ei væpna gruppe og som ser bruk av vald som ein måte å oppnå respekt, sosial rettferd eller politiske og økonomiske fordelar. Tanken om at barnesoldatar anten er kjenslemessig øydelagde offer eller rovdyraktige mordarar er overforenkla og ikkje holdbar.

Land med barnesoldatar 2004-2007

5: Korleis blir barnesoldatar rekrutterte?

Barn blir ofte med i væpna grupper etter ein nøye planlagd prosess, som kan inkludere bruk av vald. Bortføring er éin måte å trekke barn med i væpna grupper på. Barn er små og lèt seg lett skremme. Derfor er det lettare å tvinge dei enn vaksne med i væpna grupper. I tillegg kjem at barn gjerne rører seg i ei lita verd og dermed blir meir utsette og lettare å få tak i.

Barn blir ofte tvungne med frå stader der mange barn er samla: skolar, heimar for foreldrelause, flyktningleirar, idrettsplassar eller kyrkjer. Der blir barna gjerne observerte etter storleik og fysisk kondisjon. Barn som «slepp igjennom» blir så bortførte, valdtekne og slegne. Innimellom blir slektningar drepne for å skremme barna. Barn som nektar, blir ofte trua med å bli drepne av dei som rekrutterar. Dei har dermed ikkje noe anna val enn å bli med i gruppa av opprørarar.

Barn frå fattige familiar er meir utsette enn andre barn for å bli tvungne med i opprørsgrupper. Den tunge børa av fattigdom og sosial utestenging gjør dei særleg utsette for å bli bytte for væpna grupper. Andre gonger krev gruppene at ein landsby skal avgi ei bestemt mengd – ein slags kvote. Då kan eitkvart barn bli tvunge til å bli med opprørarane. Om landsbyen ikkje kan frambringe denne mengda rekruttar, blir innbyggarane trua med at heile landsbyen vil bli herja. I slike tilfelle har ikkje foreldra noe val; dei må levere frå seg barna til rebellane for å unngå at død og øydelegging råkar heile landsbyen.

Mange barn blir tvungne med i væpna opprørsgrupper. Men forsking syner at mange av barnesoldatane sjølve har tatt eit eller anna initiativ til si eiga rekruttering. Det er ofte ein kombinasjon av mange motivasjonsfaktorar som påverkar barn til å bli med i opprørsgrupper når dei ikkje blir pressa til det. Å bli med i ei slik gruppe kan gi desse barna muligheiter dei elles aldri ville fått – utdanning, makt, pengar, ei form for samkjensle, trening eller ei kjensle av å delta i noe viktig.

Barn er ikkje soldatar.

6: Utsiktene til å få løyst problemet

Det ligg mange alvorlege hindringar i vegen for ei løysing på problemet med barnesoldatar. Desse barna har ein umåteleg stor innverknad på pågåande konfliktar. Deltakinga deira har langvarige verknader for fred, tryggleik og utvikling i heile regionar og samfunn. Etter at kampane har stilna av i eitt land, kryssar barnesoldatar ofte grensa for å slåss som leigesoldatar i andre konfliktar. Barn som har vakse opp med å slåss som einaste måte å overleve og få mat på, vil ofte halde fram med å slåss lenger enn vaksne. Det betyr at barnesoldatar kan true freden og øydelegge samfunn. I samband med fredsbygging er det derfor viktig å gripe tak i dette problemet.

Mange internasjonale avtaler og konvensjonar er blitt inngåtte for å kunne løyse problemet med barnesoldatar. Desse avtalene stadfester barns medfødde rettar samstundes som dei skal trygge regional fred. Avtalene omhandlar bruk av barnesoldatar i valdelege konfliktar og avvæpning, demobilisering og tilbakeføring av barn til eit sivilt liv. Barnesoldatar utgjør ein stor del av mange væpna grupper. Det er derfor særs viktig at dei blir trekte med i konfliktløysing. Elles kan dei komme til å setje fredsinitiativ på spel og kan hende øydelegge dei.

I mange lokalsamfunn blir barnesoldatar inkluderte i konfliktløysing ved at dei blir tekne imot i forsoningsritualar. I slike seremoniar prøver landsbyfolka å reinse barnesoldatane for det dei har opplevd av krig, død og kjensler av skuld og synd. Dessutan prøver ein på samme tid å fjerne hemnande krefter blant dei ein barnesoldat kan ha drepe. Desse tradisjonelle opplegga for forsoning har vist seg å vere viktige for å bringe tidlegare barnesoldatar tilbake til det sivile livet og for ei varig løysing på konfliktar.

I andre tilfelle blir barnesoldatar trekte med i eigne program for reintegrering. Internasjonale organisasjonar − mellom dei Redd Barna og War Child − har etablert slike program for at tidlegare barnesoldatar skal ha ei viss velferd å vende tilbake til og for at dei skal kunne bygge opp att eit godt forhold til lokalsamfunnet dei vender heim til. Å hente inn ein tapt barndom er ei av dei største utfordringane både for tidlegare barnesoldatar og for dei som skal hjelpe dei.

Det er viktig å ta tak i dei mange behova barnesoldatane har − fysiske, psykiske, sosiale og økonomiske − slik at desse blir ein del av reintegreringa under arbeidet med konfliktløysing. Å unnlate det vil gjøre det mye vanskelegare for heile samfunnet å vende tilbake til eit normalt liv. Barnesoldatar kan ikkje berre halde fram med det livet dei levde, når dei har vendt tilbake.

Livet som barnesoldatar tvingar dei til tallause grusomme ugjerningar, ofte grove valdshandlingar på eigne landsbysamfunn. For igjen å kunne bli del av desse samfunna må forholdet bli bygd opp på nytt. Både tradisjonelle forsoningsritual og internasjonale reintegreringsprogram prøver kvar på sitt vis å ordne opp i problemet med barnesoldatar og tilby desse barna ei betre framtid.