Skoleoppgaver og undervisningsmateriell er flyttet til NUPI Skole

Hvor hender det?

NUPIs artikkelserie om internasjonal politikk

Jemen – eit stammesamfunn med problem

Publisert: 21. mars 2010

Jemen er heimsøkt av i hovudsak tre større konfliktar. Ein mellom regjeringa og sjiamuslimske opprørarar i nord, ein annan mellom regjeringa og ei veksande rørsle av misnøgde jemenittar i sør. Den tredje viktige konflikten er mellom regjeringa og den nye, lokale al-Qaida-organisasjonen al-Qaida på den arabiske halvøya.

Desse tre konfliktane blir gjort meir eksplosive av stammemotsetnader, lett tilgang på våpen, store flyktningstraumar og rivalisering mellom nabolanda til Jemen. Regjeringa blir mindre og mindre i stand til å møte utfordringane aleine. Statsinntektene skrumpar inn – blant anna på grunn av minkande oljeproduksjon. Sterkt og tiltakande befolkningspress og reduserte grunnvassreservar gjør ikkje situasjonen enklare.

2: Bakgrunnen

Jemen er ein union av den tidlegare britiske kolonien i Sør-Jemen og Nord-Jemen, som iallfall i namnet var del av det ottomanske imperiet fram til 1918.

Nord-Jemen: Sjølv om Nord-Jemen offisielt var ein del av imperiet før 1918, kontrollerte det såkalla sjiittiske imamatet – eit religiøst basert stammemonarki – store delar av dette området. Imamane var alle medlemmar av den sjiamuslimske retninga av islam. Sjiaane trur at arvtakarar etter Muhammed må vere i slekt med profeten. I 1962 blei den siste imamen forsøkt styrta i ein blodig borgarkrig. Borgarkrigen blei av samtida sett på som eit oppgjør mellom

  • konservative krefter rundt imamen, som blei støtta av Saudi-Arabia, og
  • marxistar og nasseristar (dei panarabiske tilhengarar til den egyptiske presidenten Nasser) støtta av Egypt, som også sette inn store militærstyrkar i kampane, utan større hell.

Krigen var på mange måtar ein del av ein større kald krig i Midtausten, der dei konservative amerikanskstøtta monarkia, mellom dei Saudi-Arabia og Iran, prøvde å demme opp for det aukande nærværet til Egypt.

I 1970 trekte saudiane støtta til den siste imamen, og støttespelarane hans var tvungne til å inngå eit forlik. Dei ga opp å gjeninnføre imamatet, men fekk viktige politiske posisjonar.

Sør-Jemen: I den britiske kolonien i sør raste det ein geriljakrig mellom britane og marxistiske og nasseristiske opprørarar. I 1967 trekte britane seg ut og overlét makta til den marxistiske rørsla Den nasjonale frigjøringsfronten (NLF). Sør-Jemen blei erklært oppretta i 1970, og bare eitt parti, Det jemenittiske sosialistpartiet (YSP), blei tillate. Sør-Jemen blei eit av dei mest radikale marxistiske regima i Midtausten og Sovjetunionens forlenga arm. Nord-Jemen var meir konservativt og islamistisk. I begge statane var stammane politisk viktige, i noen område hadde dei òg all makt.

Forholdet mellom Nord- og Sør-Jemen var problemfylt og prega av sporadisk bruk av vald. Ofte brukte Nord-Jemen radikale islamistar, som ofte såg på marxistar som fråfalne muslimar, som stormtroppar mot sør. Nord-Jemen støtta radikale grupper, også dei som ville slåst mot Sovjetunionen i Afghanistan.

Fleire gonger blei det forsøkt å slå sammen nord og sør. Den 22. mai 1990, blei Nord- og Sør-Jemen sameint, og presidenten for Nord-Jemen (sidan 1978), Ali Abdullah Saleh, blei den første presidenten i den nye republikken. Han er framleis president i Jemen. Presidenten i Sør- Jemen blei statsminister, men blei seinare styrta. Samarbeidsproblema var store, og fleire leiarar frå sør erklærte Sør-Jemen sjølvstendig i 1994. Dette resulterte i ein ny borgarkrig, der opprørarane som ønska eigen stat i sør, lei nederlag.

Politikk i Jemen

Politisk var Jemen lenge prega av borgarkrigen i 1994. Det jemenittiske sosialistpartiet, det gamle statsberande partiet i sør, blei kraftig svekka etter nederlaget i 1994. Men det heldt fram å stille til val. Eit anna stort parti, reformrørsla (Islah) sprang ut av Jemens muslimske brorskap, i allianse med leiarane for den store Hashid-stammen. Partiet blei brukt av Saleh i borgarkrigen og fekk som motyting posisjonar høgt oppe i statsadministrasjonen. Salehs parti, folkekongressen (GPC), brukte statskassa til å premiere tilhengarane sine. Den fordelen mangla dei andre partia.

GPC har dominert dei fleste vala fram til i dag. Men frå 2001 fann opposisjonspartia, både Islah og sosialistpartiet, saman i «det sameinte møtepartiet» (JMP), trass i særs ulik ideologi. Samlinga var ein protest mot GPCs misbruk av ressursar og valfusk. GPC brukte også radikale islamistar mot mange av fiendane sine. Jemens første radikale islamist-organisasjonar, Aden Abayan-armeen og Den islamske fronten, blei i periodar støtta av regimet, sjølv om dei hadde kontaktar med al-Qaida. Dei deltok i borgarkrigen i 1994 og blei sette inn mot sjiaopprøret (sjå avsnittet under houtistane seinare i teksten) i nord. Ideologien deira, som ligg nær saudiarabisk salafisme, godtar ikkje sjiaer og ateistar.

Jemen med naboland

3: Al-Qaida i Jemen

Jemenittar har hatt kontakt med al-Qaida sidan byrjinga av 1990-talet. Samarbeidet skaut fart da Aden Abayan-armeen vende seg til leiinga for al-Qaida i 1998 og foreslo å angripe amerikanske marinefarty. Dei to organisasjonane samarbeidde truleg om desse angrepa. I år 2000 forsøkte dei å senke den amerikanske fregatten USS Cole. I 2002 blei også oljetankaren Limburg angripe.

USA reagerte på angrepa ved å utsette regjeringa i Jemen for eit kraftig press. I 2002 blei den daverande leiaren for al-Qaida i Jemen drepen av eit fjernstyrt og førarlaust amerikansk fly, ein såkalla drone. Jemen gjennomførte eit amnestiprogram, samtidig som amerikanarane og jemenittane forsøkte å nedkjempe al-Qaida. Desse strategiane var relativt vellykka. Leiarane i organisasjonen blei anten arresterte eller måtte sverge at dei skulle gi opp kampen.

Mange trudde at al-Qaida var ferdige i Jemen. Men i 2006 rømde 23 radikale jihadistar (militante islamistar) frå eit fengsel i hovudstaden Sanaa. Noen av desse, mellom dei seinare leiar Nasir Abdul-Karim al-Wuhayshi «Abu Basir» og taktisk sjef Qasim al-Raymi «Hurayrah al-San‘ani» blei nøkkelpersonar i det jemenittiske al-Qaida. Dei tilhørte ein ny generasjon islamistar. Al-Wuhayshi hadde for eksempel liten erfaring frå Jemen, men hadde vore aktiv i Pakistan og Afghanistan.

Al-Qaida blei gjenoppbygd og meir og meir aktiv. Medlemmer frå Jemen var også aktive i Somalia. Sjølvmordsbombarar blei nytta, noe som var nytt for Jemen. Fleire og fleire saudiarabarar gjekk med i organisasjonen, kanskje på grunn av at det saudiske al-Qaida hadde store problem med å overleve. I januar 2009 slo al-Qaida i Jemen seg sammen med al-Qaida i Saudi-Arabia. Samme året auka organisasjonen sine internasjonale angrep. Ein sjølvmordsbombar angreip ein saudisk prins, men mislykkast. I desember 2009 prøvde så ein nigerianar å sprenge seg sjølv om bord på eit amerikansk rutefly; han hadde blitt trent i Jemen.

Al-Qaida i Jemen er under sterkt press. Organisasjonen er liten, kanskje ikkje på meir enn 300 mann. Den har allierte i fleire jemenittiske stammar og kan skjule seg mellom dei. Den har også erklært sin støtte til dei andre opprørarane i Jemen – den såkalla sørlege rørsla og houtiopprørane i nord. Mens det kan vere noe samarbeid med rørsla i sør, er houtistane så ideologisk forskjellige frå al-Qaida at eit samarbeid er lite truleg.

Jemen - ein treningsleir for al-Qaida?

4: Den sørlege rørsla

Den sørlege rørsla er ikkje direkte ei opprørsrørsle, men snarare ei folkeleg protestrørsle mot regimet. Den har sitt utspring blant tidlegare offiserar busette i sør, også offiserar som hadde slåst for nord i borgarkrigen i 1994. Sørrørsla var i hovudsak basert på sivil ulydnad og spontane angrep mot regjeringsstyrkane og bare laust organisert. Dei siste to åra er konflikten blitt trappa opp, og jemenittiske styrkar har ofte skote mot demonstrantar.

 Det har òg vore mange episodar der regjeringsstyrkar og politi er blitt angripne. Sommaren 2009 blei ei koordineringsgruppe organisert, den såkalla «sørlege kongressen for fredeleg frigjøring». Ali Salem al-Bidhi, den tidlegare presidenten i Sør-Jemen, er blitt ein symbolsk leiar for rørsla. Det er også blitt meir klart at målet er ein eigen stat. Fleire stader i Sør-Jemen nyttar folk no det tidlegare sørjemenittiske flagget i demonstrasjonar.

5: Houtistane

Det verkar kan hende uforståeleg at den starkaste opp-rørsgruppa i Jemen kjem frå den same religiøse gruppa (sjiamuslimar) som presidenten i landet, Saleh. Men motsetnadene som skapte opprøret, har til dels historiske røter og går tilbake til imamatets fall i 1962. Imamane var direkte etterkommarar av profeten Muhammed, såkalla hashemittar. President Saleh er ikkje ein slik etterkommar. Mange konservative medlemmar av sjiaeliten såg med ublide auge på «denne mangelen».

Samtidig mislikte dei den aukande saudiske (sunnimuslimar) innflytinga og tiltakande misjonsverksemda frå den saudisk inspirerte salafistiske retninga av islam. Også al-Qaida baserer seg på denne retninga, som hevdar å vende tilbake til ein opphavleg variant av islam. Samtidig betraktar dei mange andre variantar av islam, blant dei sjiaislam, som avgudsdyrking og syndig. Dette er ein av grunnane til at det er vanskelig å sjå for seg ein allianse mellom al-Qaida og houtistane.

Ei av hovudårsakene til at opprøret oppsto, var nettopp som ein motreaksjon mot al-Qaida-liknande tankar. Men houtistane var også imot den amerikanske intervensjonen i Irak og Afghanistan, og ville ha ei tøffare jemenittisk haldning overfor Israel. Opprøret starta som ei protestrørsle leia av Hussein al-Houthi, ein tidlegare parlamentsmedlem. Etter å ha komme med verbale angrep på president Saleh, blei han ettersøkt av politiet. Houtistane blei organiserte militært av Hussein i 2004 etter at dei rømde opp i fjella i Nord-Jemen.

Opprøret mot Saleh-regimet har komme i bølgjer der periodar med strid er blitt etterfølgde av periodar med fred, og deretter ny strid. Heile seks rundar – den siste avslutta i februar 2010 – er blitt utkjempa. I denne perioden har kampane spreidd seg ut av Sadah-provinsen, og begge sider har rekruttert lokale stammar på si side. At krigen har utvikla seg i retning av stammekrig, vanskeleggjør mekling. Dei involverte stammane kjem ofte i konflikt på grunn av strid om land og andre ressursar, og dreg med seg både houtistar og regjeringssoldatar i lokale konfliktar.

6: Houtistane over grensa til Saudi-Arabia

Islamistar finst i mange land

Den siste runden med strid tok til den 11. august 2009, da regjeringa sette i verk operasjon «Brent jord» mot houtistane. Men houtistane var vanskelege å overvinne. I november 2009 tok dei kontroll over Jabal al-Dukhan, eit fjellområde i Saudi-Arabia, etter at forholdet mellom dei og Saudi-Arabia hadde blitt meir spent. Saudi-Arabia begynte å nedkjempe houtistane, samtidig som regjeringssoldatar pressa opprørarane tilbake. USA og Vesten såg på kampane som ei avleiing frå sin hovudagenda, nemleg kampen mot al-Qaida. Dei pressa derfor på for å få slutt på kampane.
 
 I februar 2010 lanserte president Saleh ein fredsavtale i fem punkt – mellom anna fangeutveksling, houtistane måtte rømme fjellfestningar, garanti for fri ferdsel på vegane og erobra våpen skulle leverast tilbake. Våpenkvila har heldt fram til no, men det har vore sporadiske trefningar mellom stammar allierte med dei to sidene. Dei 250 000 som har blitt flyktningar etter konflikten, er fortsatt i flyktningleirar, og den menneskelege lidinga er stor.

7: Den regionale samanhengen

Det som hender i Jemen er påverka av fleire konfliktar i og med landa rundt:

  •  Konflikten og rivaliseringa mellom Saudi-Arabia (i hovudsak sunnimuslimsk) og Iran (stort sett sjiamuslimsk). Saudi-Arabia ser på Iran med mistru sidan Iran har vist interesse for å støtte sjiaar politisk og militært – Saudi-Arabia opplever indre strid med sine eigne sjiaer og ser med uro på Irans regionale maktstrev. Landet ønsker ikkje at iranskstøtta sjiaar skal få fotfeste i Jemen og har derfor støtta Jemen i kampen mot houtistane.
  •  Striden mellom Eritrea og Jemen, som har sitt utgangspunkt i trefningar over Hanish-øyene i 1996. Siden 1996 har det vore mindre, årlege konfliktar mellom dei som følge av strid om fiskeressursane i Raudehavet. Jemen har skulda Eritrea for å støtte opprørsgrupper i Jemen, mens Eritreas nye vennskap med Iran gjør Jemen uroleg. Samtidig har dei to landa støtta ulike sider i Somalia. Jemen har støtta overgangsregjeringa, mens Eritrea har støtta islamistiske opprørsgrupper som den radikale al-Shebab, som også har eit nært forhold til al-Qaida i Jemen. Nesten 150 000 flyktningar frå Afrikas horn i Jemen – dei fleste somaliarar – kompliserer også forholdet til landa i regionen.
  •  Konflikten mellom USA og al-Qaida, der al-Qaidas jemenittiske allierte i aukande grad har nytta Jemen som treningsområde. I 2009 drap ein amerikansk oberst (Hasan) 13 amerikanske soldatar på ein base i Texas. Hasan synest å ha vore inspirert av den islamistiske jemenittiske sjeiken Anwar al-Awlaki. Hendinga sjokkerte også amerikanarane, som forsøker vekselvis å støtte og presse Jemen til fleire tiltak mot al-Qaida.

Jemen med naboland

8: Indre, strukturelle problem

Jemen strir med fleire alvorlege strukturelle problem: oljeinntektene minkar, demografisk opplever landet ein sterk auke i folketalet, grunnvatnet forsvinn, fattigdomen er omfattande, opposisjonsgruppene mange og korrup-sjonen utstrakt. Men sjølv om utfordringane er store, har Jemen mektige allierte i Saudi-Arabia og USA, som ikkje kan tillate eit statssamanbrot på den arabiske halvøya.

Det å kjøpe tilhengarar med posisjonar og pengegåver har vore ein strategi for presidenten. Synkande oljeinntekter bidreg til at det ikkje lenger er så enkelt for Saleh å kjøpe seg støtte frå stammar og andre grupper. Fattigdomen blir meir synleg av at nabolanda Saudi-Arabia og Oman er så mye rikare. Pressesensur og synkande levestandard har gjort regimet meir upopulært. Samtidig er det viktig at delar av det jemenittiske samfunnet – mange av stammane – har hatt liten reell tilknyting til staten anna enn gjennom pengeoverføringar. Dette forsterkar den negative verknaden av dei skrumpande inntektene.

Liten bistand utanfrå (jf. skepsis som følge av den omfattande korrupsjonen) og redusert matvareproduksjon (mindre regn) gjør også livet hardare for den vanlege jemenitt. Eit lyspunkt kan vere at Saudi-Arabia ser ut til å støtte Jemen i aukande grad.

Jemen sett frå lufta